Tirsdag kveld var det klart for eit nytt lokaloppgjer mellom Hyen og Sandane2. Hyen har hatt ein dårleg sesong og det siste ein hadde å spele for før denne kampen var nettopp å komme høgare på tabellen enn stilpusane. Derfor var det eit revansjesugent og optimistisk hye-lag som reiste til Sandane med full tropp og muligens også sitt beste lag for sesongen.
Som kjent har Sandane fått ei nydeleg kunstgrasbane på idylliske Myklebustflata og faktisk skulle Hyen få æra av å spele den første offisielle kampen på den nye bana. Men akkurat det stod litt i fare etter at det ein må kunne kalle ein skikkeleg premieidiot hadde kjørt ut på bana med bil og svidd hol i dekket. Men ein hadde fått fyllt hola med gummikuler og kamp på den nye bana blei det! Ei glimrande bane og det er berre til å gratulere STIL Fotball med at dei til slutt fekk den etterlengta bana på plass. Faktisk kan Hyen få ei lignande bane dersom ein kvittar seg med ein "viss rødgrus" retta mot minioritetsidretta for kun ca. 2,5 milliona. Av disse får ein dekka godt over halvparten og då er det berre å få litt hjelp av karbonfiberbrødrene og så gjer ein resten på dugnad. Så ein kan viss ein vil!!!
Sjølve kampen kom i gong litt forseinka ettersom Hyen hadde ein del spelarar som kom litt seint som ei følge av lang reise og jobb. Men då kampen kom i gong tok Hyen raskt grepet. Laget fekk til ein del spel og fekk også brukt begge vingane flittig. Dette førte til at ein skapte ein del målsjansar og Hyen kunne fort ha teke leiinga etter berre nokre få minutt. Men om effektiviteten ikkje var den beste i starten så skulle den desverre på ingen måte bli nokre betre resten av kampen! Hyen skulle likevel få det første målet, og det kom etter ei fint angrep i det syttande minutt. Anders Klungre tok med seg ballen fint (som så mange andre gongar i kampen) og fekk heva blikket, såg Åsmund Ommedal komme på løp. Klungre spelte ballen perfekt inn i bakrommet og Hyens spelande trenar fekk så vidt ei tå på ballen foran ein utrusande keeper og dermed trilla ballen i gollen og 0-1. Eit veldig deilig mål å få etter at ein hadde levert bra spel og bortelaget hadde no fått eit glimrande utgongspunkt for resten av kampen.
Etter Hyens tidlege mål skulle resten av omgangen skifte fullstendig karakter! Hyarane datt litt lenger ned i bana og det førte til at Sandane2 vann veldig mange ballar på midtbana. Omtrent samtlege utspark frå Hyen enda knapt uten duell på midten rett i beina på ein av heimelagets spelarar. Dermed fekk stilpusane eit veldig godt utgongspunkt for å sette i gong angrep og det var også slik dei to neste måla skulle komme. Berre fem minutt etter at Hyen tok leiinga skulle utlikninga komme. Godt spel på midten hos STIL2 enda med ei passning til Espen Midttun som kom i gjennom, han gjorde ingen feil og sette ballen iskaldt til side for Even Hallem i Hyen buret. Ei fin scoring av det unge heimelaget!

2-1 skulle det også bli til heimelaget ikkje lenge etter utlikninga. Nok eit utspark frå Hyen enda hos ein midtbanespelar til Sandane2. Denne gongen kom også utsparket so tidleg at bortelaget si midtbane ikkje var heilt klar over at ballen var i spel. Det førte til at Sandane2 fekk ein autostrada å kontre på og når Vidar Apalseth går på løp, pasninga kjem og han får dempa ballen aleine i gjennom, ja då er det vell ikkje nokon som trur noko anna enn at det blir mål! 2-1 til heimelaget, og eit skikkeleg dritmål for Hyen sin del!
Om 2-1 målet var eit drittmål så var målet som førte til to-måls ledelse for Sandane2 av den skikkelig rennande sorten! Heimelaget får frispark frå høgre. Ballen blir slått inn med utoverskru noko som gjer at den klart og tydeleg for Hyens mann på venstre stolpe er over dødlinja. Han rettar då ei hand i været og reagerer ikkje når ballen kjem, det paralyserar nok keeper Hallem og dermed får ein STIL2 spelar ein veldig enkel jobb med å stange inn 3-1 frå to meter! Eit veldig surt mål å sleppe inn, men sjølv om ballen nok var ute først så har nok enkelte lært at ein må spele til fløyta går!
Dermed gjekk Hyen like etter til pause med 1-3 i sekken og den siste halvtimen av omgangen var av den veldig dårlege sorten. Sjølv om ein hadde hatt nokre veldig store sjansar, blant anna ved Ørjan Gjesdal aleine med keeper og Morten Hjelmeland med gode sjansar så var det likevel dårleg spelemessig. Dei siste tretti kunne det virke som forsvaret hadde gløymt at angrepa skal startast bakfrå og midtbana hadde gløymt at begge vingane var på bana og ikkje klart å skjønne at dei måtte stå langt tettare opp i heimelagets spelarar ved utspark. Men Sandane2 hadde på ingen måtte imponert og dermed burde sjansen for Hyen å ta med seg alle poenga so absolutt enda være tilstade.
Starten av 2. omgang blei unnagjort utan at det heilt store skjedde, men etterkvert skulle Hyen ta meir over og sjansane skulle også komme i hopetal til bortelaget utover i 2. omgang. Etter 62 minutt skulle den første kanonsjansen komme. Hyen får eit frispark på høgresida på heimelagets banehalvdel, ballen endar opp hos Tommy Folkestad som spelar ballen foran seg og spring i ein Sandane2 spelar inne i 16-meteren, dommaren bles og overraskande nok for samtlege på Myklebustflata denne kvelde peikar han på straffefeltet! Ei gavepakke av dei sjeldne og kva han eigentleg blåste for skulle vore kjekt å vist. Uansett hadde Hyen no fått ein glimrande sjanse til å komme for fullt inn i kampen. Men dermed blei skuffelsen desto større då Morten Hjelmeland sendte ballen både over og til side for mål.

Etter dette skulle Hyen likevel få mange gode sjansar til å score nye mål. Dei aller største sjansane kom nok etter frispark inne på Sandane2 sin halvdel. Frisparka blei slått fint inn, landa på hovudet til ein Hyen spelar 2-3 meter frå mål, men headingane blei desverre aldri gode nok. Faktisk burde Hyen scora 3-4 mål etter slike situasjonar berre i 2. omgang!! Men ballen ville ikkje inn og ein måtte berre innsjå at det blei eit nytt tap mot dei nestbeste stilpusane på Sandane denne sesongen. Eigentleg eit svært flaterande resultat, men når Hyen brenn så mange 100% sjansar ja då fortenar ein vell ikkje noko betre! Roger Nordal: Hyen treng deg i 2009!!!!
Hyen tapar denne kampen først og fremst pga. sjansesløseriet. Men dette er likevel ikkje så lett å gjere noko med. Så lenge den siste pasninga sit så er det lite ein kan gjere med at spelarar ikkje har roen nok til å sette sjansar som heilt klart skal bli mål. Men det er tross alt 6. divisjon ein spelar, og då må ein også leve med at ein ikkje scorar på alle sjansar, men hadde ein klart å sette 20% av dei så hadde det blitt poeng i ein slik kamp.
Det mest skuffande er nok at laget i denne kampen sjeldan fekk til noko spel. Ein hadde samtlege spelarar å ta av og dermed skulle ein også tru at mykje av dei fine kombisjonane ein fekk til borte mot Florø3 igjen skulle blomstre. Men den lagdelen som skapte mest i florøkampen var ikkje den samme i denne kampen, og det kan også være noko av grunnen til at det gjekk som det gjekk. Den sentrale midtbana til Hyen tapte altfor mange duellar og det var også slik dei to første måla til Sandane2 skulle komme. Så her er det ingen tvil om at når Gaular2 gjestar neste tirsdag så må ein heve innsatsen og trøkke langt meir til i duellane!