hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok



Sommaravslutning!

Ein lang, innholdsrik vårsesong er snart historie, men først skal Hyen avslutte dei heile med toppkamp mot Tambskjelvar! Dette er også Hyens tredje heimekamp på ei veke, og alle hyarar håpar sjølvsagt på reprise av 7-3 sigeren mot Sandane2 sist! Men dette blir nok ein langt tøffare kamp, ettersom Tambar blant anna har forsterka laget med ei Firdaliga-stjerne!
 
Publisert 23. juni 2008.


                                                          

                          VS. 
 
 

Det vart ein skikkelig "røkkare av ein fotballkamp" då lokaloppgjeret mot Sandane2 vart spelt i eit øspøs regnvær fredag kveld. Heimelaget ville mest og scora heile 7 mål i det som var ein veldig underholdande kamp for svært tøffe og patriotiske heimesupportera som trossa "bikkjeværet"! At sopass mange stilte opp er nok noko samtlege spelarar sett svært stor pris på! Ingen tvil om at ein får litt ekstra energi når det er litt liv på "tribuna"! Forhåpentlegvis blir det like bra stemning i komande kamp!

Spelemessig var nok også fredagens kamp, også Hyens beste i år. Til tross for at det var mange duellar så viste også heimelaget ein del gode forsøk på samspel. Bakover var det også ganske bra, til tross for tre innslupne mål. To av dei var identiske, og kom på markeringssvikt etter dødball, noko som betyr at ingen Hyen-spelarar gjer slike tabbar igjen! Omlegginga til 5-3-2 har tydeleg hatt ein positiv effekt på det defensive spelet, og når ein også puttar 7 mål med samme formasjonen så kan ingen heller stemple det som ein kjedeleg og deffensiv spelestil.
 
 
Tambarskjelvar har som venta fått det litt tøffare etter at dei begynte å spele bortekampar! 1-8 tapet mot Florø3 gav vell klar beskjed om at opprykket kan settast på vent denne sesongen! Men Tambar fortener den plassen dei har på tabellen i dag, og reiste seg umiddelbart etter flausa i Florø med å slå Gaular2 5-3 på Osen stadion. Sist gjorde dei muligens ein liten taktisk tabbe då dei ikkje markerte ut Sandane2 spelar Vidar Apalset. Det førte til at Apalset senka Tambar på eiga hand ved å putte tre mål. Hyen var veldig fokusert på å hindre han rom då dei møtte Sandane2, og hadde blant anna ein spelar som hadde ansvaret for å markere han heile kampen. Dette burde nok også Tambar ha gjort, og etter det vi har høyrt så var dei også til tider det beste laget på idrettsplassen, men effektiviteten var den store forskjellen på laga!

Tambar har som kjent avdelingas breiaste spelarstall, og no har dei også blitt ein ekstra. Og det er heller ikkje kven som helst laget frå Naustdal no har fått i stallen! Pål Arve Myklebust er den siste Tambar signeringa, og han kjem nok til å forsterke naustedølingane kraftig dei kampane han er med! Myklebust kjem nemleg frå mange års spel for Førde, og var på starten av dette tusenåret ein av dei viktigaste og beste Førde-spelarane der han nedkjempa motstandarane frå sin sentrale midtbane posisjon. Men han kan også spele midtstoppar, og Tambarskjelvar kjem nok til å nyte svært godt av han uansett korleis dei velge å disponere han. Sjå kva Tambarskjelvar skriv før kampen her.


Pål Arve Myklebust gjer comeback for Tambarskjelvar mot Hyen!
foto: haugenfotball.no

Ein skal vell være relativt stor optimist for å tru at både Hyen og Tambarskjelvar skal kunne rykke opp i år. Florø3 har vist over tid at dei er det klart beste laget, og ettersom dei både kan og vil rykke opp, så gjer dei noko også svært sannsynleg det! For Hyen og Tambar sin del blir det derfor i realiteten ein kamp om andre plassen. Med tre poeng til Hyen i tirsdagens kamp er det heimelaget som vil ta fotballferie på plassen bak Florø3, mens Tambarsiger vil bety at dei får ei luke ned til Hyen på 4 poeng, og det med ein kamp mindre spelt! Men Hyen er eit sterkt heimelag, og laget er også i god form og vil nok difor gje Tambar solid motstand!

Når det gjeld laget til Hyen så stille ein til denne kampen med den største troppen i år! Ny signeringa Morten Hjelmeland er endeleg klar for Hyen, og det blir spennande å sjå kva han kan få til i debuten! Både Tommy Folkestad og Stein Are Eimhjellen er også tilbake sidan sist, medan Karl Erik Utheim leve ut sine velfortente "kveitebrødsdaga"! Dette betyr ein tropp på 16 spelarar! Andre omgangen mot Sandane2 var veldig bra, og coachen ser naturlegvis ingen grunn til å forandre på laget i forhold til dei som gjekk på bana då:

Lagoppstilling (5-3-2):

Even Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Håkon Solheim, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Anders Klungre, Hans Otto Holme, Ørjan Gjesdal ; Åsmund Ommedal og Roger Nordal.

Benken: Morten Hjelmeland, Stein Are Eimhjellen, Andreas M. Kvalheim, Tommy Folkestad og Karl Erik Holme.

Dommar i kampen er Helge Hafsås frå Skavøypoll. Han var som kjent leiar i fotballgruppa til Hyen i 2005 og vi reknar difor med at det blir solid heimedømming i denne kampen! Hafsås var i hardt vær då han dømde damekamp på søndag. Bremanger sin trenar uttaler følgande på klubben sine nettsider: "Det som er synd, det er at damefotballen gang på gang får dei dårlegaste dommarane. Eg skal ikkje skylde tapet i dag på dommartrioen sjølv om dei er direkte innvolveret i begge baklengsmåla våre, men fytti katta for ei håplaus dømming. Det dei drive med i dag er rett og slett ein parodi i store periodar, og det går som oftast begge veiar. Det er frustrerande for oss som kjempar for jente/damefotballen å få oppleve dette gang på gang". Men det er no alltid to sider av ein sak, og det virkar ikkje så Breim hadde den samme oppfattninga! Hyen-spelar Anders Klungre var forøvrig linjedommar i kampen!    

Sjølv om det i det siste har vært et skikkelig møkka vær, så ser det ut til å være lys i enden av tunnelen. Det blir en dårleg start på tirsdagen, men til kampstart er det faktisk meldt 13°C og strålande sol!!

Ettersom det no går mot ferie, så blir neste kamp for Hyen ikkje før 19. august. Då er det på tide med ein bortekamp igjen, og turen går då til Osen og møte med Gaular2!

Til slutt vil vi berre få minne om at dette er ei uoffisiell supporterside for Hyen sitt 6. divisjonslag i fotball! Dei som heller ønskjer å lese det som står på den offisielle sida til Hyen Idrettslag kan gjere det her.

HYEN - TAMBARSKJELVAR    Hyen Sentralidrettsanlegg, 24. juni kl 19:00
Siste 5 for heimelag   Siste 5 for bortelag

20.06

Sandane2 7-3   18.06 Tambar *1-3

17.06

Florø3 0-2   10.06 Gaular2 *5-3

10.06

Ahil2 *4-2   03.06 Florø3 *1-8

03.06

Gaular2 4-2   27.05 Ahil2 0-0

27.05

Sandane2 *2-5   20.05 Hyen 3-2
Heimelagets 10 siste heime
J J J J J L J J L J
 
Bortelagets 10 siste borte
l L L K L L L L J L
Tabellposisjon Form siste 5
3. Hyen 8 3 0 1 13-8   1 0 3 9-16   22-24 12
2. Tambarskjelvar 7   3 1 0 8-2   1 0 2 7-14   15-16 13
3 0 2 16-14 9
2 1 2 10-16 7
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2004 2005 2006 2007 08 i Naustdal
- - - - 3-2

51,3 km

 

 

Tabell 6. divisjon avdeling 2 før 8. serierunde

Plass

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål

Poeng

1

 Florø3

7

6

1

0

28

9

19

2

 Tambarskjelvar

7

4

1

2

15

16

13

3

 Hyen

8

4

0

4

22

24

12

4

 Sandane2

8

3

1

3

17

19

10

5

 Gaular2

7

1

2

4

13

18

5

6

 Askvoll/Holmedal2

7

0

3

4

6

15

3

Tips for dei andre kampane
Her kjem våre tips for kampane i 6. divisjon avd. 2 i 8. serierunde:

 
ASKVOLL/HOLMEDAL2 - FLORØ3       Hilvang Stadion, 24. juni kl 19:00
Siste 5 for heimelag   Siste 5 for bortelag
17.06

Gaular2

*0-4   17.06 Hyen *2-0
10.06

Hyen

2-4   10.06 Sandane2 3-2
03.06

Sandane2

1-1   03.06 Tambar 8-1
27.05

Tambar

*0-0   27.05 Gaular2 *3-3
20.05

Florø3

*1-3   20.05 Ahil2 3-1
Heimelagets 10 siste heime
L L L K J L L K K L
 
Bortelagets 10 siste borte
J J L J L L L J K J
Tabellposisjon Form siste 5
6. Askvoll/Holmedal2 7   0 2 1 4-6   0 1 3 2-9   6-15 3
1. Florø3 7   4 0 0 20-5   2 1 0 8-4 28-9 19
0 2 3 4-12 2
4 1 0 19-7 13
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2006 07 i Florø 2007 07 i Florø 08 i Florø 
- 7-1 7-1 8-3 3-1

111,7 km

Vurdering

I denne kampen møtast topp mot bunn! Ahil2 ligg heilt nederst i avdelinga og sist gjekk dei på ein skikkelig smell då dei tapte 4-0 borte mot Gaular2. Disse to laga har skilt seg ut som dei to klare botnlaga i avdelinga og eit sopass solid tap betyr nok at Ahil2 blir liggande i den enden av tabellen også resten av sesongne. Ahil2 fekk også ein del kort sist, og Kristoffer Helle blei blant anna utvist noko som medføre at han må sone karantene i denne kampen!

Florø3 er som nevnt til det kjedsomlege avdelingas klart beste lag. Ein kan eigentleg sei at denne avdelinga har delt seg i 3, der Florø3 har skilt seg ut som den suverene opprykksfavoritten. Sist tok laget med seg 3 poeng frå Hyen, og sjøl om dei ikkje spelemessig var så veldig overbevisande så er det ikkje mange lag som vinn i Hyen!

Disse laga møtest 3 gongar i fjor og laget som hadde heimebane vann suverent kver gong! Ahil2 vann 7-1 her i fjor, medan kampen i Florø ikkje lenge etter også enda med 7-1, men då til Florø3! 6 målssiger til Ahil2 vil overraske kolosalt i år, og vi trur nok at bruntrøyene får med seg alle poenga denne gongen
! 1-4?

 
SANDANE2 - GAULAR2                            Idrettsplassen, 24. juni kl 19:00
Siste 5 for heimelag   Siste 5 for bortelag
20.06 Hyen *3-7   17.06 Ahil2 4-0
18.06 Tambar 3-1   10.06 Tambar 3-5
10.06 Florø3 *2-3   03.06 Hyen *2-4
03.06 Ahil2 *1-1   27.05 Florø3 3-3
27.05 Hyen 5-2   20.05 Sandane2 0-2
Heimelagets 10 siste heime
K L J L L J J J J J
 
Bortelagets 10 siste borte
l l l l l l l L K L
Tabellposisjon Form siste 5
4. Sandane2 8   2 0 1 9-6   1 1 3 8-13   17-19 10
5. Gaular2 7   1 1 2 10-10   0 1 2 3-8   13-18 5
2 1