|
Dagens HIL-stjerne: Ørjan Gjesdal
 Foto: hyenfotball.com Nok ein gong går 3 stjerner til ein av Hyens nye spelarar i år. Gjesdal var ein av svært få som prøvde og klarte å holde ballen nede og soleis få til noko spel. Viste i tilegg god teknikk og fint blikk for spelet. |
Hyen fekk ein god start før kampen då både Even Arne Hallem og Ola Alexander Lilloe-Olsen likevel var klare til kamp. Dette betydde at laget hadde med 4 reservar noko som var rekord i år, og ei klar forbetring i forhold til kampen i Florø då ein hadde berre ein mann på benken!
Hyen opna kampen med stort press, og etter berre 7 sekund spelt kunne bortelaget fort tatt leiinga. Tambar hadde avspark der dei sendte ballen bak til ein midtstoppar. Men eit litt sløvt mottak av han gjorde at ein hyar fekk snappa ballen, og kome seg inn i Tambar sin 16-meter. Dessverre klarte Tambarforsvararane å presse sopass hardt at det aldri vart noko avslutning på mål. Hyen fortsette å presse heimelaget i starten av kampen, og etter 13 minutt fekk hyarane ballen i nota! Eit fint framspel frå Håkon Solheim enda hos Roger Nordal som tok med seg ballen og sette den fint forbi keeper til stor jubel frå medspelarane, men jubelen kjølna fort då den "nissen av ein dommar" klarte å annullere målet for offside! Nordal stod 2 meter i onside og det var aldri i nærheten av offside. Klart det kan være vanskelig for ein dommar å sjå slikt når han står 40 meter loddrett bak situasjonen. Men han kan i beste fall vore usikker på situasjonen og då skal det som kjent blåsast i favør angripande lag. Men nok om det.
Hyen fortsette å styre kampen, men til tross for dette fekk ein aldri til noko særleg spel eller gode angrep. Det vanlege situasjonen i omgangen var at Hyen fekk ballen i forsvar og vart litt for redde med å slå pasningar noko som resulterte i det ein kan kalle klareringar opp mot midten. Her vart hyemidtbana sterkt pressa av heimelaget si, og enda gong på gong med at dei klarerte ballen ned igjen til Hyen forsvaret. Med andre ord ikkje akkurat festfotball!

Håkon Solheim fekk som så mange andre solheimarar før han gult kort i denne kampen,
og er vel kun Håkon sjølv som ikkje var enig i det!:P
foto: haugenfotball.no
Tambar var likevel det giftigaste laget utover i omgangen, og i motsetning til Hyen så klarte dei å komme til sjansar. Derfor var det nok også fortent at heimelaget tok leiinga i kampen då dei vann ein duell og spissen Tore Klopstad fekk avslutta med eit bra skot som resulterte i 1-0! Etter dette tok Tambarskjelvar meir over. Likevel kom 2-0 målet som følgje av eit Hyen angrep. Eit hyefrispark frå sida blei klarert til ein Tambarspelar som fekk ta med seg ballen og komme 3 mot 3. Litt misforståelsa i forsvaret førte til at 2 Hyen-spelarar rykka ut og prøvde seg på ei offside felle, medan ein vart hengande igjen. Det førte til at heimelagets Torgeir Herstad kom igjennom og satte inn 2-0 bak ein sjanselaus Hyen-keeper.

2-0 målet gjorde naturlegvis til at frykta for nok eit bortetap spreidde seg blant hyarane, men spelarne har god moral og ingen som ville gje opp enda! Dette førte til at Hyen no tok litt meir over intiativet i kampen, og ein kom også etterkvert til eit par giftige avslutningar. Tambar sitt forsvar stod relativt høgt i bana noko som gjor at muligheitene til å utnytte bakrom var relativt store. Det var også slik reduseringa skulle komme. Ballen vart slått inn bak Tambar forsvaret til ein Karl Erik Utheim på eit fint løp. Utheim fekk kontroll på ballen, tok den med seg inn mot keeper og dunka ballen iskaldt i nettet. Ein god prestasjon av Utheim! Resten av omgangen vart gjennomført utan at det heilt store og laga gjekk til pause på stillinga 2-1.

Heimelaget hadde ein fin medvind i første omgang, og dette var nok også mykje av grunnen til at der va dei som hadde fått dei største sjansane. Vinden snudde ikkje i pausen og soleis var det eit optimistik Hyen-lag som entra bana i 2. omgang!
Med medvind i ryggen blei det ein mykje betre omgang av Hyen! Etter berre nokre minutt ut i kampen kom den første store hyesjansen ved Karl Erik Utheim etter ein corner. Bortelaget fortsette å presse Tambar bakover og det store bakrommet Tambar hadde i første omgang var no nesten redusert til 16-meteren. Virka neste som lufta hadde gått litt ut av heimelaget, og blant anna kom Hyen seg no mykje lettare gjennom midtbana enn kva ein hadde gjort i første omgang. Spelande Hyen-trenar Åsmund Ommedal som hadde hatt ein litt nølande første omgang tok no verkeleg tak og saman med Ørjan Gjesdal sentralt på midten skapte dei fleire sjansar. Men Tambar sin keeper var veldig solid og det var ikkje lett å få ballen bak han. Derfor kom ikkje utlikninga til Hyen før det var spelt 74 minutt. Hyen fekk frispark nokre meter inn på Tambar sin halvdel. Anders Ommedal slo ballen litt kort, men etter ein duell omtrent på 16-meteren gjekk ballen mot heimelaget sitt mål, og her dukka den målfarlege spissen Roger Nordal opp og fekk ei tå på ballen og 2-2!

No var Hyen i støtet og etter dette var det nesten heilt utruleg at bortelaget ikkje gjekk opp i leiinga. Største sjansen var det nok Andreas K. Morken som hadde då han lobba ballen over mål frå kun 4 meter! Han hadde nok ikkje klart dette igjen om han hadde prøvd, så neste gong får vi tru at han får sitt fortente mål! Men var ikkje berre Hyen som kom til kjempe sjansar. Ein Tambar spelar klarte blant anna å bomme på ope mål frå 3 meter og litt skrå vinkel! Men Hyen var det klart beste laget i 2. omgang og laget burde nok har scora minst 2 mål til! Men fotball er ikkje alltid rettferdig og det var Tambar som skulle gå opp i 3-2 etter nok ei scoring av Tore Klopstad frå omlag 18 meter. Etter dette fekk ikkje Hyen satt inn den sluttspurten ein skulle vente, og Tambar sine tekniske angrepspelarar fekk holde mykje på ballen og Hyen kom ikkje til dei store sjansane på slutten, og dermed enda kampen med 3-2 siger til Tambarksjelvar!

Til tross for eit nytt bortetap så var ikkje dette noko nedtur for Hyen. Laget var best, hadde ballen mest og i 2. omgang fekk ein også spelt seg til ei rekke store sjansar. Hadde dommaren ikkje gjort giganttabben sin i første omgang var det også Hyen som hadde leia 1-0, og då hadde nok kampen blitt annleis. Men vi skal ikkje skylde for mykje på dommaren at det vart tap, den jobben lar oss Lillestrøm ta seg av! I første omgang skapte Hyen alt for lite og soleis kan ein sei at det også då er fortent å få eit par i sekken feil veg! 2. omgang kom seg, og med litt betre effektivitet hadde det også blitt fleire mål. Det positive er heilt klart at ein har mykje å gå på samstundes som ein er betre enn Tambar i denne kampen. Underleg nok såg det også ut som hyarane var betre treent og orka meir utover i omgangen til tross for at laget knapt har, og har hatt treningar! Å dele ut stjerner i dag var svært vanskeleg. Dei fleste var eigentleg jamt gode i dag og både begge spissane og midtstopparane hadde nok også fortent ei stjerne!

Tambar var eit lag som overraska både litt positivt og negativt. Vi trudde at laget stort sett var jamt besett, men det viste seg fort at laget hadde eit par soleklare matcvinnarar heilt bak, og heilt framme. Laget står med full pott, men poenga er alle tatt heime, og ein ny siger ventar nok neste veke då dei spelar ny heimekamp mot Ahil2. Men etter dette ventar det 5 strake bortekampar og då blir det spennande å sjå om laget har noko å fare med også borte!
Neste kamp for Hyen er tirsdag 27. mai og då er det ny bortekamp mot dei nest beste stilpusane på graset på Søreide. Og då er det jaggu på tide at Hyen tar ein bortesiger/siger på gras!