I Hyen idrettslag si 100-årige historie har fotballen hatt ein relativt liten plass. Dette kan det vere fleire grunnar til. Fram til midten av 1970-åra då den nye idrettsplassen kom, var nok ikkje baneforholda tilfredsstillande, og kommunikasjonsmessig låg det heller ikkje så godt til rette for til dømes seriespel i vårt distrikt. Dessutan var det nok mange, eller i det minste ein del, som meinte at fotballsparking ville gå for mykje ut over andre idrettar som fungerte godt i bygda!
Fotballkampar i 1930- og 40 åra.
Det vart likevel alt i 1930- og 40 åra spelt enkelte fotballkampar, og motstandarane kunne vere Brodd, Vereide og lag frå Hennebygda/Lote. Sjølvsagt var dette fotball for menn i ”sin beste alder”, og spelarane på laget var nok stort sett dei same gjennom denne perioden.
Nils S Holme var keeper på dette laget, og sidan han også ei tid stod i mål for STIL, kan det tyde på at laget hadde ein bra ”siste skanse”.
Skiping av fotballgruppe
På årsmøtet i Hyen IL 30. desember 1992 vart det vedteke å opprette fotballgruppe i laget.
Vedtaket var einstemmig. Det vart valt dette styret for den nyskipa gruppa: Leiar: Ola Hope, oppmann/sekretær: Mathias Hope, medlemmer: Øyvind Larsen, Arnstein Heimset og Ola Henning Ommedal.
I tida framfor hadde det vore gjort ein del grunnleggande arbeid for å få avklara interessa og stemninga i bygda for organisert fotballaktivitet. Som nemnt ovanfor kunne det vere ulike syn på kva innverknad dette ville få or idretten totalt sett i bygda. Sonderingane, som vart leia av den nyvalde formannen, avklara at dette var noko ein burde satse på.
Oppgåvene til det nyvalde styret i gruppa vart så å legge til rette for at ein kunne stille eit herrelag i 7. divisjon. Dette vart sjølvsagt eit økonomisk løft for laget då ein mangla det meste av utstyr både på bana og til spelarane. Men både kommunen og arbeidsutvalet i laget var positive, så det ordna seg på ein god måte.
Treningane kom i gong i februar, og Tor Slotsvik, med tilknyting til bygda, vart den fyrste trenaren i fotballgruppa. For å få samle flest mogleg av spelarane, måtte treningane leggast til helgane. Frammøtet var godt og optimismen rådde grunnen. Det var med forventning ein såg fram til dei fyrste seriekampane.
Seriestart – 7.divisjon Avd.B
Den nystarta fotballgruppa hadde in fyrste seriekamp borte mot Bryggja 24. April. Det vart ein jamn kamp som til slutt enda med 1-0 til heimelaget. I den fyrste heimekampen ei veke seinare gjekk det betre for hyarane. Då vart det siger med 2-0 over Tonningskameratane frå Stryn. Det var 6 lag med i avdelinga, og Hyen enda til slutt på ein 5. Plass. Det synte seg nok at det var litt vanskelegare å hevde seg enn ein hadde tenkt før sesongstart. Lokaloppgjera mot Brodd låg det mest prestisje i. Av dei tre kampane dette året vann Brodd dei to fyrste, medan den tredje enda uavgjort.
Om ein måtte slite for poenga på grusen, var publikumsframmøtet langt over det ein på førehand hadde venta. Eit gjennomsnitt på nesten 100 var med og laga stemning på heimekampane. Nysteikte vafler og kaffi var nok også eit trekkplaster. Dette hadde mykje å seie også for økonomien i gruppa, kampane gjekk med eit god overskot.
Utviklinga vidare
Tor Larsen og Hans Otto Holme var trenarar dei neste 4 åre (1994-97), og laget heva seg sportsleg ettersom dei fekk meir rutine. Andre året vart det 3. plass i avdelinga, og alt i 1995 kunne ein innkassere avdelingsmeisterskap og opprykk til 6. divisjon. I kampen om KM-tittelen i 7. divisjon mot den andre avdelingsvinnaren, Norane, vart det tap.
Opphaldet i 6. divisjonen vart kort – berre eitt år. I dei to følgjande åra vart det 2. plassar og soleis ikkje grunnlag for klatring i systemet. Det enste opphaldet i 6. divisjon kom på grunn av nedlegging av 7. divisjonen. Det var då oppretta fleire distriktsvise avdelingar i den nye 6. divisjonen, og problemet med til dels lange og tungvinte reiser vart redusert. I 1998-99 var Ola Henning Ommedal oppmann og ansvarleg for treningane. Ansvaret gjekk vidare til Kai Arne Aa/Karl Erik Utheim forsesongen 2000. Dette året vart laget avdelingsvinnar, men det vart likevel ikkje opprykk.
Gjennom dei siste fem åra har Åsmund Ommedal vore oppmann for herrelaget, og han har også hatt ansvaret for treningane, to av åra samane med Jon Bjarne Hope, som samtidig var leiar i fotballgruppa. Gjennom desse åra har ein vore med i kampen om dei øvste plassane på tabellen, men det var fyrst i 2004 at ein gjekk heilt til topps i pulja og samtidig vann over Eid2 i kvalifiseringskampane. Det vart altså opprykk til 5. divisjon. Men heller ikkje denne gongen lukkast ein i kampen om KM-tittelen i divisjonen. Det vart klart tap mot Kaupanger2.
Spelarstallen
Oppstartinga av fotball har truleg ført til at fleire kom med i organiserte treningar og konkurransar. Spelarstallen til seniorlaget ar gjennom dei fyrste 13 åra vore rimeleg stor og stabil. Godt over 20 personar har stått på lista dei fleste åra. Problemet her, som i mange andre situasjonar, har vore at mange får lange heimreiser på grunn av studiar/arbeid. Det har soleis vore lagt stor velvilje for dagen når det gjeld å vere på plass til seriekampane. Etter 13 år med seniorfotball har følgjande spelt over 100 kampar for laget: Hans Otto Holme(162), Ola Henning Ommedal(159), Geir Hjelle(151), Åsmund Ommedal(134), Stein Are Eimhjellen(112), Kai Arne Aa(110), Roger K Nordal(108), Karl Erik Utheim(104).
Erfaringar
Noko skepsis var det til oppstartinga av fotballgruppe for 15 år sidan. Ettertida har likevel vist at fotballen hadde sin plass også i Hyen. Gleda over å vere med på eit fotball-lag har mange gonger kome til uttrykk sjølv om resultata ikkje alltid skulle tilseie det. Fotballen har skapt eit stort engasjement for spelarar, trenarar og leiarar. Ein kna heller ikkje gløyme den store publikumsinteressa som det må vere eit mål å halde oppe også i framtida.
Desse har vore leiar i fotballgruppa:
Ola Hope (1993)
Mathias Hope (1994-99)
Tor Larsen (2000-02)
Jon Bjarne Hope (2003-2004)
Helge Hafsås (2005-2006)
Øyvind Magnus Solheim (2007)
Ola Henning Ommedal (2008-20xx)