I bortekampen mot Vik fekk Hyen ein heller dårlig start på kampen, der Vik scora på sine fire første sjansar. Dermed leda Vik heile 4-0 før det var gått ein halvtime. Slurv i det defensive arbeidet var årsaka til måla. Sjølv om 4-0 høyrest mykje ut, så vart ikje Hyen rundspillt. Vi skapte ein del gode sjansar og vi burde fått godkjent eit mål, men dommaren stod dårleg plassert slik at han ikkje såg at ballen var ein halvmeter over mållinja. Til dinna kampen hadde vi bare med oss ein innbyttar, og då Øyvind Magnus byttast ut på grunn av skade, så førte det til omrokkeringar på laget. I løpet av kampen brukte vi faktisk tre keepera. No må vi bare sjå frammover til neste kamp den 14 mai, då skal vi slå Oppstryn på heimebane.
Kampfakta: 1-0
2-0
3-0
4-0
Hyen stilte med følgande mannskap:
Øyvind Magnus, Jens Robert, Kjartan, Øyvind, Stig Rune, Åsmund, Jon Bjarne, Geir Kjetil, Roger, Tore Christian, Lars, Steffen,