hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum


Lokaloppgjer mot Breim


Årets 4. serierunde blir spelt tirsdag 29. mai. Hyen har bortekamp, og tar turen til Breim, ein kamp som blir eit meget spennande lokaloppgjer. Toppkamp er det også, i og med at det er lag nummer 2 og 3 på tabellen som møtast. 

Publisert 27. mai 2007.


Hyen har fått ein kjempestart på årets sesong. Etter 2 av 2 kampar står laget med 6 poeng og imponerande 11-3 i målforskjell. 6-0 tapet borte mot Heia før sesongen virka berre å være eit aldri så lite arbeidsuhell. Eller??

Seriestarten borte mot Eikefjord2 var absolutt bra. Hyen spelte ein god kamp og det viste også igjen på resultattavla. Men kampen mot Anga var eit steg tilbake, og 6-1 sigeren var flaterande. Mange bytter i 2. omgang må nok ta en del av skulda for det, men heller ikkje i 1. omgang fekk ein til noko særleg bra spel. Men at ein ikkje er fornøgd etter å ha vunne 6-1 kan være ein viktig eigenskap å ta med seg vidare i kampen om opprykk! 



Når det gjeld tirsdagens motstandar so er det eit lag Hyen har spelt mot mange gongar. Dei første kampane etter at Breim starta med seniorlag enda det stort sett med slakt kvar gong, og så seint som i 2001 vann Hyen heile 10-1 i tilsvarande oppgjer. Men Breim har etterkvart lært seg å spele fotball dei og, og på dei siste 4 oppgjera på Byrkjelo står laga med 2 sigrar kvar. I fjor vann Breim dette oppgjeret 2-1, men det tapet har Hyen allereie fått revansj for. Laga møttes til treningskamp før sesongen og då gjekk Hyen sigrande ut med 4-3. Les meir om den kampen her.

Breim starta sesongen glimrande og som Hyen så stod dei også med 6 poeng og meget god målforskjell etter 2 kampar. Men i forrige runde gjekk dei på en smell då det vart 2-6 tap borte mot Anga. Kampen var til tider jamn, men på stillinga 3-2 til Anga, fekk Anga straffe og Breim ein spelar utvist, og etter det rakna det for Breim. Det er derfor litt vanskeleg å sei kor gode Breim eigentleg er. Poenga i år er også alle tatt heime mot dei to antatt svakaste laga, og ein skal derfor ikkje legge altfor mykje i det. Spelaren som vart utvist mot Anga var Kim Ove Kvandal, og han må dermed sone karantene i kampen mot Hyen. Websida til Breim kan du besøker her.

 

Blir altså eit veldig spennande lokaloppgjer/toppoppgjer! Begge laga går for opprykk, og dermed blir innbyrdes kampar også spesielt viktige. Er på mange måtar 6poengs kampar kvar gong opprykkskandidatane møtes. Ingen tvil om at dette blir ein tøff kamp for Hyen, og her må det trøkkast til frå første spark. Breimingane er duellsterke, og då hjelpe det ikkje å stå med lua i handa! Men trur Hyen skal være eit betre lag, og får ein til spel bakfrå og klara å involvere vingane så bør Hyen kunne ta sin tredje strake siger for året! 

   
4 mann står med 2 mål etter 2 kampar, men berre 2 av dei er med mot Breim, vil nokon av dei putte nr 3 mot Breim?
F.v. Øyvind Larsen, Geir Kjetil Hope Aa, Roger Nordal og Åsmund Ommedal.

Kampen går på Byrkjelo stadion. Det er ein veldig fin stadion dog med vekt på friidrett, men grasmatta er så absolutt ei god bane. Grasbaner har generelt aldri vært noko fordel for lag frå Hyen, men dette er ei bane som det i motsetning til vår eiga heimebane går ann å spele fin fotball på. Så her er alt lagt til rette for ein god kamp med mykje fint spel.

Vêrmeldingane på Byrkjelo på tirsdag ser veldig bra ut. Frå tirsdag blir det eit vêromslag på heile vestlandet. Storm Weather Center kan melde om overskya vær med, svak vind og 20°C. Onsdag er det meldt strålande sol og  26°C i Hyen!!! 

Når det gjeld laget til Hyen så er Øyvind Larsen, Geir Kjetil Aa Hope og Ola Alexander Lilloe-Olsen vekke sidan sist. Frank Holme er derimot med til denne kampen. Det betyr ein tropp på 16 spelarar. Er fire endringar i lagoppstillinga sidan Anga-kampen. Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):
Øyvind Magnus Solheim; Anders Ommedal, Geir Sigurd Vatnamo, Ola Henning Ommedal, Jens Robert Hope; Anders Klungre, Marius Hallem, Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Andreas Morken Kvalheim; Karl Erik Utheim.

Benken: Karl Erik Holme, Tommy Folkestad, Roger Nordal, Mats Henrik Solheim og Frank Holme.


Dommar i kampen er Per Olav Erikstad frå Jølster. Får nok med andre ord høyre "spæla fordel" nokon gongar i denne kampen!  


Litt statistikk:

Statistikk mot Breim sidan 1999: Heime står Hyen med (7-0-0) og 32-9. Borte viser statistikken (7-0-4) og 39-23. Totalt blir det (14-0-4) og 71-32.

Dato Nivå Motstandar Res
13.08.2006 6. divisjon Hyen - Breim 2-1
05.05.2006 6. divisjon Breim - Hyen 2-1
07.09.2004 6. divisjon Hyen - Breim 5-1
11.06.2004 6. divisjon Breim - Hyen 1-6
22.08.2003 6. divisjon Breim - Hyen 5-1
13.06.2003 6. divisjon Hyen - Breim 4-3
02.05.2003 6. divisjon Breim - Hyen 3-2
13.09.2002 6. divisjon Breim - Hyen 4-6
21.06.2002 6. divisjon Hyen - Breim 6-3
28.08.2001 6. divisjon Breim - Hyen 3-4
19.06.2001 6. divisjon Hyen - Breim 3-1
08.05.2001 6. divisjon Breim - Hyen 1-10
01.09.2000 6. divisjon Breim - Hyen 2-7
14.06.2000 6. divisjon Hyen - Breim 3-0
05.05.2000 6. divisjon Breim - Hyen 2-1
30.07.1999 6. divisjon Hyen - Breim 5-0
08.06.1999 6. divisjon Breim - Hyen 0-1
30.04.1999 6. divisjon Hyen - Breim 4-0
Breim - Hyen                    Byrkjelo stadion, 29. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
22.05 Anga *2-6   15.05 Anga 6-1
12.05 Eikefjord2 6-1   09.05 Eikefjord2 *5-2
09.05 Førde4 6-1  
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
L K J L L J K L J J
 
Bortelagets 10 siste borte
L L L L L L L J J J
Tabellposisjon Form i år
3. Breim 3   2 0 0 12-1   0 0 1 2-6   14-7 6
2. Hyen 2   1 0 0 6-1   1 0 0 5-2   11-3 6
2 0 1 14-7 6
2 0 0 11-1 6
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2001 2002 2003 2004 2006
1-10 3-4 3-2 1-6 2-1

51,5 km

Dersom du ikkje har anledning til å ta turen til Byrkjelo og overvære kampen der så kan du få den med deg ved å følgje "Kampen live" her på hyenfotball.com! Kampstart er altså 19:00!

Tabell 6. divisjon avd. 3 2007
etter 3. serierunde

Plass

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål

Poeng

1.

Vikane

3

3

0

0

12

5

9

2.

Hyen

2

 2

0

0

11

3

6

3.

Breim

3

 2

0

1

14

 8

6

4.

Jølster2

2

1

0

1

 7

 6

 3

5.

Anga

2

 1

0

1

7

8

 3

6.

Eikefjord2

3

 0

0

2

4

13

 0

7.

Førde4

3

 0

0

3

 2

14

 0

Tips for kampane i 4. serierunde
Her kjem våre tips for dei øvrige kampane i 6. divisjon avd.3 runde 4.

 
Jølster2 - Eikefjord2                    Skei stadion, 29. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
22.05 Førde4 *3-1   22.05 Vikane 1-2
15.05 Vikane 4-5   11.05 Breim *1-6
  09.05 Hyen 2-5
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
J L J J J J J J K L
 
Bortelagets 10 siste borte
L L L J J L L L J L
Tabellposisjon Form i år
4. Jølster2 2   0 0 1 4-5   1 0 0 3-1   1-6 0
6. Eikefjord2 3   0 0 2 2-7   0 0 0 1-6   12-1 6
1 0 1 1-6 3
0 0 3 12-1 0
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2002 2003 2004 2005 2006
- - - - 4-1

75,7 km

Vurdering

Jølster2 opna med 4-5 tap heime mot seriefavoritten Vikane. I tredje runde slo dei Førde4 3-1 borte. Kjenner veldig dårleg til spelarstamma til Jølster2, men rekna med dei er som tidlegare ei blanding av litt eldre og unge spelarar pluss enkelte av reservane frå A-laget. Då er det også sjølvsagt vanskeleg å sei kor gode dei eventuelt er, men Jølster2 er det beste heimelaget i avdelinga og 7-1-2 på dei siste ti heime er imponerande.

Eikefjord2 opna forferdelig og stode med 3-11 0 poeng etter dei 2 første kampane. Sist fekk dei en opptur då dei "kun" tapte med 1-2 heime for Vikane. Om dette skuldast innslag av spelarar frå A-laget er uvisst, men det er vell heller tvilsamt ettersom A-laget til Eikefjord ikkje har ein veldig stor tropp! Uansett forbedring av Eikefjord2, men dei står uansett med 0 poeng etter å ha spelt 3 kampar denne sesongen. Borte slit laget også, og 3-0-7 på dei siste 10 borte er ikkje imponerande lesing!

Jølster2 gode heime, Eikefjord2 tilsvarande dårlege borte. Dette ser unekteleg ut som ein soleklar heimesiger. Jølster2 har nok ambisjonar om 5. divisjon spel neste år, og skal dei ha noko der å gjere må eit lag som Eikefjord2 eliminerast enkelt på heimebane. Er nok også spelesugne reservarar frå A-laget i denne kampe
n, men det er ikkje tilfelle for Eikefjord2 ettersom A-laget deira møter Sogndal2 same kveld. Rundas klaraste teikn her! 5-1?

 
Vikane - Anga                    Innvik stadion, 29. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
22.05 Eikefjord2 *2-1   22.05 Breim 6-2
15.05 Førde4 5-0   15.05 Hyen *1-6
08.05 Jølster2 *5-4  
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
l L J L J J J L J J
 
Bortelagets 10 siste borte
L L K L K L L L L L
Tabellposisjon Form i år
1. Vikane 3   1 0 0 5-0   2 0 0 7-5   12-5 9
5. Anga 2   1 0 0 6-2   0 0 1 1-6   7-8 3
3 0 0 12-5 9
1 0 1 7-8 3
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2002 2003 2004 2005 2006
- - - 2-5 -

87,0 km

Vurdering

Vikane er som nemnt den klare seriefavoritten i avdelinga, og starten har også vært smertefri! Fasiten seier 12-5 og 9 av 9 mulege poeng. Ser altså ut til at Vikane skal gå strake vegen til 5. divisjon i år. Men laget har en tendens til å variere veldig gjennom av ein sesong. I fjor for eksempel gjekk dei frå å vinne 3-1 borte mot Hyen til so å tape neste bortekamp 3-0 mot Eikefjord2. Akkurat i år kan dei nok ha råd til enkelte dårlege dagar, men i 5. divisjon går ikkje det, noko som blant anna Hyen fekk smerteleg erfare i 2005 sesongen! Vikane normalt solide heime, og har 6-0-3 på dei siste 9 på Innvik Stadion. 

Anga sin kamp mot Hyen er vell omtalt nok på denne sida no, men mot Breim fekk dei vist det som alle hyarane og andre såg i kampen 15. mai, nemleg at Anga er eit langt betre lag enn kva 1-6 tap viste. Breim vart slått med 6-2 og om det skuldast keeperbytte eller ein leksjon i effektivitet til spissane kjenner ikkje hyenfotball.com til, men Russenes fann vegen til nettmaskene og no leve vell håpet om opprykk igjen blant dei gule frå sunnfjord metropolen! Men uansett kor god Anga er så er det ikkje til å "stikke under ein stol" at Anga er eit elendig bortelag. På dei siste 10 bortekampane har dei smått utruleg berre tatt 2 av 30 mulege poeng. Hadde ein oppnådd den scoren i skulesamanheng så hadde vell utgangsdøra vært einaste alternativ! (Skal seiast at underteikna har vært vitne til at ein klassekamerat fekk 2- med same resultat etter ei Kristendoms prøve på ungdomsskulen!)

Vikane er eit godt lag, og det er Anga og, men bortestatistikken til Anga skremme ingen, og Vikane borte er ikkje dagen å skulle begynne å rette på statistikken heller. Vår spådom blir enkelt å greitt at Anga går på sitt 6. strake bortetap og at Vikane endå er den soleklare serieleiaren etter 4. runde!
3-1?

Prematchmal er henta frå fjora.no

 


Neste kamp:
14. august 19:00
Hyen - Eikefjord2


Siste kamp:
19. juni 19:00
Hyen - Førde4 2-1