hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Sandane2 - Hyen 3-2


Årets første Él Gloppen mellom Sandane2 og Hyen blei spelt på det feiande flotte kunstgraset på Sandane Idrettspark fredag kveld! Kampen har blitt omtalt som årets oppgjer på Sandane og spenninga var til å ta og føle på både før og under kampen. Dessverre for Hyen så fekk laget ein forferdeleg start på kampen og dermed var det nok ein gong heimelaget som gjekk sigrande ut av det prestisjefulle oppgjeret! At det enda med siger til stilpusane var fullt fortent! Stillinga til pause var 2-0!

Publisert 8. mai 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens Hyen-stjerne: 
Anders Klungre



Foto: hyenfotball.com
Klungres første kamp som kaptein for Hyen og han tok verkeleg ansvar! Sleit ilikheit med dei andre hyarane i første omgong, men når Hyen får ballen i laget får Klungre vist fram sine herlege ballferdigheta. Reduserar til 1-2 med eit nydeleg mål og er i tillegg sikker når han får sjansen på straffespark!

Då spelarane entra Sandane Idrettspark så bada kunstgraset i sol, og alt låg til rette for ein herleg kveld! Hyen måtte gjere ei endring på laget i siste liten då Karl Erik Utheim ikkje rakk kampen. Inn kom Tommy Folkestad på høgre kanten og Ørjan Gjesdal vart flytta ned som indreløper. I og med at spelande trenar Åsmund Ommedal heller ikkje kunne starte på bana betydde dette at var eit svekka Hye-lag som sparka i gong kampen!

Sandane2 derimot hadde med seg 5 reservar frå a-laget og stilte vell med sitt beste lag i år. Men kanskje den farlegaste spelaren til heimelaget, Vidar Apalset var fortsatt ikkje med for dei blå så det var no eit visst håp om at det som har vore eit pottett forsvar klare å ha kontrollen bakover også i denne kampen. Akkurat det skulle fort vise seg å være så langt frå sanninga som ein kan komme.

For trur du ikkje at når ein Apalset ikkje var med, ja så søren dukka det ikkje opp ein nye kjappe (pip)! Bror til Vidar, Torgeir Apalset var stilpusane sin spydspiss i denne kampen og han tok med Hyens forsvar på karusell i store delar av første omgong!

Sandane2 tok grep om kampen like etter at dommaren hadde den i gong. Med ein god medvind i ryggen tok dei fullstendig over matchen frå start og Hyen fekk aldri til meir enn to trekk før heimelaget vann ballen på nytt. Ein merka tydeleg at sakne etter Åsmund Ommedal og Karl Erik Utheim var stort.



Etter berre seks minutt skulle oppgjerets første mål komme! Eit utspark frå keeper Hallem går heilt ned til Sandane2 sitt forsvar som får kontroll på ballen. Dei vender opp spelet og ballen går ut til Runar Myrold på venstre sida. Han slår ei gjennombruddspasning rett framover. Torgeir Apalset spring frå bortelagets midtstoppera og får kontroll på ballen på femmeteren heilt nede ved dølinja. Apalset får lobba ballen over ein utrusande keeper og på streken kjem eks-hyar Marius Hallem stormande og dunkar ballen i det tomme buret!



Som så ofte før hadde Hyen altså komt i trøbbel allereie frå start. Men dei som turdde at det skulle gje seg med dette tok feil! Berre fem minutt etter 1-0 scoringa skulle Sandane2 doble leiinga og denne gongen etter eit svært fint angrep. Espen Midttun som forøvrig hadde full kontroll på midtbanekrigen i første omgong vann ballen ca. midt på Hyens halvdel ute på høgre sida. Etter å ha roa litt ned spelte han ballen vidare inn i bana til Marius Hallem. Hallem spelte kjapt vidare ut til Erik Slagstad på høgre kanten som tok ballen med seg ned mot dølinja før han la ballen nydeleg inn i feltet. Der dukka Torgeir Apalset opp og fullstendig umarkert med tre hyarar ståande rett ved sidan av kunne han "enkelt" knalle ballen med pannebrasken rett i nettet bak ein sjanselaus keeper.  



Ein forferdeleg start på kampen for Hyens del, og spesielt bakover hang ein ikkje med på notane i det heile! Det virka rett og slett som forsvaret var ikkje var heilt med, og med dårleg kommunikasjon fekk heimelaget store rom å leike seg i! At det ikkje blei fleire mål imot i første omgong må Hyen berre takke ein god Even Hallem for. For Sandane2 hadde full kontroll og hyarane fekk aldri etablert noko spel. Faktisk var det nærmaste bortelaget kom mål eit skudd frå Jens Robert Hope med  skeiva som keeper Ellingvåg tok med ei skikkeleg "tv-redning"! Heimelaget sitt spel datt i nivå utover omgongen, men det er også slik det ofte blir når det er so stor kvalitetsforskjell på laga i ein kamp!



Når Hyen gjekk til pause kunne ein ha brukt alle dei femten minutta på å fortelle om alle feila som blei gjort, men konklusjonen var at her måtte ein begynne å vinne duellar! Scenarioet i første omgong var utspel frå Hyen, heimelaget vann ballen enkelt på midten og slo igjennom mot kjappe angripera! Torgeir Apalset var ein kontat trussel, og det endte med at Hyen måtte bytte ut 75% av forsvaret utover i første omgongen pga. av skader og at ein gjekk tom for krefter! Hyarane berre måka vekk ballen når dei fekk den og når ein då var lite agressive på midten hamna ein i trøbbel!



Hyen gjekk på bana i andre omgong med blanke ark. Laget gjorde nokre bytter i tilegg til dei defensive endringane ein hadde gjort i slutten av første omgong. Inn på bana kom blant anna Karl Erik Utheim og han var verkeleg med på å prege kampen når han spelte. Hyen kom i gong på en heilt anna måte no, og fekk til og med til ein del spel! Sandane2 prøvde raskt på å få nye mål ved å spele langt i bakrommet, men hyarane sette no enkelt stilpusane i offside.



Hyen skulle også få ei draumeopning på omgongen, og etter berre sju minutt spelt kom dagens første redusering. Det heile starta med at hyarane fekk frispark som følgje av ein offside. Ballen blei slått langt opp, og stilforsvaret fekk klarert i første omgong. Men Anders Klungre vann ballen på midtstreken litt ute til venstre og sette umiddelbart stor fart framover ut mot høgre sida. På ca. 25 meter spelte han ballen ut til Ørjan Gjesdal på høgre, han spelte direkte til Karl Erik Utheim som elegant flikka ballen vidare til Klungre som no var på veg inn i boksen. På fjorten meter litt skrått mot høgre med ein mann i rygge knallar han ballen enkelt og greit i lengste kryss! Ei perle av Anders Klungre!



No virka det som Hyen hadde overtatt initiativet i kampen, og no skulle utlikninga jagast! Men berre to minutt seinare scorte selvfølgelig Sandane2 eit skikkeleg drit mål på ein av sine svært få sjansar i denne omgongen. Heimelaget får frispark litt inne på hyarane sin halvdel og Helge Apalset står klar med ballen. Han slår den fint inn i feltet og på fem meter dett ballen ned til Espen Midttun som får stå heilt aleine og druse ballen i mål! 3-1 etter 54 minutt! Eit svært unødvendig mål som skuldast litt missforståelsa mellom keeper og forsvar, men med litt meir duellstyrke i lufta blant forsvaret så skulle eit slikt mål sjølvsagt vore unngått!



Men sjølv om det var eit veldig kjipt mål i sekken gav ikkje Hyen opp! Sandane2 som hadde vært så farlege framover i første omgong blei fullstendig nøytralisert utover i kampen ved at hyarane sette gode offside-feller. Faktisk blei stilpusane avblåst for offside eit to-siffra gongar iløpet av kampens siste halvdel og vi er også ganske sikre på at samtlege av dei var korrekt avblåst! Dette blei etterkvert også sjølvsagt demotiverande for heimelaget, men desto meir inspirerande for Hyen og laget tok meir og meir over kampen.



Etter å ha skapt nokre halvsjansar blir Karl Erik Utheim rive ned i feltet etter 67. minutt og Hyen får straffe. Kaptein Anders Klungre som har vært fast straffe-skyttar tok også ansvar no og gjorde seg klar ved ellevemeters merke!



Skuddet går nede til høgre, og sjølv om keeper er svært nær ved å ta den susar ballen inn. 3-2 og ny spenning i kampen!



Hyen hadde henta seg mesterleg inn og etter å ha vore heilt på hælane i første omgong hadde no laget vore det klart beste i første halvdel av den andre. No var det berre å sette inn eit siste stormløp og sikre seg poeng! Men med eit svært solid Sandane2 forsvar sleit Hyen veldig må å klare å produsere det heilt store. Eigentleg var det kun nokre cornera til bortelaget som vart av den farlege sorten. Resten av omgongen blei det mykje spel på midten og dei gongane stilpusane prøvde seg framover gjekk dei enten i offside eller så vart dei kontant stoppa før det vart veldig farleg, men nokre gode sjansar hadde dei dog.



Sjølv om Hyen satte inn enn ekstra sluttspurt på tampen så enda det med 3-2 og ein måtte berre innsjå at Sandane2 hadde tatt ein ny siger.

For Hyen sin del var del var dette ein svært merkeleg kamp. I første omgong vart laget totalt rundspelt og det er eigentleg ganske utruleg at det ikkje blei fleire Sandane-mål! Midtbana fekk aldri til noko spel og forsvaret hang på ingen måte med når heimelaget satte fart. På topp vart Jens Robert Hope heilt aleine og fekk stort sett kun nokre klareringar å springe etter! Men bakerst hadde Hyen heldigvis Even Hallem og takka være han stod det berre 2-0 ved pause.

Forhåpentlegvis klare Hyen å ta lærdom av denne kampen. I første omgong såg ein heilt klart kva som ikkje funka og i den andre såg ein kva som funka! Kort oppsummert: forsvaret må kommunisere meir og på midten må det være spelarar som kan holde på ballen og roe ned spelet!



Til slutt må vi også få skrive nokre ord om dagens dommar! Oppgjeret var på ingen måte ein Chelsea-Barcelona kamp og uten ei einaste stygg takling, ingen kort og ein ellers svært god tone blant spelarane vart dei ein kampe med skikkeleg Fair Play. Kanskje ein lettdømt kamp, men når ein ikkje har linjedommara med så har dommaren uansett ikkje noko lett oppgåve! Når Hyen då gambla stort ved å køyre ein svært offensiv strategi med offside feller er lett at ein svak dommar hadde vurdert sittuasjonane feil. Men gong på gong blåste Niirainen frå Breim korrekt av og vi er også i den tru at han gjorde rett kvar gong! Så stå på, slike dommarar vil fotballfylket ha!:)

Iløpet av lørdag-kveld vil det også dukke opp nokre bilder til og ein videosnutt med høgdepunkta frå kampen. Den vil bli vist med den herlege "Stilpussongen" i bakgrunnen, så der er absolutt noko vi vil annbefale at ein får med seg!

Neste kamp for Hyen er allereie på tirsdag 12. mai når førde-laget Anga gjestar Hyen Sentralidrettsanlegg!


Referat frå Sandane sine sider

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål +

Mål -

Poeng

1

Sandane2

3

3

0

0

9

5

9

2

Hyllestad

2

0

1

0

5

5

3

3

Gaular2

3

0

2

1

2

3

2

4

Hyen

2

0

1

1

3

4

1

5

Anga

2

0

1

1

1

3

1

Kampfakta:

Sandane2 - Hyen
3-2 (2-0) 
Mål:
 1-0 x6. min Marius Hallem (Torgeir Apalset)
 2-0 11. min Torgeir Apalset (Erik Slagstad)
 2-1 52. min Anders Klungre (Karl Erik Utheim)
 3-1 54. min Espen Midttun (Helge Apalset)
 3-2 67. min Anders Klungre Str. (Karl Erik Utheim)

Fakta:

Sandane2 - Hyen

Publikum: 80

3. serierunde

Fredag.8..mai

kl 19:00

Arena

Dommar

Kort

Sandane
Idrettspark
(kunstgrasbane)

Raymond Niiranen
(Breimsbygda IL)

Ingen kort!:)


Anders Klungre

Karl Erik Utheim

Even Hallem

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
-----------
Even Hallem
-----------
Håkon Solheim
Ola Henning Ommedal
Øyvind Magnus Solheim
Øyvind Larsen
----------------
Tommy Folkestad
Ørjan Gjesdal
Hans Otto Holme
Anders Klungre
Ola Alexander Lilloe-Olsen
----------------
Jens Robert Hope

----------------
Benken: 
Åsmund Ommedal, Karl Erik Utheim, Arve Johnny Akse og Ørjan Akse.

Lagoppstilling Sandane2 (4-5-1):
Øystein Ellingvåg; Martin Slagstad, Helge Apalset, Ronny Viken, Mathias Urke Myklebust; Erik Slagstad, Marius Hallem, Espen Midttun, Runar Myrold, Sindre Holen Eimhjellen; Torgeir Apalset.

Benken: Sondre Andenes, Jørgen Djupegot, Martin Akse, Kjell Magne Birkelund, Jonas Valberg og Bjørge Eikelund.

Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google.