hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Tabelltips 4. divisjon

Fotballsesongen i Sogn og Fjordane blir sparka i gong denne helga, og først ut er som vanleg 3. og 4. divisjon. Vi har tatt sjansen på å tippe sluttabellen i dei to divisjonane, og kjem her med vårt forslag for 4. divisjon samt ein kort gjennomgang av laga på tabellen. Blir det nedrykk på Sandane??

Publisert 11. april 2008.


Til tross for at 4. divisjon blei opna med Saga sin 4-1 siger over Syril i går så tar vi likevel sjansen på å publisere dette tipset, sesongen blir vell uansett ikkje avgjort etter 1. serierunde. Vi trur at divisjonen i år kjem til å bli tredelt. 4 lag i toppen, 5 lag på midten og 3 bunnlag. Vi skal på ingen måte skryte på oss noko spesiell kunnskap om spelarstallen til dei ulike laga, og det einaste som vell er heilt sikkert er vell at tabellen til slutt ikkje vil sjå nøyaktig ut slik vi tippar den! Vi trur at Sandane og Eikefjord kjem til å skuffe stort i år, medan Saga blir den positive overraskinga.

4. divisjon 2008 

1

 Saga

2

 Jølster

3

 Førde2

4

 Dale

5

 Vik

6

 Hornindal

7

 Askvoll/Holmedal

8

 Lærdal

9

 Årdal2

10

 Eikefjord

11

 Syril

12

 Sandane

 1. plass: Saga
Saga måtte før 2005 sesongen trekke laget sitt frå 3. divisjon. Dei stilte same år lag i 6. divisjon og vann si avdeling, men rykte ikkje opp pga. karantene. 2006 og 2007 vart det direkte opprykk og vi trur jaggu meg at laget tar sitt 3. opprykk på 3 år! Klubben blir vell sett på som eit lag for avdanka førdespelarar, men er ikkje berre gamlekarar på dette laget. Dei har også til dømes fått enkelte yngre spelarar som ikkje har slått heilt til i Førde. Vi trur dette blir er ein fin mix og i 2009 er dei tilbake i 3. divisjon! Saga tjuvstarta sesongen før vi fekk lagt ut det her tipset med 4-1 siger borte mot Syril.

 2. plass: Jølster
Jølster var veldig nær eit opprykk til Firdaligaen i 2007. Laget fekk same poengsum som Selje og Skavøypoll, men var fattige 3 mål frå opprykket! I år satsar dei grøne og har forsterka laget ytterligare frå i fjor. Til tross for litt varierande resultat i vinter meinar vi at Jølster skal ha gode sjansar på opprykk i år, men det blir nok veldig jamnt mellom dei 4 første laga! Jølster er nok eit av dei laga som vil kunne takle overgongen til Firdaligaen best. Dette pga. at laget har gode forbindelsar til Sogndal og at 3. divisjon truleg vil medføre at dei får tilbake ein del ex jølstringar som held høgt nivå.

 3. plass: Førde2
Ettersom vi trur på ein jubelsesong for Førde sitt a-lag er det naturleg at 2. laget også vil gjere ein god sesong. Dei som ikkje får spele i Firdaligaen vil nok gje alt når dei får sjansen med Førde2 til å bevise at dei er gode nok for nettopp det. Men som alle 2. lag vil dei nok likevel variere ein del i prestasjonane og vi tippar at laget vil tape poeng mot dei beste og då blir det 3. og ikkje 1. plass.

 4. plass: Dale
Dale er ein klubb med tradisjonar, og bør vell strengt talt være i den øvste divisjonen! I fjor vart det nedrykk og sidan det har dei mista ein del sentrale spelarar. Vi trur at dei kjem litt bak dei beste, men langt bak blir det neppe, og Dale er heilt klart ein av årets opprykkskandidatar!


foto: haugenfotball.no 

 5. plass: Vik
I Vik kan dei meir enn å lage ost som smaka "noko spesielt". Etter å lenge ha vore eit 3. divisjonslag hamna dei i 5. divisjon i 2005. Men dei er godt i gong på vegen tilbake og som nyopprykka lag i fjor kom dei på en overraskande bra 5. plass, berre 6 poeng bak opprykkslaga. Dei har levert bra resultat i treningskampane og vi trur dei tar nok eit steg vidare i årets sesong. 

 6. plass: Hornindal
Hornindal er etter vår meining ein aldri så liten vinnar på årets "transfer marked"! Klubben har fått på plass nokre tidlegare strynespelarar som garantert vil heve laget. Laget kjem til å ta veldig mange poeng på heimebane i år, og vi blir ikkje overraska om dei tar like mange poeng heime som topplaga. I fjor kom laget på 7. plass og sjølv om det i år er 2 lag meir i avdeling trur vi hønndølingane tar eit steg opp frå i fjor og tar ein fin 6. plass!

 7. plass: Askvoll/Holmedal
Ahil fekk berre 9 poeng i fjor og tok ein soleklar siste plass i divisjonen. Pga. omlegginga av 5. divisjon var det ingen lag som skulle ned til 5. divisjon og dermed berga Ahil plassen utan å fortene den! Ein skal nok ikkje så vekk i frå at litt manglande motivasjon er ein del av grunnen til at det vart slik. I år satsar laget og har fått forsterka med ein del nye spelarar sidan i fjor. Er kanskje litt optimistisk å tru at laget gjer det sopass bra i år, men vi har trua på Ahil i år og på Hilvang vil dei fleste laga få det tøft!

 8. plass: Lærdal
Lærdal veit vi dessverre svært lite om og at vi sett dei på 8. plass skuldast meir kva vi trur om dei andre laga. Lærdal slo Årdal2 5-1 i siste treningskamp før sesongen og derfor har vi også trua på at dei i år kjem før årdølingane på tabellen. Men som sagt Lærdal kan bli alt frå nummer 5-9 i år!

 9. plass: Årdal2
Årdal sitt a-lag er i år svekka, og det vil nok 2. laget også merke. Noko kjempe stor forskjell blir det nok ikkje og vi trur Årdal2 får ein sesong som i fjor. Korleis laget kjem til å gjere det i år kjem sjølvsagt mykje ann på kva slags reservar frå a-laget dei får tilgang på, men nedrykksstriden vil dei nok glatt styre unna.




foto: eikefjord-fotball.no 

10. plass: Eikefjord
Eikefjord rykte ned frå Firdaligaen i fjor og med det mista dei veldig mange spelarar og er i år blitt tvungne til å bygge opp eit heilt nytt lag! Dei har dei tidvis slite med og resultata i vinter vitnar om at det i år blir ein omstillingssesong for Eikefjord. Det som kan gjere vårt tips fullstendig til skamme er at Eikefjord har fått litt påfyll av spelarar frå Florø, og om dette laget får ein god start kan dei fort blande seg blant laga midt på tabellen. 

11. plass: Syril
Syril er det andre laget som rykte opp frå 5. divisjon etter å ha ryka ned året før det. Dei har blitt forbunde med heilt andre ting enn god fotball i år. I ein treningskamp mot Årdal presterte spelande trenar for laget Eivind Røysum å seie følgjande til dommar Inge Seglem: "–Eg vonar borna dine døyr i ei trafikkulykke." Røysum er no suspendert fram til 1. juli. At Syril kan fortsette med han som trenar er eit stort spørsmål for oss og Syril vil nok oppleve mykje negativ omtale grunna denne saka og det vil aldri være positiv for eit lag. Forsterkningane Syril har gjort i vinter er i seg sjølv ikkje store nok til at laget vil imponere, og bergar plassen takka være Førde sitt opprykk og Sandane sitt elendige lag!

12. plass: Sandane
Sandane på siste plass i 4. divisjon!!?? Eit reelt tips, eller berre svada? Vi ser at Sandane av dei fleste er blitt tippa i eit midtsjiktet på tabellen i år og at det blir snakka om at Sandane ikkje er gode nok for opprykk i år. Det trur vi er heilt feil fokus. Etter 2005 sesongen begynte elendet på Sandane. Av forskjellige årsaker slutta stort sett alle dei rutinerte spelarane og i 2006 fekk spelarar nesten utan speletid i sesongen før ansvaret. Dette gjekk som det måtte gå og klubben vart  4. divisjonslag etter å berre ha tatt 1 poeng! I fjor blei det 6. plass på Sandane og soleis skulle ein tru at laget i år kunnee være med "der oppe". Men nok ein gong har Sandane opplevd ei gigantisk spelarflukt! Nesten utan unntak har laget mista alle sine beste og viktigaste spelarar frå 2007. Skaaden, Sægrov,  Apalseth, Øygard, Wie, Myklebust, Skrede og Ripe er alle vekke! Nokre nye spelarar er sjølvsagt på plass, men er ingen av disse som kan seiast å kunne gå inn og ta rett over plassen til dei som spelte i fjor. Vi trur på ein svært vanskeleg sesong for Sandane og meinar at vi har godt grunnlag for å komme med dette tipset! Breimsbygda next Sandane........

Er du enig eller uenig i tabelltipset, uansett kom med ditt eige tips på forumet...

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
25. november 15:00 Jølster2 - Hyen 3-2