hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Vikane - Hyen    2-1  (1-1)

Innvik Stadion, tirsdag 11. september 2007 kl 18:30
12. serierunde i 6. divisjon avd. 3

For å få oppdatert det som skjer trykk på oppdateringsknappen (Ctrl+R).


Mål:

1 - 0   15. min   Vikane
1 - 1   36. min   Åsmund Ommedal
2 - 1   66. min   Vikane


0. min       Vi skal prøve på ei lita live-oppdatering her i dag! Vår mann i Innvik er ein av reservane, so ber om forståelse for variert og sannsynligvis itt ustabil oppdatering. Måla skal vi no i alle fall få med oss! Kampstart er 18:30.

0. min        Laget til Hyen kan du sjå under. Kjem tilbake med meir når det nærmar seg kampstart! For meir om kampen sjå prematch!  

0. min   Dagens dommar er Mohamet Barlla frå Heia.

1. min   Kampen er i gang. 2 forandringar på Hyens lag. Blant anna fordi det var enkelte som heller ville på hjortejakt!

2. min  Ikkje skjedd noko spesielt i starten.

8. min  Vikane pressar på og er litt skumle!

15. min   1-0 til Vikane............! Rot foran mål etter corner, som enda opp med ei heading over Hyen sin keeper!

17. min  Vikane har vært klart best, og har mellom anna itilegg til målet hatt skudd i stolpen!

19. min  Hyen med sin første sjanse for dagen. Karl Erik Utheim fekk ei fin pasning, men skuddet vart blokkert.

23. min  Kampen fortsette slik den starta. Vikane pressar Hyen bakpå, og bortelaget slurvar i pasningspelet. Har riktignok komt seg litt dei siste minutta...

26. min   Bytte for Hyen: Ola Henning Ommedal ut Håkon Solheim inn. Ommedal slite med stiv rygg. Solheim går ut på venstervacken og Geir Sigurd Vatnamo flytta inn som midtstopper.

30. min  Er eit tydeleg bilde i denne kampen. Vikane kontrollerer medan Hyen tydeligvis ikkje har dagen. Tilreisande Breimningar likar ikkje det dei ser då dette betyr at dei må slå Jølster2 for å vinne pulja...

32. min  For Hyen sin del vil dette resultatet bety at ein er nødt å vinne dei 3 siste kampane dersom det skal bli pulje siger!

36. min  1-1! Nok ein gong blei det mål etter mykje rot foran mål. Anders Klungre fekk ballen i nasa og vart liggande, men Åsmund Ommedal dukka opp og klinka ballen i nettet frå 5 meter!!!!

38. min  Klungre fekk seg ein smell i samband med målet og måtter derfor bytte med Karl Erik Holme!

39. min Dette betyr at Hyen ikkje har fleire friske innbyttarar igjen foran 2. omgang. Får håpe Klungre får på plass nasa og er klar for meir spel. Erfaringsmessig viser det seg at det å få bytta litt i 2. omgang er veldig viktig!

39. min Dette betyr at Hyen ikkje har fleire friske innbyttarar igjen foran 2. omgang. Får håpe Klungre får på plass nasa og er klar for meir spel. Erfaringsmessig viser det seg at det å få bytta litt i 2. omgang er veldig viktig!

45+1. min  Pause. Hyen skal være godt fornøgd med 1-1 etter første omgang. Men no har en sjansen til å skjerpe seg å gjere ein betre 2. omgang.

46. min  Bytte for Hyen: Anders Klungre inn, Anders Ommedal ut. Klungre kom seg heldigvis og spelar no høgreback.

49. min  Corner for Vikane. Hyen får klarert!

50. min  Kunne blitt ein kjemspansje til Vikane. Men avblåst for offside.

52. min   Kampen har jevna seg ut etter Hyens utligning. 2. omgang blir spennande...

60. min  Ganske likt når det gjelde ballinnehav, men for øyeblikket er det Hyen som er best!

64. min   Dersom Vikane ikkje vinn denne kampen er Breim klare for 5. divisjon så sant 3 lag frå avdeling 3 rykker opp!

66. min  2-1 til Vikane... Keeper feilberekna litt i skyminga, og Vikane gjekk opp i ledelsen..

76. min   Kjempe sjanse til Vikane!

78. min     Ingen stor kamp av Hyen dette. Forsåvidt ikkje av Vikane heller. Veldig mykje spark og spring, og lite konstruktivt!

80. min   Breimningane på tribuna heiar på Hyen, men det hjelpe skremmande lite. 10 min å gjere det på no!

90. min 2-1 til Vikane SLUTT


 

LAGA:
Vikane Hyen
(4-4-2): (4-5-1):
Roger Nordal - Anders Ommedal, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Geir Sigurd Vatnamo - Anders Klungre, Åsmund Ommedal, Hans Otto Holme, Marius Hallem, Andreas Kvalheim Morken - Karl Erik Utheim.

På benken

På benken
Karl Erik Holme og Håkon Solheim.
 
 
Slik gjekk det sist: 15. august 2006: Vikane - Hyen 2-3

         Live malen er henta frå www.fjora.no/flash

 


Neste kamp:
11. september 18:30
Vikane - Hyen


Siste kamp:
7. september 18:30
Hyen - Breim 3-0