hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Hyen på bytur

Seriepremiera er unnagjort, og no er sesongen i gong! Første kamp for Hyen vart ikkje noko stor spelemessig prestasjon, men 3 poeng vart det, og det er alltid kjekt å starte sesongen med full pott. Tirsdag venta eit tøft oppgjer mot seriefavoritt Florø3 på kunstgraset i Florø, og det blir ei stor utfordring for hyarane!

Publisert 12. mai 2008.

 

Første serierunde blei gjennomført uten dei store overraskelsane og at det vart 3 poeng på både Florø3 og Hyen var som forventa. At Tambar skulle vinne hadde vi ikkje tippa, men når det viste seg at kampen gjekk i Naustdal og ikkje på Osen so var det heller ikkje noko sjokk at det likevel vart heimesiger i den kampen.

 

                                               VS. 
 
 
 
Hyen fekk som kjent ein god start poengmessig etter 3 poengaren heime mot Ahil2. Likevel var ikkje 2-1 noko resultat å juble høgt for. Vi har tippa Ahil2 som avdelingas jumbolag og då skal det bli ein klarare seier på heimebane. Bortelaget var etter rapportane eit bra lag, og det kan godt være at dei kjem til å være betre i år enn kva vi trur. Men for Hyen sin del så må ein nok heilt klart prestere betre dei komande kampane om ein ønskjer å være ein potensiell opprykkskandidat.
 
Hyen har som kjent ein tynnare stall i år enn kva som var tilfelle i fjor, noko som viste igjen i seriepremiera då ein stilte med 3 reservar. I 2007 sesongen hadde ein aldri so få på benken i heimekampane, og dette viser nok at laget i år er svært sårbare for skadar, karantener og at folk ikkje kan være med av andre grunnar. Denne situasjonen vil nok bli betre når sommaren nærmar seg, og derfor er det veldig viktig for laget at dei som kan stille per dags dato også blir med.


Jubelsesongen er i gong, eller det vil sei om det blir det eller ikkje for
Hyen sin del kan ein fort få svar på i denne kampen!?

Som vi nemde før forrige kamp så har Hyen ein veldig sterk heimestatistikk. På dei siste 8 sesongane i 6. divisjon har laget vunne heile 77% av heimekapane sine! Statistikken på bortebane er nok langt frå so god, men likevel akseptabel då dei på dei same 8 sesongane har vunne 43% av bortekampane. I snitt blir det 5 mål i Hyen sine bortekampar noko som også seier sitt om at det svært sjeldan blir poengdeling på borteturane.
 
Når det gjeld Florø3 så er det eit lag som vi trur består mykje av dei same spelarane som spelte på Florø3 i fjor kombinert med førsteårs seniorar og enkelte gutespelarar. Fjorårssesongen til Florø3 var på ingen måte imponerande, og dei enda som nummer 3 av 5 og tok berre 13 av 36 mulige poeng! Men i år trur vi at Florø3 vil framstå som eit meir seriøst lag enn kva som var tilfelle i fjor. Dette viser også igjen på ambisjonane til laget, som er å vinne avdelinga. Dei fekk også ein start som viser på at dei vil være å rekne med i år då dei slo Sandane2 borte med 3-1. Den kampen gjekk på ei relativt tung grasbane noko som sikkert var ei utfordring for kunstgrasvante spelarar, og med tanke på at dette også var sesongens første kamp blir seiren desto meir imponerande. Laget fekk ein spelar utvist i denne kampen, og han må soleis sone kampen mot Hyen.
 

Håkon Solheim er klar for sin første kamp for sesongen, og kjenne vi han rett
så kjem det vell ei og anna takling og.
foto: haugenfotball.no

Vi må nok desverre sei at vi trur at dette blir ein svært vanskeleg kamp for Hyen. Faktisk trur vi det blir den største utfordringa iløpet av heile sesongen! Dette naturlegvis med tanke på at det er seriefavorittane ein møter borte, men Hyen mot godt trente kunstgrasspelarar på kunstgras, borte tidleg i sesongen når også hyarane kun stille med ein reserve, ja då tyder nok desverre alt på at det her blir ein svært vanskeleg kamp for bortelaget! Eit tap her vil nok ikkje være så farleg, men eit poeng derimot vil være veldig imponerande og vise at laget er ein klar opprykkskandidat. Med andre ord så har Hyen eigentleg alt å vinne i denne kampen. Ingen bør forvente poeng så her er det berre å gå ut med senka skuldre og ha det kjekt på eit glimrande underlag!

Når det gjeld laget til Hyen så manglar ein del spelarar frå forrige kamp i tilegg til dei som på noverande tidspunkt er litt langt vekke frå Hyen. Keeper Even Arne Hallem, Karl Erik Utheim og Geir Kjetil Aa Hope er ute sidan sist, medan Håkon Solheim får sin sesongdebut! Dette betyr ein tropp på berre 12 spelarar! Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):
Roger Nordal; Håkon Solheim, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal; Anders Klungre, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Hans Otto Holme, Karl Erik Holme; Tommy Folkestad .

Benken: Andreas M. Kvalheim

Dommar i kampen er Asgeir Ellingsund frå Eikefjord. Dette er ein ung dommar, og eit nytt bekjentskap for Hyen. Er berre å håpe at han likevel er voksen nok til å ta riktige og tøffe beslutninga når han må det!

Vêrmeldingane i Florø på tirsdag viser at det ser ut til å veldig gode fotball forhold. Prognosane seier delvis skya med 11°C og liten kuling frå nord, så her gjeld det å velge rett side så ein får vinden i ryggen først!

Neste kamp for Hyen er ein ny bortetur, då ein møter Tambarskjelvar i Naustdal. Neste heimekamp er ikkje før tirsdag 3. juni, då Gaular2 kjem på besøk. Kampstart då er 19:00 på hyegrusen!

Florø3 - HYEN                                             Florø Krøllgras, 13. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
06.05 Sandane2 *3-1   06.05 Ahil2 2-1
20.04 Tambarskjelvar 2-1   14.04 Heia *1-1
 
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
J J J K L J L L J J
 
Bortelagets 10 siste borte
L J J J L L J L L L
Tabellposisjon Form i år
2. Florø3 1 0 0 0 0-0   1 0 0 3-1   3-1 3
3. Hyen 1   1 0 0 2-1   0 0 0 0-0   2-1 3
1 0 0 3-1 3
1 0 0 2-1 3
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2003 2004 2005 2006 2007
- - - 3-1 -

66,5 km

 

 

Tips for dei andre kampane
Her kjem våre tips for kampane i 6. divisjon avd. 2 i 2. serierunde:
 
ASKVOLL/HOLMEDAL2 - GAULAR2                   Hilvang, 13. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
06.05

Hyen

*1-2   06.05 Tambarskjelvar *0-3

 

  19.04 Anga *1-2
 
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
J L L L L L K J L L
 
Bortelagets 10 siste borte
l l l l l l l l l L
Tabellposisjon Form siste 5
4. Askvoll/Holmedal2 1   0 0 0 0-0   0 0 1 1-2   1-2 0
6. Gaular2 1   0 0 0 0-0   0 0 1 0-3   0-3 0
0 0 1 1-2 0
0 0 1 0-3 0
Innbyrdes siste 5 sesongar(Gaular a-lag)

Reiseavstand

2004 2005 2005 2006 2007
- 2-4 0-4 - -

41,7 km

Vurdering

Askvoll/Holmedal2 har vi tippa på siste plass i avdelinga, men som nemt overraska dei postivt borte mot Hyen til tross for at det blei tap. Faktisk kunne laget like gjerne vunne den kampe, og det er ikkje mange lag som reiser frå Hyen med 3 poeng, så dette vitnar om at dette laget har meir å by på enn vi har frykta. Sist hadde dei berre 12 spelarar med til Hyen, men det er rart med det for på heimekampane så dukkar det nok opp eit par til og det betyr nok at Ahil kan stille med eit minst like bra lag som mot Hyen. A-laget hadde spelefri i helga noko som betyr at ein har dei same a-lagsspelarane tilgjengeleg som ein hadde sist.

Gaular sine nest beste hadde ein god mulighet til å vise seg fram då dei tok turen til Naustadal sist, men her blei det 0-3 i sekken og var nok ingen av dei som spelte då som nærma seg nokon plass på a-laget. Førstelaget til Gaular hadde også spelefri i helga og det betyr at dei nest beste får nok ein sjanse til å spele seg til ein plass i troppen som reiser til Hafslo dagen etter!

I utgangspunktet ein jamn kamp med tanke på at dette er laga vi har tippa på 6. og 5. plass. Men ettersom Ahil2 overraska positivt sist, og Gaular2 skuffa kombinert med at Ahil har heimebane fordel så trur vi på nok eit bortetap for Gaularværingane og Ahil2 sin første seier på 9 mnd.! 4-2

 
Tambarskjelvar - Sandane2                   Naustal stadion, 13. mai kl 19:00
Siste 5 for heimelag   Kampar i år for bortelag
06.05 Gaular2 3-0   06.05 Florø3 1-3
01.05 Anga *4-4   26.04 Breimsbygda 1-4
27.04 Jølster2 2-5  
20.04 Florø3 *1-2  
10.04 Gaular 1-9  
 
Heimelagets 10 siste heime
l l l l L K L L L J
 
Bortelagets 10 siste borte
K J K J J L J L J K
Tabellposisjon Form siste 5
1. Tambarskjelvar 1   1 0 0 3-0   0 0 0 0-0   3-0 3
5. Sandane2 1   1 0 0 1-3   0 0 0 0-0   1-3 0
1 0 0 3-0 3
0 0 1 1-3 0
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2003 2004 2005 2006 2007
- - - - -

83,0 km

Vurdering

Som sagt så har vi trua på Tambarskjelvar i år, men likevel trur vi at dei likevel ikkje vil være med å slost heilt i toppen i år! Men når dei startar med 3-0 i serieopninga så kan det fort vise at Tambar kjem høgare enn der vi tippar dei, og det er nok nettopp Sandane2 som er laget dei fort kan komme foran på tabellen i forhold til vår lupe. Tambar har ein stor tropp, og når dei til denne kampen har tatt ut 19 spelarar, og samtidig då vraka nokon frå troppen så bør dette i seg sjølv tilseie at dette laget bør være i toppen i år!

Vi har trudd at gamle karane Leirgul, Austrheim og Denk kom til å bidra for 2. laget, men disse spelte forrige a-kamp, og mykje tyder på at dei blir lite å sjå i 6. divisjon. Då fell automatisk niåvet på dette laget svært mykje og dette vil nok være foskjellen på om Sandane2 blir topp 3 i toppen eller topp 3 i botnen.  Ingen kamp heller for a-laget til STIL i helga og akutelle spelarar frå a-laget i denne kampen blir dei samme som sist. Det vil sei blant anna Espen Denk, Øystein Ellingvåg, Martin Sivertsen og Tony Muhizi. Spelar disse vil nok laget bli klart styrka.

Tambar er på tabelltoppen etter første serierunde, men den trur vi dei ikkje vil ha etter denne kampen til tross for at vi trur dei vinne her (Så lenge Florø3 vinn med 1 mål meir mot Hyen tar dei over 1. plassen). Sandane2 sine spelarar er rett og slett for unge og manglar for mykje erfaring til at vi gjer dei noko håp borte mot ein stor Tambartropp, som dermed kan få bytta ut daukjøtet utover i kampen! 3
-1?


Prematchmal er henta frå fjora.no

 

Neste kamp:
13. mai 19:00
Florø3 - Hyen

Siste kamp:
6. mai 19:00
Hyen - Ahil2 2-1