hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Sesongens siste kamp!

Sesongen 2008 går no mot slutten og her kjem også årets siste prematch! Hyen har i år totalt sett hatt ein svært skuffande sesong og når ein no går inn i siste seriekamp har ein ikkje noko å spele for bortsett frå æra! 1-3 tapet borte mot Sandane2 symboliserte godt kva Hyen har slete med i år, og derfor hadde det vore svært deilig å avslutta årets sesong med knuse  Gaular2 heime på grusen! Når laga møtest i Hyen i juni enda det med 4-2!
 
Publisert 22. september 2008.

 

                                                          

                           VS. 
 
 
 
Hyen har hatt ein svært skuffande sesong i år. Poengmessig fortel tabellen det ganske klart, men også spelemessig har det ikkje vore det heilt store. Resultatmessig er det 7-3 sigeren heime mot Sandane2 som skil seg ut, men den beste kampen gjennom sesongen var nok 2-2 kampen borte mot Florø3 og då sprsielt første omgang. Då kombinerte Hyen veldig fint og godt pasningsspel skapte mange gode muligheiter. Desverre mangla det då som resten av denne hausten på effektivitetn foran mål! Likevel er det å spele god fotball langt viktigare enn at det nødvendigvis blir så mange mål ut av det.

Under forrige kamp mot Sandane2 låg forholda veldig godt til rette for at Hyen på nytt kunne levere ein god spelemessig kamp. Desverre vart det veldig lite av det, og mykje av grunnen var nok at ein sjeldan fekk starta angrep bakfrå og at angripa vart basert mykje på enkeltprestasjonar og lite lagspel. I kampen mot Florø3 starta dei aller fleste angrepa frå back og ein spelte seg derifrå og fram med svært få touch. At dette funka svært bra såg vell dei fleste, og derfor er det litt underleg at Hyen ikkje har fokusert meir på det i dei to siste kampane!
 

Nok ein gong klart for heimekamp mot Gaular2!
 
Etter at Florø3 søndag slo Askvoll/Holmedal2 med 4-0 er det no kun FSK3 og Tambarskjelvar som har noko anna enn æra å spele for. Sandane2 tar tredje plassen, Hyen fjerde, Ahil2 femte og Gaular2 endar på jumboplassen. Likevel skulle ein tru at begge laga er interessert i å avslutte sesongen på ein god måte, og spesielt hos Hyen forventar vi full innsats. Det ville vore flaut om ein denne sesongen berre skal klare å ta halvparten antall poeng som avdelingsvinnaren vil ha til slutt. Skal ein unngå det må det bli seier!
 
Ettersom denne avdelinga spelar trippel serie har altså disse laga møtt kverandre to gongar tidlegare i sesongen. I juni vann Hyen komfortabelt 4-2 på heimebane. Hyen var då totalt overlegne og spesielt også til tider svært bra. Speiselt det første kvarteret i 2. omgang leverte heimelaget forrykande angrepsspel! Desverre gjekk det åt skogen då Hyen åpna haustsesongen på Osen, og Gaular vann heile 5-0. I rettferdighetens namn mangla Hyen då ein del sentrale spelarar og gaularværingane må nok forvente seg eit langt sterkare hyelag denne gongen!
 
Formmessig ser det ikkje så bra ut før Hyen foran denne kampen, og om Hyen totalt sett har hatt ein dårleg sesong så må ein kunne kalle årets haust meir eller mindre katastrofalt dårleg. Ser ein bort frå at laget blei tildømt 3 poeng mot Ahil2 har faktisk blåtrøyene kun tatt 2 poeng av 15 mulige i haustsesongen. Om det kan være ei lita trøyst so har Gaular2 fire strake tap og med ein målforskjell på 2-16. Laget har altså ikkje teke poeng sidan Hyen var på besøk!
 
 
Eit lite spenningsmomente er det uansett foran denne kampen. Årets HIL-stjerne skal kårast og per no er det enda Roger Nordal som leiar med sine 12 poeng til tross for at han har forlatt klubben. Men kun eit poeng bak ligg duoen Anders Klungre og Håkon Solheim, men Solheim må sone karantene og dermed er det kun ein god kamp frå Klungre som kan ta frå noværande Viggo-spelar Roger Nordal tittelen årets HIL-stjerne! Men skal Klungre ta tittelen må han ta minst to stjerner ettersom Nordal har fleire "Man of match"!

Når det gjeld laget til Hyen så er det en rekke forfall og lenge såg det svært tynt ut med tanke på innbyttarar, men at ein tur på bygda enda ein opp med 2 på benke til og med! Håkon Solheim må altså nok ein gong sone karantene etter at han fekk sitt 6. gule kort for sesongen sist. Ørjan Gjesdal knak handa under kampen mot Sandane2 og er dermed også ute og i tilegg er heller ikkje Øyvind Larsen og Karl Erik Utheim med. Men heldigvis er Geir Kjetil Aa Hope tilbake og Mats Henrik Solheim får sin sesongdebut! Det betyr ein tropp på 13 spelarar, og coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling 4-5-1:
Even Hallem; Anders Ommedal, Stein Are Eimhjellen, Ola Henning Ommedal, Karl Erik Holme; Ola Alexander Lilloe-Olsen, Åsmund Ommedal, Hans Otto Holme, Anders Klungre, Tommy Folkestad; Morten Hjelmeland.

Benken: Geir Kjetil Aa Hope og Mats Henrik Solheim.


Dommar i kampen er samme kar som mot Sandane2: Muhamet Barlla frå Heia.

Alt ligg til rette for ein strålande avsluttningskamp på sesongen. Vêrmeldingane viser strålande sol frå skyfri himmel og behagelige 14°C!

HYEN - GAULAR2        Hyen Sentralidrettsanlegg, 23. september kl 18:30