hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Sandane2 - Hyen 1-2


Det var klart for Hyens første haustkamp då årets tredje utgåve av Él Gloppen skulle spelast på Myklebustflata! Oppgjera mellom disse laga har hatt ein klar heimedominans, men endeleg klarte Hyen å overliste stilpusane borte eg det var utrulig deilig for alle med hjertet i hyebygda. Oppgjeret var som vanleg tett og jamt, men det på ingen måte urettferdig at bortelaget tok alle poenga! Stillinga til pause var 0-1!

Publisert 18. august 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens Hyen-stjerne: 
Even Hallem



Foto: hyenfotball.com
Hyens keeper stod ein glimrande kamp i mål! Han tok alt han skulle og litt til. Fekk veldig mange ekkel skudd på seg, men var iskald og dønn sikker og ga ikkje ein einaste retur i heile kampen!

Det var nok ein spent hyegjeng som tok turen til Gloppens el capitol tysdag! Er liten tvil om at Hyen er best heime og samtidig seier det seg sjølv at å møte serieleiaren borte er ei særs tøff utfordring. Men ein viste at det ville være eit svekka Sandane2 lag ein møtte og dette såg ein også tidleg i kampen og dermed auka nok optimismen eit par hakk hos hyarane.

Første omgong var prega av mykje tette duellar og ingen av laga klarte å produsere veldig mange sjansar. Det var tydeleg at heimelaget som stilte i ein 4-5-1 formasjon for dagen hadde ein klar strategi om å kom mykje rundt på kant ved hjelp av hurtige vingar. Men dette sleit dei veldig med å få til og vart gong på gong stoppa av agressive hyarar som hadde god kontroll bakover.

Hyen satsa så mange gongar før på hurtig angrepsfotball med kjape ballar rett framover, og det er tydeleg at støttepassningar i den leiren er eit ”fy ord”! Dessverre så gjekk det nok ofte litt for fort mange gongar, men når laget greidde å roe ned litt så spelte dei faktisk til tider svært fin fotball. Spesielt på venstre sida var backen Brede Seim flink til å være med framover og støtte opp ein leiken Ørjan Gjesdal. I midten kjempa Marius Hallem og Anders Klungre heroisk, og det var også på et av sistnemntes raid at omgongens einaste mål skulle komme. Etter 16 minutts spelt for Klungre ballen og stormar framover og brenne til frå om lag tjue meter. Skuddet går rett på keeper, men ”slippyhands” sørgar for at han ikkje får kontroll på ballen og dermed trillar den sakte men sikkert over streken til stor jubel for hyarane. Kjedeleg for unge Gimmestad som forøvrig er ein av dei mest lovande keeperane frå Gloppen på mange år! Ein god første omgong av Hyen der laget over heile linja var gode og hadde det meste spelet. Det var soleis fullt fortent at det stod 0-1 til pause!



I omgong kom Sandane2 meir med og spelet bølgja no veldig mykje fram og tilbake. I første halvdel var det ingen av laga som kom til spesielt store sjansar, men tjueein minutt ut i omgongen skulle hyarane nok ein gong få nettsus! Brede Seim har ballen på midten litt ute til venstre og finn ein møtande Marius Hallem. Han spelar ballen vidare ut til Ørjan Gjesdal som etter å ha drilla litt spelar ballen tilbake. Hallem sett då fart utover mot venstre og frå sekstenmeteren knallar han til med skeiva. Skuddet er godt og keeper må gje retur og på rett plass dukkar ein målkåt Jens Robert Hope og trillar ballen i nettet. Eit veldig fint angrep og ikkje minst eit veldig deilig mål!

Sandane2 måtte no naturlegvis pøse på meir framover, og det tok berre fem minutt før reduseringa skulle komme. Etter litt klikk klakk spel inn på hyens banehalvdel finn Lasse Erdal hyaren Vegard ”kom heim” Pedersen med ei fin gjennombruddspasning. Pedersen gjorde ingen feil aleine med keeper og dermed stod det 2-1! Etter dette kom Hyen på eit par svært farlege overgongar, men slurv i sistepasningane hindra bortelaget i å auke leiinga! I staden trøkka no heimelaget kraftig på framover i jakta på utlikning.



Sandane2 la over til 4-4-2 i andre omgong, og det var tydeleg at dette hjelpte på deira offensive spel. Dei klarte no å få eit større trykk på Hyen og dette førte naturlegvis også til at dei klarte å skape fleire og større sjansar. Spesielt bakover sleit Hyen langt meir i siste halvdel og dette skuldast nok rett og slett at ein var veldig dårleg organisert på midten. Etter at bortelaget hadde vore i angrep fekk stilpusane kontre utan at det møtte noko særleg motstand sentralt på bana. Hadde ein møtt eit lag som var betre til å utnytte sjansane ville Hyen her fått langt større problem!

Men sjølv om STIL2 var nære på slutten så klarte Hyen å holde ut og dra i land ein veldig etterlengta seier i Gloppe-hovudstaden! Hyen var best i første omgong, medan Sandane2 hadde eit spelemessig overtak i andre omgong sjølv om det sjansemessig var veldig jamt. Dermed går det altså ikkje ann å sei at det ikkje var ein fortent seier til bortelaget, men hyarane må bli flinkara å holde på ledelsen og ta det meir med ro på slutten. Blant anna fekk Sandane2 eit livsfarlig brudd på slutten som følgje av eit dårleg innlegg og hadde det ikkje vore for litt dårlig skudd hadde sigeren røke dar!



Dagens hyesiger var nok svært kjærkomen for dei andre laga i avdelinga og spesielt Hyllestad sine spelarar kan ta ei kald i kveld ettersom dei no berre er to poeng bak pusane med like mange spelte kampar. Anga slo som venta Gaular2 og det betyr at det no berre er fem poeng for dei og Hyen opp til serieleiaren.

Ein går altså ein svært spennande haust i møte og bortsett frå jumbolaget Gaular2 kan samtlege lag vinne avdelinga! Neste kamp for Hyen er heime mot Anga 28. august og då er vell liten tvil om at hyarane har tenkt å hevne 5-0 tapet i vår!


Til slutt må vi nemne dagens dommar; polljaren Ronny Stian Hopland! Han dømte ein alledelse glimrande kamp og terningkast seks på han skulle berre mangle. Men det skal også seiast at med eit par unntak (host Eid) så har kvaliteten på årets dommarar vore heilt i toppsjiktet.

Filminga frå kampen var ikkje den heilt store og når det i tillegg ikkje var veldig mange målsjansar så blir kun dei to siste måla lagt ut (det første kom ikkje med på tape). Blei dessverre ikkje tatt nokon bilde frå kampen, men er kanskje lov å håpe at det etterkvert dukkar opp nokre på Sandane sine sider...

Referat frå Sandane sine sider

Resultat frå den andre kampen i runde 13:
Anga - Gaular2 3-2

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål +

Mål -

Poeng

1

Sandane2

10

6

1

3

32

13

19

2

Hyllestad

10

5

2

3

26

15

17

3

Anga

10

3

5

2

21

23

14

4

Hyen

10

4

2

4

19

27

14

5

Gaular2

10

1

2

6

15

33

5

Kampfakta:

Sandane2 - Hyen
1-2 (0-1) 
Mål:
 0-1 16. min Anders Klungre
 0-2 66. min Jens Robert Hope (Marius Hallem)
 1-2 71. min Vegard Pedersen (Lasse Erdal)

Fakta:

Sandane2 - Hyen

Publikum: 50

13. serierunde

Tirsdag.18. august

kl 19:00

Arena

Dommar

Kort

Sandane Idrettspark
(kunstgras)

Ronny Stian Hopland
(Skavøypoll IL)

Øyvind Magnus
 Solheim
(Hyen)


Even Hallem

 

Anders Klungre

 

Håkon Solheim

 

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
-----------
Even Hallem
-----------
Brede Seim
Øyvind M Solheim
Håkon Solheim
Ola Alexander Lilloe-Olsen
----------------
Geir Kjetil Aa Hope
Marius Hallem
Hans Otto Holme
Anders Klungre
Ørjan Gjesdal
----------------
Jens Robert Hope

----------------
Benken: 
Anders Ommedal, Karl Erik Utheim og Åsmund Ommedal.


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google.