|
Etter at Hyen gjekk sigrade ut av lokaloppgjeret mot Breim forrige fredag lever for alvor opprykksdraumen for dei trauste hyarane. Kampen mot Breim var på ingen måte det beste ein har prestert i år, men når Breim ikkje hadde meir å by på, var det heller ikkje meir så skulle til for å sende dei tilbake til meiribygda med 0-3 i sekken.
Heime statistikken til Hyen brukar å være god, men i år er den fullstendig upåklagelig. Til no har ein tatt 12 av 12 poeng, og målforskjellen viser 12-2. Borte er Hyen ofte eit anna lag. I år er fasiten der 6 av 12 poeng, noko som er på linje med det som har vært tilfelle tidligare år. Begge kampane som er vunne er spelt på kunstgras medan begge tapa har kome på grasbaner. Kvifor det er slik er det vell ikkje noko eksakt grunn for, men at underlaget ofte blir uvant kan nok være ein av hovedgrunnane. Underlaget gjer ofte at kampane blir veldig forskjellige. På grusbana i Hyen er det stort sett duellar og lange ballar det går i, medan det på kunstgras blir meir fin fotball med pasningar og meir kontroll over spelet.
Noko eksakt fasit for korleis kampar på gras utartar seg har vi ikkje noko godt svar, men realiteten er at dette er eit underlag som tappar meir på kreftene, og at Hyen sjeldan gjer det veldig bra på dette underlaget.
Kampen i Innvik går på gras, og dette blir ei utfording for Hyen. Når det med stor sannsynligvis og blir vått gras og (i kjent Innvik stadion stil) kanskje litt høgt gras, ja då blir det mange omstillingar å ta for Hyen spelarane. Men dei fleste spelarane har etterkvert spelt mange kampar på gras, og dersom det skulle bli 5. divisjon i 2008, så er dette kun ein forsmak på kva som ventar. Så dette må ein etterkvert klare om ein vil eller ikkje.

Vikane skremte dei fleste laga før sesongen då rykta spredde seg om at stryningane hadde henta mange spelarar frå det nedlagte Loen laget. Sesong innleiinga var også imponerande. På dei 4 første kampane vart det full pott og tabelltopp, men så reiste dei til Hyen og då vart det stopp. På dei neste 4 kampane tok dei kun magre et fattig poeng. Men etter ein dårleg periode kom Vikane seg, og no står dei med 3 strake sigrar. Eit skikkelig jojo lag med andre ord. Men kva skuldast eigentleg at Vikane er så ustabile??
I forrige kamp, som var borte mot Anga presterte dei å reise til Førde med kun 9 spelarar. Til tross for dette kom dei seg gjennom kampen med ein imponerande 3- siger. Dette vitnar om at moralen hos enkelte av spelarane som er i troppen til Vikane ikkje er heilt god, men samtidig er nok fotballferdighetane til enkelte også veldig høg.
Kampen mellom disse laga i Hyen vart veldig jamn. At Vikane var eit godt lag var ikkje vanskeleg å sjå, men Hyen fekk den avgjerande scoringa og tok med seg dei 3 poenga. Meir om den kampen les du her.
Hyen er som kjent kun 4 poeng bak Vikane. Grunnen til at dette er kun er at Hyen har 8 kampar spelt medan Vikane har 11. Dette er altså Vikane sin siste kamp for sesongen. I realiteten betyr Hyen siger i denne kampen at opprykket er sikkra dersom ein tar ein ny siger iløpet av dei neste kampane. For Vikane sin del vil 3 poeng etter all sansynlighet bety opprykk for dei. Så dette blir atlså ein meget spennande kamp.
Når det gjeld laget til Hyen så manglar Ola Alexander Lilloe-Olsen, men Ola Henning Ommedal er tilbake. Ellers så er dei samme som var med mot Breim sist på plass. Er likevell 4 forandringar på laget. Coachen har tatt ut følgjande lag:
Lagoppstilling (4-5-1): Øyvind Magnus Solheim; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Geir Sigurd Vatnamo; Jens Robert Hope, Marius Hallem, Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Andreas Morken Kvalheim; Karl Erik Utheim.
Benken: Roger Nordal, Karl Erik Holme, Anders Klungre, Håkon Solheim og (Geir Kjetil Aa Hope).
Dommar i kampen er Heia spissen Mohamet Barlla.
Satsar på liveoppdatering av kampen her på hyenfotball.com. Kampstart er 18:30.
Går to andre kampar i avdeling 3 tirsdag 11. september: Førde4 - Eikefjord2 Jølster2 - Anga
Blir spennande å sjå om Jølster2 klare å henge med i opprykksjaget. |