|
|
Dagens HIL-stjerne: Geir Sigurd Vatnamo
.jpg-for-web-normal.jpg)
Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Geir Sigurd Vatnamo! Som vanleg kan ein vell tilføye! Nok ein gong var han sterkt delaktig til at det ikkje vart fleire baklengs! |
Hyen fekk ei litt dårleg oppladning til kampen då 3 av spelarane som var tatt ut til kampen måtte melde forfall. Både Jens Robert Hope, Geir Kjetil Aa Hope og Øyvind Magnus Solheim stod over kampen. Dette skulle også få konsekvensar i kampen. Solheim er Hyens faste keeper, og når han er ute må Roger Nordal ikkje heilt fornøgd stå i buret. Dette er sjølvsagt ikkje ideelt då dette også betyr at Hyen misser offensiv slagkraft. Jens Robert Hope som skaut Breim i senk i forrige kamp ville heller skyte hjort den her kvelden....
Som ofte før fekk Hyen eit trøkk mot seg frå første spark. Vikane pressa på og bortelagets spelarar slurva gong på gong. Dette er rett og slett ikkje godt nok når det skjer sopass ofte, og her må ein nok ta tak i kampførebuingane. At oppmøte er 1 time før kamp er noko alle veit, men noko svært få utfører i praksis. Dette er for dårlig!

Vikane sitt heftige press skulle også betale seg. 15 minutt ut i kampen fekk ein Vikane spelar heada ballen i mål etter rot inne i boksen etter ein corner. Heimelaget fortsette presset etter dette, og Hyen rota vekk mange overgangar etter dårleg pasningspel.

Til tross for at det var Vikane som var best så kom Hyen meir inn i kampen etterkvert. Heldigvis skulle dette også resultere i utlikning for bortelaget. Etter at ei Vikane klarering small i nasa til Anders Klungra datt ballen ned på 5 meter og her stod Åsmund Ommedal klar og fekk knalla ballen i nettet. Klungre fekk også etterkvert orden på nasa.

2. omgang vart betre frå Hyen si side og ballinnehavet vart meir jamnt fordelt og til tider var også Hyen det beste laget. Men Vikane var best i denne kampen og i det 66. minutt skulle dei også score målet som skulle avgjere kampen. Eit skudd vart fyrt av litt ute på sida, og det såg ut som Roger Nordal i Hyen målet hadde kontroll, men ballen gjekk rett i nettet. Dårlige lysforhold må nok ta litt av skylda her, og det er klart ein kan stille spørsmålsteikn ved at kampstart går 18:30 når Vikane ikkje har flomlys på si bane.

Kampen fortsatte i samme spor også mot slutten, og etterkvert ebba det ut i ein fortent Vikane siger. Var langt frå noko god kamp, noko som også var tilfelle då disse laga spelte i Hyen. For Hyen sin del var ikkje dette tapet så veldig farlig. Heimekampar mot Jølster2 og Eikefjord2 ventar, og med siger i disse er ein likevell på god veg mot opprykk. Neste kamp er altså mot Jølster2 allerede fredag 14. september, og dette er nok den viktigaste kampen for Hyen på lang tid. Ellers tar vi sjansen på å gratulere Vikane med opprykket!

Kampfakta:
6. divisjon avd. 3 Runde 12
2-1 (1- 1) 
Mål:
1-0 15. min Vikane
1-1 36. min Åsmund Ommedal
2-1 66. min Vikane
Arena: Innvik Stadion Tilskodarar: 25 Kampstart: tirsdag 11. september 2007, kl. 18:30
Dommar : Muhamet Barlla (Heia) Gule kort : Marius Hallem. 3 til Vikane
: Geir Sigurd Vatnamo : Åsmund Ommedal : Øyvind Larsen |