hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Nabooppgjer på Sandane

3 runder av årets sesong er ferdig, og Hyen står med ein siger og to tap! Etter ein spelemessig dårleg start i dei to første kampane viste Hyen seg frå ei litt betre side mot Tambarskjelvar til tross for 3-2 tapet. Håpet no er sjølvsagt at den spelemessig framgongen fortsett og ingenting hadde vell passa betre enn å ha tatt sesongens første bortesiger mot dei nest beste stilpusane....

Publisert 26. mai 2008.

 

Igjen blei det ingen overraskelsa då 3. runde i avdeling 2 blei spelt. Florø3 og Tambarskjelvar tok begge nye 3 poengera, medane Gaular2 og Ahil2 gjekk på nye tap.

                                                          VS. 
 
 
 
Hyen har gått på to strake bortetap i år og står no med 5 bortetap på rad og har ikkje tatt poeng ute sidan 2-1 sigeren mot Anga i august 2007. Dermed er det ingen tvil om at det nok er på tide med nye bortepoeng! 3 poeng på 3 kampar er minst 3 for lite, og dersom Hyen ønskjer å være eit topplag i år er det pika det nødvendig med ein ny siger snart!

Sist burde det blitt poeng, men både avslutningane og dommaravgjerelsane gjekk ikkje Hyen sin veg, og dermed blei alle poenga igjen i Naustdal. Spelemessig var det framgong og når ein i tilegg har svært mykje å gå på oppå der igjen så er det ingen tvil om at Hyen har eit høgt beste nivå. Utfordringa blir berre å verkeleg komme i gong. Dårleg treningsgrunnlag må nok ta mykje av skylda for dette, og soleis har ein også veldig gode muligheita til å komme på eit langt betre nivå enn der ein er i dag.
 

Blir nok ikkje fullt så mange tilskuarar når Hyen reise til Sandane!
 
Sandane2 som består av mange unge spelarar, og fekk ein tøff start på sesongen med to tap på dei to første kampane. Sist blei det derimot ein oppløftande siger borte mot Gaular2 og det har nok ført til at det unge laget har fått inn sjølvtillit og trua på å vinne kampar. Det mest spennande blir å sjå om det blir to ex-hyarar på dette laget i tirsdagens kamp. Hverken Vegard Pedersen eller Marius Hallem starta forrige a-kamp og kan soleis starte her. Men seriøst gutta, spel på STIL2 kan vell ikkje være noko særleg, kom heim te hya!!
 
For Hyen sin del skal det bli seier i denne kampen, men er nokre faktorar som kan gjere dette vanskeleg. Som kjent er laget ikkje veldig gode borte og spesielt ikkje på naturgras. Eit nabooppgjer vil nok også kunne føre til at Sandane2 får med nokre forsterkningar, og ein kan risikere at både Leirgul og Austrheim dukkar opp! Då seier det seg sjølv at det ikkje blir noko lett kamp! Men håpet får være at ein fortsette framgongen ein hadde sist og prøva å holde ballen meir i laget og få til meir spel. Kampen går på idrettsplassen og det gjer at forholda ligg godt til rette for dette, og med fint vær og kanskje litt publikum bør dette bli ein underholdande og god kamp for og av begge laga!
 

Får tru at dei ikkje blir så mange duelllar mellom Hyen-spelarane og Heia-spelar/dommar Barlla (bak til venstre) i denne kampen!
foto: haugenfotball.no

Når det gjeld laget til Hyen så er Ola Alexander Lilloe-Olsen ute sidan sist, mens viktige Anders Klungre er tilbake. Dette betyr ein tropp på 15 spelarar! Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):
Even Arne Hallem, Håkon Solheim, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal;  Karl Erik Utheim, Anders Klungre, Åsmund Ommedal, Ørjan Gjesdal, Andreas M. Kvalheim; Roger Nordal.

Benken: Hans Otto Holme, Karl Erik Holme, Tommy Folkestad og Geir Kjetil Aa Hope.


Dommar i kampen er Heia-spelar Muhamet Barlla, og vi satsar på at han er litt meir gavmild no enn han var i treningskampen mellom Heia og Hyen i 2007 då han putta 2 mål og bidrog til at Hyen vart knust 6-1!

Vêrmeldingane på Sandane på tirsdag viser at det blir ein finfin kveld med delvis skya, 16°C og svak vind!

Neste kamp for Hyen er tirsdag 3. juni, då Gaular2 kjem på besøk. Kampstart då er 19:00 på hyegrusen!

SANDANE2 - HYEN                                   Idrettsplassen, 27. mai kl 20:15
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag

27.05

Gaular2 *2-0   20.05 Tambarskjelvar *2-3

20.05

Tambar *0-2   13.05 Florø3 *1-6
13.05 Florø3 1-3   06.05 Ahil2 2-1
26.04 Breimsbygda 1-4   14.04 Heia *1-1