|
Stilpusane kjem!
Årets første poengtap på heimebane var eit faktum då Hyen tapte mot Florø3 sist i det som var den første av 3 heimekampar på rad. Hyen hadde store problem med å få til noko spel og tapte fortent. No er det klart for ny kamp på hyegrusen, og det er duka for eit skikkelig lokaloppgjer når Sandane2 ventar på motsett halvdel!
| Publisert 19. juni 2008. |
|
VS.  
Kampen mot Florø3 vart ein skikkelig slite kamp for Hyen. Mykje duellar og kjemping, men lite spel og 0 poeng vart resultatet etter 90 minutt mot den suverene serieleiaren. 2-0 tapet var fortent, men kampbilde viste likevel at det ikkje var veldig stor forskjell på laga. Hovedforskjellen og grunnen til at Florø3 stakk av med alle poenga var likevel at dei turte å prøve på konstruktive ting når dei fekk ballen, mens det frå Hyen sin del vart alt for mange poleballar utan mål og meining.
Det at Hyen no spelar ny kamp allerede tre dagar etter nedturen mot Florø3, betyr at ein kan rette fokus framover med ein gong. Alle skjønte kva som gjekk gale sist, og då er det berre til å forsøke å la være å gjere dei samme tabbane på nytt. Nøkkelen her ligg i at laget prøvar å spele i lag. Få ballen ned på bakken, ut på kantane, inn i midten og knall i mål. Så enkelt sagt, men kanskje ikkje like enkelt gjort! Uansett så må ein tørre å prøve. Om ein tapar 5-0 så spelar det lita rolle så lenge ein har prøvd å få til noko konstruktivt. Då vil ein sannsynlegvis i alle fall bli betre etterkvert som ein har feila nokre gonger. Den måten Hyen spelte fotball på mot Florø3 føre ikkje på nokon som helst måte til at ein blir betre verken som enkelt spelar eller saman som lag.

Sandane2 spelte onsdag kveld mot Tambarskjelvar på idrettsplassen. Til tross for ein jamn kamp, der det eigentleg var bortelaget som imponerte mest vann heimelaget med komfortable 3-1. Alle måla vart scora av superspissen Vidar Apalset, og kva ein slik spelar gjer i 6. divisjon det kan i alle fall ikkje vi skjønne når ein ser kor Sandane sitt a-lag ligg på tabellen! Uansett må Hyen forvente at han tar turen på fredag, og skal poenga bli igjen i bygda må ein passe godt på han. Men i kampen mot Florø3 klarte Hyen-forsvaret å demme kraftig opp for avdelingas toppscorar (Dani Brandsøy med 11 mål) og vi har god tru på at dei gjer ein like god jobb mot Apalset og co!
Til tross for at det blei tap heime sist, så er Hyen eit godt heimelag. 8 av dei 10 siste heimekampane har enda med 3 poeng noko som også er snittet på heimebane sidan 2001! Dei fem siste innbyrdes oppgjera mellom laga i Hyen viser at det brukar å bli scoringskalas! Det har i snitt blitt scora heile 9 mål i kampane og i 2002 vann Hyen heile 11-3 på hyegrusen!! Noko reprise på det kan vell sjøl ikkje ein svært optimistisk hyar ha tru på, men Hyen har hatt eit bra tak på Sandane2 på heimebane, og håpet er sjølvsagt at ein kan videreføre den trenden!

Når det gjeld laget til Hyen så er både Even Hallem, Håkon Solheim og Andreas M. Kvalheim tilbake sidan sist. Det er heller ingen nye fravær sidan sist. Dette betyr ein tropp på 15 spelarar! Coachen har tatt ut følgjande lag: |
Lagoppstilling (5-3-2):
Even Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Håkon Solheim, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Ørjan Gjesdal, Hans Otto Holme, Anders Klungre; Åsmund Ommedal og Roger Nordal.
Benken: Andreas M. Kvalheim, Tommy Folkestad og Karl Erik Holme.
Dommar i kampen er tru det eller ei ikkje Sureskumar Kathiravel frå Eid, men ein av kollega av han frå samme bygd, nemleg Muhamet Barlla frå Heia! Det er forøvrig samme mann som dømte laga i kampen på Sandane!
Også på fredag ser det dårleg ut væremsssig. Det er meldt kraftig regn (20 mm nedbør iløpet av døgnet), frisk bris frå sør og berre 10°C!
Neste kamp for Hyen er ein ny heime kamp, og den er allerede på tirsdag 24. juni. Då er det Tambarskjelvar som tar turen!
| HYEN - SANDANE2 Hyen Sentralidrettsanlegg, 20. juni kl 18:00 |
| Siste 5 for heimelag |
|
Siste 5 for bortelag |
|
17.06 |
Florø3 |
0-2 |
|
18.06 |
Tambar |
3-1 |
|
10.06 |
Ahil2 |
| | | |