hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Hyen reiser til Naustdal

Årets to første serierunder er spelt, og Hyen står med ein seier og eit tap! Til tross for at Hyen står med 3 poeng så har spelet i dei to første kampane vore av den dårlege sorten og når ein no møter Tambarskjelvar på bortebane får ein verkeleg sjå kor nivået til Hyen ligg i år. Tambar har vunne sine to første kampar, så dette blir inga lett oppgåve for hyarane!

Publisert 19. mai 2008.

 

Andre serierunde blei nok ein gong av den forutsigbare sorten. Det mest overraskande var at det blei poengdeling på Hilvang ettersom uavgjor er eit resultat ein ser så ofte i 6. divisjon. Florø3 var som venta overlegne mot Hyen og Tambar tok ein grei seier heime mot Sandane2. Det betyr at det no er 2 lag som har full pott, medan Sandane2 er einaste lag utan poeng! Hyen skal i 3. serierunde møte Tmabarskjelvar borte. Eigentleg skulle dette vore ein heimekap for Hyen, men ettersom Tambar til somaren skal legge kunstgras, noko som då vil føre til at det ikkje går ann å spele fotball i Naustdal mens arbeidet pågår, så vart klubbane einige om å bytte om dei to kampane.

 

                                               VS. 
 
 
 
Hyen har hatt ein ok start poengmessig denne sesongen. Siger heime mot Ahil2 og tap borte mot Florø3 er vell eigentleg heilt etter planen, og hverken betre eller dårlegare enn kva ein hadde forventa før sesongen. Men spelemessig har laget vore eit godt stykke frå der ein skulle ønskje at ein var og det er nok i seg sjølv meir bekymringsfullt enn at det blei 6-1 tap i forrige kamp. Likevel velge vi å tru at dette er ein følge av dårlege forbredelsa før sesongen (som vanlig!) og at ein år har slite meir med få tilgjengelege spelarar enn tidligare år. Dette vil nok likevel bli betre etterkvert og trur vi også at det spelemessig vil bli ein opptur. Men til tross for at ein får fleire spelarar tilgjengeleg rundt ferietider så må ein nok berre innsjå at spelarstallen i år er veldig tynn, og det betyr nok også at laget kanskje bør revurdere ambisjonane sine.


Hyen har fått seg ei vekes pause sidan braktapet mot Florø3, forhåpentlegvis har
den gjort so godt at laget no er klart til å ta skalpen til Tambarskjelvar!

Hyen har aldri vore sett på som eit stort bortelag, men statistikken til Hyen på bortebane i 6. divisjon dei siste 8 sesongane er likevel akseptabel då dei har  vunne 43% av alle kampane. I snitt blir det 5 mål i kampane Hyen spelar borte noko som også seier sitt om at det svært sjeldan blir poengdeling.
 
I Naustdal er situasjonen omtrent heilt motsett av kva den er i Hyen. Tambarskjelvar har ein stor spelarstall, og laget er nødt å vrake spelarar til kver kamp ettersom det ikkje er ubegrensa plass på sjølv ein 6. divisjonsbenk! Dette i seg sjølv er veldig positivt med tanke på at "kamp om plassane" vil gje spelarane ein ekstra guts, og ekstra motivasjon for å møte opp på treningar. Men ein stor spelarstall er også sjølvsagt i kampsituasjon då ein heile tida kan gjere bytter og få ut daukjøttet når enkelte lår og og leggar er ferdig mørna. Spelarstallen virkar itilegg å være veldig jamn og då er det mykje som tyder på at Tambar blir eit lag å "rekne med i år"! Det som vi likevell trur skuldast Tambar sin gode seriestart er at dei i vinter har spelt mange seriekampar og då har dei klart å fått luka ut feil i disse kampane i motsetning til blant anna Hyen som kun har spelt ein kamp i vinter, og soleis treng nokre kampar på å komme i gong. Likevell treng dei ikkje å  ta heilt av i Naustdal. Til no har dei har møtt to av dei svakaste laga begge heime, og då skal det strengt talt også bli siger!
 

Kampen mot Tambar blir nok ein krig med mange tette duellar!
foto: haugenfotball.no

Nok ein gong trur vi Hyen får ein tøff kamp, noko vi trur ein stort sett vil få på kver bortetur denne sesongen. I Naustdal er det uansett grus og det betyr nok at ein vil få det lettare ettersom dette er kjent underlag. Men det er vell ein svakhet i seg sjølv at ein er best på det dårlegaste underlaget, noko som også går igjen då Hyen vell ikkje akkurat er kjent for sambafotball! Dette blir nok ein krigekamp, og det laget som kjempar hardast vil nok også ta med seg alle poenga! Hyen bør nok la heimelaget styre kampane og være kyniske og satse på kontringar. Tambar ser ikkje ut til å være dødeleg effektive i år, men dei har også tilgode å sleppe inn mål til no i sesongen. Dette er litt oppsiktsvekkande med tanke på at baklengsmåla hagla inn i treningskampane, men vi trur nok nullen sprekk i denne kampen. Spørsmålet blir kor mange mål Hyen treng for å vinne! Roger Nordal hindra eit endå styggare tap sist med fleire gode redningar, men  samtidig er han lagets giftigase målscorar og ettersom han nok ein gong står i mål for Hyen, har vi litt problem med å sjå kven som skal score dei avgjerande måla for Hyen i denne kampen! Bortsett frå Åsmund Ommedal så er det svært få som kan skryte på seg den heilt store målteften, og for Hyen sin del trur vi det viktige i denne kampen er å tette igjen bakover dersom ein skal få med seg alle 3 poenga!

Når det gjeld laget til Hyen så er ikkje spelarsituasjonen blitt noko særleg betre sidan dei to første kampane! Keeper Even Arne Hallem er fortsatt ute, og i tilegg manglar no Anders Klungre. Karl Erik Utheim og Geir Kjetil Aa Hope. Dette betyr ein tropp på berre 13 spelarar! Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):
Roger Nordal; Håkon Solheim, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal; Tommy Folkestad, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Hans Otto Holme, Karl Erik Holme; Karl Erik Utheim.

Benken: Andreas M. Kvalheim og Geir Kjetil Aa Hope.

Troppen til Tambarskjelvar(henta frå tambar.no):
Olav Hundershagen, Kristoffer Hundershagen, Joar Vefring, Gunnstein Vefring, Ole Bertil Elvebakk, Villy Andre Engebø, Anders Savland, Jon Eivind Nygård, Tomas Andal, Harald Kalland, Lars Ingar Kalland, Roger Edvardsen, Thomas Solheim, Tore Klopstad, Jonas Røyseth Paulen, Ørjan Slettemark, Torgeir Herstad og Sven Carlsen

Kven som er dommar i kampen har vi desverre ikkje fune ut, men forhåpentlegvis har SFFK fått satt opp ein kar og hadde no vore kjekt om han også tok med kort til kampen!

Vêrmeldingane i Naustdal på tirsdag viser at alt ligg til rette for ein nydeleg kveld på Naustdal stadion. Prognosane viser strålande sol med 12°C og lett bris frå hyefjella!

Neste kamp for Hyen er tirsdag 3. juni, då Gaular2 kjem på besøk. Kampstart då er 19:00 på hyegrusen!

TAMBARSKJELVAR - HYEN                    Naustdal stadion, 13. mai kl 19:00
Siste 5 i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
13.05 Sandane2 2-0   13.05 Florø3 *1-6
06.05 Gaular2 3-0   06.05 Ahil2 2-1
01.05 Anga *4-4   14.04 Heia *1-1
24.04 Jølster2 2-5  
20.04 Florø3 *1-2  
 
Heimelagets 10 siste heime
l l l L K L L L J J
 
Bortelagets 10 siste borte
J J J L L J L L L L
Tabellposisjon Form i år
2. Tambarskjelvar 2 2 0 0 5-0   0 0 0 0-0   5-0 6
3. Hyen 2   1 0 0 2-1   0 0 1 1-6   3-7 3
2 0 0 5-0 6
1 0 1 3-7 3
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2003 2004 2005 2006 2007
- - - - -

51,3 km

 

 

Tips for dei andre kampane
Her kjem våre tips for kampane i 6. divisjon avd. 2 i 3. serierunde:
 
FLORØ3 - ASKVOLL/HOLMEDAL2             Florø stadion, 13. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
13.05

Hyen

6-1   13.05 Gaular2 1-1
06.05

Sandane2

*3-1   06.05 Hyen *1-2
20.04 Tabarskjelvar 2-1  
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
J J K L J L L J J J
 
Bortelagets 10 siste borte
L L L L L K L K L L
Tabellposisjon Form siste 5
1. Florø3 2   1 0 0 6-1   1 0 0 3-1   9-2 6
4. Askvoll/Holmedal2 2   0 1 0 1-1   0 0 1 1-2   2-3 1
2 0 0 9-2 6
0 1 1 2-3 1
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2004 2005 2006 2007 2007
- - - 7-1 8-3

117,7 km

Vurdering

Florø3 som vi tippar på topp av tabellen i år har vist at dei fortener tipset, og 9-2 og 6 poeng etter to kampar må kunne kallast ein perfekt start! Laget har også spelt svært godt, noko Hyen fekk merke klart og tydeleg sist. Dette blir ok ein kamp heime på kunstgraset for Florø3, og her trur vi dei blir veldig vanskelig ta poeng frå i år! Ahil2 slo dei med 7-1 og 8-3 her i fjor, og det vi lurer på i denne kampen er om dei kan klare 2sifra!?

Askvoll/Holmedal2 som vi tippa på siste plass i avdelinga, har vist at dei ikkje blir den soleklare jumboen, og dei kunne fort stått med 6 poeng etter 2 kampar! Både tapet i Hyen og poengdelinga heime mot Gaular2 sist kunne tippa i favør grønntrøyene! Til Hyen hadde dei berre med 12 spelarar og her trur nok vi at noko av det største problemet til laget ligg. Kor mange gidd å ta turen til Florø med tapa frå i fjor på minnet? A-laget vart knust av Dale sist, så stemninga er nok ikkje på topp og noko betre trur vi ikkkje den blir etter denne kampen!

Her møtes seriefavoritten mot det vi trur er det svakaste laget i avdelinga. Då skal det være klasseforskjell, og skulle vi satt odds på denne kampen hadde vi ikkje gitt meir enn 5% rente på FSK siger! Dette blir slakt, og her er det kun kor mykje Florø3 gidde som gjelde! 8-1

 
GAULAR2 - SANDANE2                              Osen stadion, 13. mai kl 19:00
Siste 5 for heimelag   Kampar i år for bortelag
13.05 Ahil2 *1-1   13.05 Tambar *0-2
06.05 Tambar *0-3   06.05 Florø3 1-3
19.04 Anga *1-2   26.04 Breimsbygda 1-4
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
l l l l l l l l l l
 
Bortelagets 10 siste borte
J K J J L J L J K L
Tabellposisjon Form siste 5
5. Gaular2 2   0 0 0 0-0   0 0 2 1-4   1-4 1
6. Sandane2 2   1 0 0 1-3   0 0 1 0-2   1-5 0
0 1 1 1-4 1
0 0 2 1-5 0
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2003 2004 2005 2006 2007
- - - - -

103,7 km

Vurdering

Gaular2 er eit lag vi ikkje heilt skjønnar oss på! Forrige veke spelte laget kamp tirsdag, medan a-laget spelte kamp onsdag. Troppen til a-laget blei offentleggjort før Gaular2 sin kamp, og då skjønnar vi lite av vitsen med ei 2. lag! Er dette bere eit lag for dei som ikkje er god nok for a-laget og som ikkje gidd å satse så mykje på fotballen, eller er det det første miksa med folk som har lyst å spele seg inn på førstelaget. Om det er ein kombinasjon vikar det i alle fall merkeleg å ikkje la dei nestbeste få vise seg fram før ein tar ut ein a-lagstropp! Gaular2 tapte mot Tambar borte og var dårlege då. Sist blei det 1 poeng borte mot Ahil2 og dette viser nok at tipset vårt om ein 5. plass i år virkar å være på nivået Gaular2 ligg. 

Sandane2 er eit veldig ungt lag, men kampen om plassane på a-laget tetnar til og det vil nok b-laget merke positive konsekvensar av. Blant anna starta ex-Hyen-spelar Marius Hallem ikkje forrige a-kamp og det beytr at blant anna han kan spele denne kampen. Og det skal ikkje mange spelarar av den sorten til før Sandane2 vinn mot lag i denne avdelinga istadenfor at det blir tap og 0 poeng! Til denne kampen trur vi faktisk at dei nest beste stilpusane kan klare seg uten veldig store forsterkninga frå a-laget og vi trur dei tar årets første poeng!

Gaular2 får ingen ekstra inspirasjon til å prestere via oppgradering til a-laget, og resultatmessig har dei ikkje vist seg å være noko betre enn forventa. Sandane2 sine spelarar er unge og urutinerte, men får nok litt hjelp med a-spelarar i denne kampen. Det trur vi er nok til at stilpusane får sin første poeng, og vi trur faktisk dei tar med seg alle 3 poenga heime til Gloppen! 2-4
?


Prematchmal er henta frå fjora.no

 

Neste kamp:
20. mai 19:00
Tambar - Hyen

Siste kamp:
13. mai 19:00
Florø3 - Hyen 6-1