Hyen kom til Sandane med mange spelarar tilgjengeleg. Heile 15 spelarar var klare for kamp i sol på idrettsplassen. Etter å ha skifta i STIL-stova måtte alle varme opp på grusbana, fordi grasbana vart brukt til friidrett fram til klokka 8. Sjølv om oppvarminga vår ikkje vart optimal, kunne 11 gulkledde Hyarar gå på bana med forventning om siger borte mot dei blå Sandane2!
STIL2 starta giftig. Etter berre 10 sekund kunne det stått 1-0, då spissane deira kombinerte fint og fekk til ei avslutning. Heimelaget spelte bra, vann dei fleste duellane og hadde fleire store sjansar den første halvdelen av 1.omgang. Spesielt gjennom venstresida kom dei ofte til sjansar. Anders Ommedal spelte ein stor kamp, og det hadde blitt endå meir om ikkje han hadde gjort ein sopass god innsats på backen der.
Vi spelte oss lett gjennom når vi fekk ballen i beina. Åsmund Ommedal, Anders Klungre og Ørjan Gjesdal kombinerte ofte fint på midtbana, og det resulterte i nokre småsjansar, blant anna ved innlegg frå høgre, der Roger Nordal var nære ved å få avslutta. Karl Erik Utheim la inn mykje innsats og hadde blant anna eit farleg skot frå heilt nede ved dødlinja 10-15 m frå mål som keeper måtte blokkere til corner.

foto: sandanetil.no
Etter 25 minutt kom Hyen seg nesten gjennom frå høgre, men ballen vart klarert rett til Roger Nordal som sendte ballen inn til Ørjan Gjesdal i midten på 20 meter. Åsmund Ommedal overlappa han og det vart 2 mot 1. Forsvararen lukta pasning, så Gjedal gjekk i motsatt retning og fyrte av eit skot som duppa fint opp i krysset! Ei strålande scoring frå Gjesdal som med det fekk si første scoring i Hyen-drakta. Gratulerer Ørjan!!
Sandane 2 gjekk rett i angrep igjen, og viste at dei ikkje akkurat likte å ligge under. Og etter kvart fekk dei dessverre utteljing på ein kjedeleg måte. Øyvind Larsen var uheldig og sendte eit tilbakespel forbi Even Hallem og i mål, og 1-1. Berre eit par minutt seinare fekk raske Vidar Apalset for mykje rom, og ei litt for god pasning, og overbevisande rolig sette han ballen lett nede til venstre for Hyen-keeper Hallem. Like etter kom heimelaget i gjennom på venstre, og sendte eit innlegg inn til Bjørn Ødven som sette ballen kontant i mål. Dermed stod det plutseleg 3-1, noko som også var pauseresultatet.
Geir Kjetil Aa Hope og Karl Erik Holme kom inn på vingane i pausen, Aa Hopen på venstre og Holme på høgre. Og det var gjennom venstrekanten Hyen skulle gjere det. Roger Nordal fekk etter kvart ballen på 25 meter, avanserte framover og sendte ei ferdigscora pasning til Anders Klungre som kom på eit flott løp til venstre, og sette ballen på direkten forbi ein halvt utrusande keeper i lengste hjørne frå 12 meter. Det var kamp igjen!
Men det skulle ikkje vare lenge. Berre 5 minutt etter fekk Sandane2 spelar Arild Strømmen skote frå høgre kant inne i 16-meteren, ballen gjekk over Hallem i Hyen-buret og i lengste hjørne, og altså 4-2. 10 minutt før slutt spelte heimelaget seg elegant fri på høgrekanten og denne gongen sette Are Nyhammer ballen på nytt i same hjørne. Resultatet vart med det 5-2. Sandane 2 fekk også ei scoring feilaktig annullert for offside på stillinga 4-2.

foto: sandanetil.no
Hyen hadde nokre sjansar i 2. omgang, blant anna fekk Åsmund Ommedal eit godt innlegg frå Roger Nordal som han fekk dempa flott, men avslutninga gjekk dessverre over mål. Dessutan hadde Nordal eit frispark frå 30 meter som gjekk like utanfor krysset. Sandane2 vann likevel alt i alt fortent. Håkon Solheim fekk eit ”oppskriftsmessig” gult kort, (kampen om råtassen 2008 er i realiteten avgjort) og Hyen må berre vere godt fornøgde med at dei ikkje fekk fleire. Både Hans Otto Holme og Andreas Kvalheim kunne også lett fått sjå det gule kortet frå kampens dommar Muhamet Barlla.
Med dette fekk Hyen sitt tredje bortetap på 3 kampar, men Hyen er begynt å få god kamptrening no, så det blir nok kjekt for dei å komme heim og spele 4 heimekampar før ferien! Allereie 20. juni ventar møte med nettopp Sandane2 heime på grusen og då reknar vi med at det er eit Hyen lag som er klare for revansj!
Neste kamp for Hyen er tirsdag 3. juni, då Gaular2 kjem på besøk. Kampstart då er 19:00 på hyegrusen!