hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Ut mot havet...

Sjølv om det pågår litt viktigare fotball hendingar i disse dagar i nokre sine auge, så tar ikkje 6. divisjon ferie av den grunn! Mens tippeliga-spelarane har tatt ferie og svenskane skal slå regjarande mester Hellas, so tar Hyen turen ut mot havet og møte med Askvoll/Holmedal sine nest beste på Hilvang! Hyen vann då laga spelte mot kverandre på hyegrusen og spørsmålet blir om laget klare å ta ein ny skalp på Ahil2!?

Publisert 9. juni 2008.

 

Første tredjedel av sesongen er over, og det betyr at samtlege lag har spelt mot kverandre. Kampane i avdelinga har vell gått omtrent som forventa og at blant anna Florø3 ligg ubesigra på topp kjem ikkje som noko overraskelse. I bunn finn vi Ahil2 og Gaular2 og det er også som forventa. Den største overraskelsen er vell at Tambarskjelvar ligg på 2. plass med 10 poeng, men med tanke på at dei har spelt 4 av 5 kampar på heimebane så er ikkje det noko ein treng å sprette champagnekorkar for. Spesielt ikkje då laget tapte heile 8-1 mot Florø3 sist i det som var lagets første bortekamp i år.

 

                           VS.

 

Som kjent møtte Hyen Askvoll/Holmedal2 heime i første runde, og det betyr at det no er klart for kamp mellom disse laga på Hilvang i Holmedal! Sesongen til Hyen so langt har desverre vore nokre hakk under forventa og dei 6 poenga ein har burde vell strengt talt vore dobla om ein skulle vore veldig fornøgd med dei første fem kampane. Spesielt var 5-2 tapet borte mot Sandane2 veldig skuffande, og det stygge 6-1 tapet i Florø mot FSK3 var ingen kamp mange hyara vil huske med gode minner. Kampen borte mot Tambarskjelvar hadde gitt siger om ein hadde hatt litt meir tur, samt vore meir effektive foran mål.



Det er heimekampane som har sørga for at Hyen har vore å funne på øvre halvdel stort sett gjennom heile laget sin eksistens i fylkets jumbo divisjon. I år har ein også gjort det bra heime og begge dei to heimekampane har gitt full pott. Ein skal nok ikkje sjå vekk i frå at dette kan skuldast at ein har møtt avdelingas antatt to svakaste lag, men forhåpentlegvis viser dette at den gode heimeforma også er på plass i år. Men borteforma til no i år er ingen ting å juble for! 0 poeng og 5-14 i målforskjell fortelle vell sitt om at noko er alvorleg gale. Kva dette skuldast har vi ingen naturlig forklaring på, men i værste fall skuldast det at ein rett og slett ikkje er så gode, og at poenga på hemebane er ein konsekvens av at nesten alle lag slit med å få til spel på den elendig bana i Hyen. Uansett så har ikkje Hyen tatt poeng på bortebane sidan 2-1 sigeren mot Anga i august 2007.  Blir det ikkje poeng på Hilvang heller, så kan ein faktisk risikere at Hyen vil gå eit heilt år utan å ha tatt bortepoeng!

Askvoll/Holmedal2 har ikkje akkurat hatt noko kanonsesong til no, men ein må no tross alt kunne sei at dei har hatt relativt stor forbetring sidan fjorårs sesongen. Laget har faktisk spelt heile 3 uavgjort, og sjølv om det har blitt tap i dei to andre kampane så viser målforskjellen 4-7, og det er ikkje noko å skjemme seg over. Faktisk vil vi påstå at det å ha sopass lave tall når det gjeld målforskjell på det nivået her vitnar om kvalitet og bra potensial. For eksempel Hyen har jo stort sett hatt is-hockey resultat i heile år, og det å kunne spele 1-1 enkelte gongar må være positivt. Hyen har vell ikkje spelt uavgjort på fleire år! Det at Ahil2 er sopass solide defensivt kan fort føre til at dersom dei får forsterkninga frå a-laget heilt framme så kan det plutselig løsne skikkelig. Blant anna ser vi helst at rudi Aalen held seg unna 2. laget både på tirsdag og når Ahil skal ta seg ein ny hyetur.

Knytta seg litt spenning til kven heimelaget stille med i mål til denne kampen. I forrige alags-kamp, som endte med 0-5 tap borte mot Saga blei både første og andre keeperen skada. Andre keeperen som har stått alle kampane til Ahil2 i år måtte ut med strekk. Godt mulig han er klar igjen til kamp no, men muligens kan utespelaraen som steppa inn for han være aktuelle. I motseting til dei to keeperane før han klarte nemlig han å holde nullen!!
 


Når det gjeld laget til Hyen så er heldigvis nokre spelarar tilbake sidan sist, noko som betyr at ein til denne kampen i alle fall har med spelarar på benken. Karl Erik Utheim manglar fortsatt, og i tillegg er Øyvind Larsen og Karl Erik Holme ute. Men både Hans Otto Holme og Tommy Folkestad er tilbake sidan sist. Stein Are Eimhjellen gjer nytt comeback, og Geir Kjetil Aa Hope og Olav Klungre er muligens med og. Det betyr ein tropp på 12-14 spelarar. Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):

Even Arne Hallem; Håkon Solheim, Hans Otto Holme, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal; Andreas M. Kvalheim, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Anders Klungre, Tommy Folkestad; Roger Nordal.

Benken: Stein Are Eimhjellen, (Geir Kjetil Aa Hope og Olav Klungre).


Dommar i kampen er nok ein gong for Hyen sin del godeste Sureskumar Kathiravel frå Eid. Historikken hans med Hyen viser feilaktig annulering og ikkje-gitte straffespark! Anar vi at eit rødt kort er i gjære!? Det må vell i so fall nesten bli første røde kortet på Hyen sidan Vidar Holme var utvist av dommar Helge Hafsås for viljehands i ein treningskamp mot guttelaget til STIL på det tidlege 90-tall!

Vêrmeldingane i Holmedal på tirsdag viser at det ser ut til å bli litt kaldare tempratur enn kva som har vært tilfelle dei siste vekene, men det er nok like greit når det gjelde dei fotballmessige forholda. Prognosane viser at det blir eit skikkelig ruskevær med regn, stiv kuling og beskjedne 11°C!

Neste kamp for Hyen er ein skikkeleg godbit då hyarane tek i mot tabelleiar Florø3 i det som er starten på 3 heimekampar for Hyen på ei veke som også avsluttar vårsesongen. Kampstart er tirsdag 17. juni 19:00 på hyegrusen!

ASKVOLL/HOLMEDAL2 - HYEN             Hilvang stadion, 10. juni kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
03.06 Gaular2 4-2   03.06 Sandane2 1-1
27.05 Sandane2 *2-5   27.05 Tambarskjelva *0-0
20.05 Tambarskjelvar *2-3   20.05 Florø3 *1-3
13.05 Florø3 *1-6   13.05 Gaular2 1-1
06.05 Ahil2 2-1   06.05 Hyen *1-2
 
Heimelagets 10 siste heime
L L L L K J L L K K
 
Bortelagets 10 siste borte
J L L L J L L L L L
Tabellposisjon Form i år
5. AHIL2 5 0 2 0 2-2   0 1 2 2-5   4-7 3
4. Hyen 5 2 0 0 6-3   0 0 3 5-14   11-17 6
0 3 2 4-7 3
2 0 3 11-17 6
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2004 2005 2006 2007 08 i Hyen
- - - - 2-1

124,0 km

 

 

Tips for dei andre kampane
Her kjem våre tips for kampane i 6. divisjon avd. 2 i 6. serierunde:
 
GAULAR2 - TAMBARSKJELVAR                  Osen stadion, 10. juni kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
03.06

Hyen

*2-4   03.06 Florø3 *1-8
27.05 Florø3 3-3   27.05 Ahil2 0-0
20.05 Sandane2 0-2   20.05 Hyen 3-2
13.05 Ahil2 *1-1   13.05 Sandane2 2-0
06.05 Tambarskelvar *0-3   06.05 Gaular2 3-0
Heimelagets 10 siste heime
l l l l l l l l L K
 
Bortelagets 10 siste borte
l l l L K L L L L L
Tabellposisjon Form siste 5
6. Gaular2 5   0 1 1 3-5   0 1 2 3-8   6-13 2
2. Tambarskjelvar 5   3 1 0 8-2   0 0 1 1-8   9-10 10
0 2 3 6-13 2
3 1 1 9-10 10
Innbyrdes siste 5 sesongar(Gaular a-lag)

Reiseavstand

1999 2000 2001 2002 08 i Naustdal
3-0 - - 6-0 3-0

33,6 km

Vurdering

Gaular2 står med 2 poeng etter 5 kampar, og sist blei det 2-4 tap i Hyen. Då viste dei seg ikkje fram på nokon måte, og tapet kunne vore langt værre! Men no er det heimekamp igjen, og sist gong dei spelte heime på Osen blei det 3-3 mot tabelleiar Florø3. Dette var ei bra resultat, og ikkje minst desto meir imponerande med tanke på at dei låg under 0-3 til pause. Korleis dei vil klare seg i denne kampen kjem selvfølgelig ann på om dei får med folk frå førstelaget eller ikkje, men etter at a-laget bokstavleg talt "slakta" Breim i forrige kamp så skulle ein vel tru at sjansen for nokre forsterkingar skulle være tilstade.

Tambarskjelvar virka å være eit lovande lag, og i mot våre spådommar så har dei hatt ein god poengmessig sesongstart. Vi hadde trudd at laget ville trenge nokre kampar før dei kom i gong, men Tambar har vist seg å være eit vanskeleg lag å slå i Naustdal. Men formkurva deira har vore negativ, og etter at det blie siger i dei 2 første, vann dei ufortent mot Hyen før dei spelte uavgjort heime mot Ahil2 og deretter til slutt no sist blei knust 8-1 av Florø3 borte!

Tambarskjelvar skal på papiret være eit sterkare lag, men borte trur vi de kan få problem, og spesielt når denne kampen går på gras trur vi dei vil få slite! Dersom Gaular2 får med seg eit par frå førstelaget trur vi det er nok til at dei sikrar seg sesongens første 3 poengar! 3-2

 
FLORØ3 - SANDANE2                                  Florø stadion, 10. juni kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
03.06 Tambarksjelvar 8-1   03.06 Ahil2 *1-1
27.05 Gaular2 *3-3   27.05 Hyen 5-2
20.05 Ahil2 3-1   20.05 Gaular2 *2-0
13.06 Hyen 6-1   13.05 Tambar *0-2
06.05 Sandane2 *3-1   06.05 Florø3 1-3
 
Heimelagets 10 siste heime
K L J L L J J J J J
 
Bortelagets 10 siste borte
J J L J L J K L J K
Tabellposisjon Form i år
1. Florø3 5   3 0 0 17-3   1 1 0 6-4   23-7 13
2. Tambarskjelvar 5   1 1 0 6-5   1 1 1 3-3   9-8 7
4 1 0 23-7 13
2 1 2 9-8 7
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2004 2005 2006 2007 08 på Sandane
- - - - 0-3

98,3 km

Vurdering

Florø3 fortsette å imponere, og 8-1 siger mot tabell toar Tambarskjelvar sist vise at dette laget ligg eit nivå over dei andre i denne avdelinga! Men noko opprykk blir det nok uansett ikkje i år! 2. laget ligg heilt botn av 5. div. avd. 2 og dersom FSK3 skal opp må FSK2 opp, og det er vell mildt sagt veldig usannsynlig at vil skje slik tinge ser ut no! Dette trur vi nok kan føre til formsvikt til dette laget utover hausten. Når ein innser at uansett resultat så vil ein ikkje kunne rykke opp vil nok også motivasjonen etterkvert også bli mindre. Men laget vil nok vinne avdeling enkelt fordi, og det blir ingen lette kampar mot bruntrøyene i år!

Sandane2 har overraska positivt, og laget har blant anna tatt like mange poeng borte som heime i år! Er mange veldig unge spelarar her, men i dei kampane dei får supplert med litt eldre ser det ut til at dei høyrer heime på øvre halvdel av tabellen. Men dei er veldig avhengig av at det til ei kver tid er med eit par litt eldre som kan pushe laget, og når bortekampane kjem, så kjem ikkje disse av seg sjøl!

Florø3 skal rett og slett være eit mykje betre lag, og heime på kunstrgas mot spelarar som ikkje er vant med det underlaget vil dei nok få relativt lett match. Håpar for Sandane2 sin del at dei har med nokre frå a-laget, eller så kan dei fort gå på ein "tambar"! 4
-1?


Prematchmal er henta frå fjora.no