|
At spelarar kjem og går innan for fotballverda er ein kjent sak, Hyen kan vell neppe kallast å være ein av dei klubbane som er mest aktiv på dette området, men det skjer likevell ting også i eit lite 6. divisjonslag. Øyvind Magnus Solheim, som dei siste åra har vært Hyens sikre siste skanse har fått jobb på Møre og flyttar ditt noko som innebære at hans Hyen karriere får ei foreløpig pause. Noko foreløpig ny klubb er det ukjent om Solheim er i kontakt med, men ein sopass solid keeper kan jo ikkje gå uten hanskar i fotballsesongen!

Marius Hallem har i mange år blitt sett på som eit av bygdas store talent og no har han fått nye utfordringar då han har signert for STIL. Eit naturleg valg kan vell det kallast og ein må vell berre innrømme at dei sportslege utfordringane er større hos STIL i 4. divisjon enn kva dei vil være med Hyen i 6. divisjon.
.jpg)
Begge desse spelarane er heilt klart eit stort tap for Hyen både på og utanfor bana, og det blir vanskeleg å erstatte dei to. Begge leverte ein god sesong for Hyen i 2007 og vil garantert bli sakna i sesongen som kjem. Hyenfotball.com ønskjer begge lykke til vidare og håpar at ein kanskje på eit seinare vil sjå begge to i den blå drakta.
Når nokon forsvinn ut av laget er det naturleg at andre kjem til. Dette er heldigvis også tilfelle i Hyen. Under haustsesongen blei Håkon Solheim
klar for Hyen, og han leverte absolutt sine saker i debut sesongen. To nye unge spelarar er også klare for Hyen. Både Ørjan Gjesdal og Marius Hallem vender tilbake til moderklubben etter nåkre år med aldersbestemt fotball for Eikefjord. Gjesdal er i likheit med Håkon Solheim 91 årgang og vil nok bli mest å sjå som ein offensiv spelar for Hyen. Even Hallem er 92 årgang og kan brukast mange plassar. I Eikefjord har han blitt brukt som keeper og har gjort sine saker so bra der at han er blitt belønna med sonelagsspel. Derfor er det naturleg at han overtar keeperplassen etter sambygdingen Øyvind Magnus Solheim.
Uansett blir det spennande med to nye spelarar og desse vil utvilsomt styrke laget. Vi ønskjer dei velkomen og lykke til!
Når det gjeld resten av spelarstallen så vil det nok bli fleire forandringar. Håpet er at ein kan få nokre spelarar til å signere, men slik det ser ut no vil ein nok måte innsjå at også nokre spelarar til ikkje blir med vidare. |