hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok



Sandane - Vik 3-4


Hyens neste motstandar Sandane spelte lørdag sin siste kamp for årets fotballhøgdepunkt i kommunen, nemleg den prestisjetunge "Friluftshelgkampen"! Sandane var det klart beste fotballaget, men Vik var betre taktisk, og overhøvla heimelaget på dødballar og dermed kunne sogningane ta med seg alle poenga heim til gamalostland! Stillinga til pause var 1-1.
 
Publisert 29. juni 2008.

 

       VS.   

 

Som alle profesjonelle fotballag gjer, så må ein analysere neste motstandar! Hyen møter som kjent Sandane i "Friluftshelgkamp" fredag 18. juli, og derfor var det ei fin anledning å spionere på Sandane då dei tok imot Vik på idrettsplassen lørdag!

 

 

Sandane mangla ein del spelarar og dermed skulle ein tru at Vik var ein klink B på kupongen, men det skulle fort vise seg å være langt frå sanninga! Sandane dominerte banespelet i store delar av første omgang. Dei produserte også mange sjansar, men dårleg effektivitet framfor mål gjorde at det stod 1-1 til pause og ikkje 4-1 som det eigentleg burde gjort. Til tross for at heimelaget var det dominerande laget, og også tok ledelsen i kampen, satt ein likevel igjen med ein følelse av at dette kom Vik til å dra i land til slutt. Bortelaget reduserte også fire minutt før pause, og då skulle ein tru at det ville føre til at Vik fekk den nødvendige tenninga til andre omgang som laget såg ut til å mangle før kvilen!

 

 

Men om Sandane var best og det førande laget i første omgang, så var dei totalt dominerande i første del av den andre. Midtbane trioen Leirgul, Ødven og Aa rundspelte rett og slett vikjene, og når Ruben Wie stjal det som eigentleg var Ole André Aa sitt mål og Sandane gjekk opp i føringa 3-1 så var det ingen verdens ting som skulle tilseie at det skulle bli poeng på bortelaget.

 

 

Men ein fotballkamp vare i nitti minutt, og kampen er aldri avgjort før dommaren blese den av. Dette såg det ut som at begge laga ikkje hadde fått med seg! Vik sin spelande trenar Stig Roar Hovland gjorde nokre taktiske grep etter dages tredje baklengs, medan Sandane fortsette med den samme taktikken. Det skulle straffe seg! At Vik no kom til å satse det dei kunne på dødball og få utnytta dei to gode spissane sine på best muleg måte kunne ikkje komme som noko stort sjokk! Likevel skulle bortelaget få score tre mål på omtrent samme måte. Lang ball inn i feltet og heading i mål! Så enkelt sagt så enkelt gjort!

Dermed er det klart at når Hyen no skal møte Sandane så er det ingen tvil om at denne kampen gav oss suksessoppskrifta rekande på ei fjøl! Hyen bør for all del unngå å skulle spele seg igjennom, her har Sandane små kjappe spelarar, som rett og slett spelar fotball i lag. Men duellstyrke, og det spesielt i lufta er nok ein stor svakheit hos stilpusane. Bana i Hyen er heller ikkje akkurat laga for finspel, så vi trur nok at det kjem til å bli ein kamp som passar svært dårlig for årets Sandane-lag.

Sjølv om Sandane til tider spelte bra i lag, så var det tydeleg at det her var store individuelle forskjella. Enkelte på heimelaget viste knapt 6. divisjonsstandard, og av til kunne det virke som at det var gutelaget til STIL som spelte kamp. Det er klart at det då blir vanskeleg for Sandane å skulle være eit topplag i 4. divisjon. Virkar eigentleg litt som Sandane ikkje har nok målsettning eller ambisjonar, og då er det nok ein stor fare for at det som er kvalitetsspelarar i dette laget fort vil forsvinne når "dei 3 åra på Firda er forbi"! Men la oss håpe at når STIL no får kunstgras så blir det litt orden på sakene der inne, og at Gloppen igjen snart får eit Firdaligalag!

Tre hyarar var i Sandanes tropp. Ole André Aa viste glimt av gammal storheit, og var ein av heimelagets beste spelarar. Er ingen tvil om at den karen med litt meir kamptrening ville gått inn på kva som helst 3. divisjonslag, og vært en av dei beste spelarane i fylket! Marius Hallem fekk spele dei ti siste minutta, medan Vegard Pederdsen var ubenytta reserve. Men kara, kom heim! Vi har ingen ting av det dei ikkje har på Sandane, og dei har nok attpåtil mykje anna som vi ikkje har, men 2009 er åkkesom ein fin sesong å gjøre comeback på i Hyedrakta!

Ellers var det kjekt å sjå ein skikkelig dommar i aksjon! Han hadde med seg i alle fall ein håplaus mann på linja, men heilt riktig blei han oversett i eit par situasjonar, og dømminga generelt var veldig prikkfri. Veldig tett opp til ein seksar det her!



Kampen mellom Hyen og Sandnae er altså fredag 18. juli. Kampstart er 18:00 på hyegrusen!



Referat frå haugenfotball.no

Referat frå Sandane si heimeside

Referat frå Vik si heimeside

Kampfakta:

4. divisjon
Runde 11

Sandane - Vik

     3-4 (1-1) 

Mål:
 1-0 14. min Ruben Wie
 1-1 41. min Egil Rune Andersen
 2-1 58. min Ruben Wie (Sigmund Andenes) 
 3-1 62. min Ruben Wie (Ole Andre Aa)
 3-2 75. min Øystein Myrkaskog
 3-3 79. min Marius Valsvik
 3-4 87. min Svein Erik Saglien

Arena: Idrettsplassen
Tilskodarar: ca. 100
Kampstart: Lørdag 28. juni 2008, kl. 15:00
Dommar : Joakim Knapstad (Skeid)
Gule kort:  Svein Erik Saglien og Gustav Valsvik(Vik) og Mads Wie (Sandane).

Lagoppstilling Sandane (4-4-2):
Simon Gimmestad; Simen Solheim, Arild Horntvedt, Martin Akse, Sigmund Andenes; Ole Andre Aa, Oddgeir Leirgul, Erlend Laurhammer Ødven, Sindre Holen Eimhjellen(Marius Hallem 84. min); Ruben Wie (Tony Mutzhi 73. min) og Andreas B. Vereide(Mads Wie 60. min).