hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Årets første kamp

Ventetida er endeleg over, tirsdag sparkast årets 6. divisjon i gong! Laga i avdeling 2 er vell litt ulikt forbredt til årets sesong og korelis ståda er hos dei ulike laga er vi litt usikre på, men samma ka so er seriestarten her og spelarane må brette opp ermane og gjere seg klare til kamp! Hyen tek imot Askvoll/Holmedal2 heime på grusen, og då skal det bli 3 poeng på hyarane!

Publisert 4. mai 2008.

 

Stor spenning knytta seg til ein kver seriestart og det er nok heller ikkje noko unntak for 6. divisjonslaga. Sesongførebuingar med milevis jogging og regnfulle treningar på slapsete vinterbaner er unnagjort og endeleg kan en ikle seg klubbens fargar og gjere seg klar til kamp om verdifulle poeng! Eller det vil sei, det er dette spelarane bør ha gjort, men vi har vell ein mistanke om at ikkje samtlege spelarar har tatt sesongførebuingane like seriøst. Uansett no er serieopninga her, og det er bare å gjere seg klare til kamp!

 

                                               VS. 
 
 
 
Hyen får altså besøk av Askvoll/Holmedal2 i serieopninga. I vår lupe har vi tippa dei to laga på forholdsvis 2. og 6. plass på tabellen. Det betyr at vi ser på dette som ein topp mot bunn kamp, og soleis skal i utgangspunktet Hyen være klare favorittar og kun 3 poeng er gått nok. Uansett så er det seriestart og første kamp og då er det alltid litt nervar ute og går og sjeldan ein får sjå det heilt store spelet!
 
Hyen har mista nokre viktige spelarar i år. Både Geir Sigurd Vatnamo, Øyvind Magnus Solheim og Marius Hallem har funne nye beite. Vatnamo vart i fjor kåra til årets Hyen spelar, Solheim var ein trygg og rutinert keeper, medan Hallem var eit stort talent som i år skal prøve lykka på Sandane. Dette vil nok heilt klart svekke laget, men ein har samtidig fått inn nokre nye fjes som gjer at ein likevel ikkje er så bør være så veldig mykje dårlegare rusta framfor årets sesong. Det som saman med avgongane gjer at laget er svekka i 2008 er at ein del spelarar vil være litt mindre med i år enn i fjor. Blant anna vil fjorårets toppscorar Jens Robert Hope bidra svært lite pga. militærteneste. Så alt i alt er nok Hyen nokre hakk under der dei var ifjor, men laget inneheld nok av kvalitet til å være eit topplag i denne avdelinga.


Hyen er klare til kamp, er Askvoll/Holmedal2?
foto: haugenfotball.no

Hyen har framfor alt dei siste åra utpreget seg med ein veldig sterk heimestatistikk. Er mange spelarar som ikkje gledar seg spesielt til å ta turen til Hyen. Dette skuldast nok meir at Hyen sentrallidrettsanlegg blir sett på som den dårlegaste fotballbana i fylket(på delt sisteplass med Ålandsleite), men er likevel ingen tvil om at dei fleste lag slitt med å få med seg poeng i Hyen. På dei siste 8 sesongane i 6. divisjon har Hyen vunne 40 av 52 heimekampar. Det vil sei ein sigerstatistikk på heile 77%! Statistikken viser og at Hyen i snitt scorar heile 4 mål i kver heimekamp! Sjølv om ein aldri skal legge for stor vekt på statistikk så er det ingen tvil om at dei fleste lag skal få det tøft i Hyen.


Foto: hyenfotball.com
Spelande trenar Åsmund Ommedal er klar for å lede Hyen til seier mot Ahil2. Serieåpninga blir sparka i gong i på hyegrusen tirsdag kl 19:00.

Askvoll/Holmedal2 hadde ein dårleg sesong i 2007. Laget endte opp på siste plass i si avdeling med fattige 8 poeng. Laget var jamt svake gjennom heile sesongen, men slo plutseleg til med 7-1 siger på heimebane før dei tapte 8-3 mot samme lag borte. Dette trur vi nok kan bli mykje det same for laget også i år, og spesielt tidleg og seint i sesongen når tilgongen på a-lags spelarar er begrensa trur vi dette laget vil slite. Soleis passar det nok veldig dårleg med serieopning borte mot heimesterke hyarar, men Ahil2 har trent på grus i heile vinter og dei som gidde å ta turen heilt i frå havgapet vil nok yte skikkelege innsats før dei kapitulerar. Kor mange a-spelarar som blir med er usikkert, men førstelaget spelte kamp mot Sandane søndag, og dei som ikkje spelte den kampen er i utgangspunktet tilgjengelege. Likevel er det nok lite sannsynleg at det blir så mange av dei ettersom dei fleste av disse spelarane bur vekke og dermed ikkje blir henta heim til ein 2. lagskamp. Faren for dette er nok heller ikkje spesielt stor med tanke på at denne kampen går på bortebane i Hyen! Sopass ærlege må vi vell være at sjølv om vi ser på Hyen som verdas navle så er det vell andre ting som fristar meir for ein vraka a-lagsspelar enn å reise til Hyen å spele 6. divisjon!

Hyen har som sagt mista nokre spelarar i tillegg til at ein del spelarar vil være mindre tilgjengelege den her sesongen. Men 3 nye fjes er på plass og to av disse vil få sein seniordebut for Hyen på tirsdag. Even Hallem og Ørjan Gjesdal som dei siste åra har spelt guttefotball for Eikefjord har retunert til barndomsklubben og er klare for å vise seg fram i den blå drakta. Hallem får denne tøffe oppgåva med å ta over plassen til rutinerte Øyvind Magnus Solheim som er vekke. Dette er sjølvsagt ei tøff oppgåve for Hallem, men det er ikkje utan grunn at han blant anna har vore innom kretslaget.

Når det gjeld laget til Hyen så manglar ein del spelarar pga. at dei på noverande tidspunkt er litt langt vekke frå Hyen. I tilegg så er enkelte ute med skadar. Det betyr ein tropp på 14 spelarar. Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):

Even Arne Hallem; Håkon Solheim, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal; Ørjan Gjesdal, Karl Erik Utheim, Åsmund Ommedal, Anders Klungre, Andreas M. Kvalheim; Roger Nordal.

Benken: Karl Erik Holme, Tommy Folkestad og Hans Otto Holme.


Dommar i kampen er gode gamle Kjell Alme frå STIL. Og sjølv om enkelte vil sei at han er litt ivirg med å flagre med dei gule korta, så er nok kampen i trygge hender.

Vêrmeldingane i Hyen på tirsdag viser at det ser ut til å bli glimrande fotball forhold. Prognosane seier overskya med deilige 14°C og ein aldri so liten flaue vind ned austredalen!

Elles blir det kiosk med både vaffler og kaffi, og vi håpar at Hyarane møter opp for å få med seg bygdas stoltheit i sesongpremiera!

Neste kamp for Hyen er ein skikkeleg toppkamp i våre auge då hyarane tek turen te bydn og møter Florø3. Neste heimekamp er ikkje før tirsdag 3. juni, då Gaular2 kjem på besøk. Kampstart då er 19:00 på hyegrusen!

HYEN - ASKVOLL/HOLMEDAL2Hyen Sentralidrettsanlegg, 6. mai kl 19:00
Treningskampar i år for heimelag   Treningskampar i år for bortelag
14.04 Heia *1-1  
 
 
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
J J L J J J J J J L
 
Bortelagets 10 siste borte
L L L L L L K L K L
Tabellposisjon Form i år
2. Hyen 0 0 0 0 0-0   0 0 0 0-0   0-0 0
6. Askvoll/Holmedal2 0   0 0 0 0-0   0 0 0 0-0   0-0 0
0 0 0 0-0 0
0 0 0 0-0 0
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2003 2004 2005 2006 2007
- - - - -

124,0 km

 

 

Tips for dei andre kampane
Her kjem våre tips for kampane i 6. divisjon avd. 2 i 1. serierunde:
 
GAULAR2 - TAMBARSKJELVAR                  Osen stadion, 6. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
19.04

Anga

*1-2   01.05 Anga *4-4
  27.04 Jølster2 2-5
  20.04 Florø3 *1-2
  10.04 Gaular 1-9
  06.04 Eikefjord *1-6
  14.03 Førde4 *1-8
Heimelagets 10 siste heime
l l l l l l l l l l
 
Bortelagets 10 siste borte
l l l l L L K L L L
Tabellposisjon Form siste 5
5. Gaular2 0   0 0 0 0-0   0 0 0 0-0   0-0 0
4. Tambarskjelvar 0   0 0 0 0-0   0 0 0 0-0   0-0 0
0 0 0 0-0 0
0 0 0 0-0 6
Innbyrdes siste 5 sesongar(Gaular a-lag)

Reiseavstand

1999 2000 2001 2002 2007
3-0 - - 6-0 -

33,6 km

Vurdering

Gaular2 er eit lag som er vanskeleg å sei såmykje om. Men spelarstallen til Gaular er stor og a-laget er venta i 5.div. toppen! A-laget beyngte dårleg med eit 1-2 tap fredag, og då vil det være muligheta for dei nest beste å vise seg fram her.

Tambarskjelvar er eit spennande lag. Dei har spelt mange treningskampar i år, og mange møter på trening og spelarstallen er sopass stor at det ikkje er plass til alle på kver kamp. Laget er nok enda ikkje på topp formmessig, og vi trur dei trenge nokre kampar til før dei begynne å ta poeng. Men laget har mykje på gong, og for mostandarane sin del så bør laget helst unngå å ta for mange poeng i starten av sesongen.

På papiret ser dette ut som ein veldig jamn kamp. Laga har begge spelt mot Anga i vinter. Gaular2 tapte, medan Tambar spelte uavgjort. Gaular2 for nok med ein del forsterkninga frå a-laget i denne kampen og det betyr nok at heimelaget har litt meir å by på enn gjestane. Den viktigaste faktoren trur vi likevel er at denne kampen går på gras, eit underlag Naustedølingane nok ikkje har vore på før! 4-1

 
SANDANE2 - FLORØ3                   Idrettsplassen, 6. mai kl 19:00
Kampar i år for heimelag   Kampar i år for bortelag
26.04 Breimsbygda 1-4   20.04 Tambarskjelvar 2-1
 
 
 
 
 
Heimelagets 10 siste heime
L L L J J L J L J K
 
Bortelagets 10 siste borte
L L K J J L J L L L
Tabellposisjon Form siste 5
3. Sandane2 0   0 0 0 0-0   0 0 0 0-0   0-0 0
1. Florø3 0   0 0 0 0-0   0 0 0 0-0   0-0 0
0 0 0 0-0 0
0 0 0 0-0 0
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2003 2004 2005 2006 2007
- - - - -

98,3 km

Vurdering

Føle vell at vi på denne sida har skrive nok om Sandane og den fotballmessige situasjonen dei er i der for tida. Men oppsummeringa kan vell kort fortellast med at Terra kom inn som hovedsponsor, STIL vart dårlege og rykka ned og slite no i 4. divisjon. Terra veit vi alle kor det gjekk med. Korleis det skal gå med STIL blir spennande å sjå! Åkke som har Sandane fått på beina eit 2. lag i år, og det er bra. Ein plass som Sandane trenge et tilbod til dei som ikkje er god nok for 4.divisjon. Laget i år vil nok være veldig ungt, vi har trudd at gamle karane Leirgul, Austrheim og Denk kom til å bidra for 2. laget, men no viser det seg at disse er med på a-laget, og då spørs det nok om ikkje dette laget blir noko tynt! Spelarane er stort sett 17-18 år og kvaliteten her er nok veldig varierande. Akutelle spelarar frå a-laget i denne kampen er blant anna Espen Denk, Øystein Ellingvåg, Martin Sivertsen og Tony Muhizi. Spelar disse vil nok laget bli klart styrka.

Florø3 er i våre auge avdelingas beste lag! FSK er eigentleg den rake motsetninga av STIL. Florø måtte satse ungt og klarte det med blant anna å lage nye baner og hallar! Det ser ei no resultatet av og byen er full av unge fotballtalent. Florø3 er nok ikkje laget som har flest av dei største talenta, men likevel er her nok av treningsvillige unggutar. Trening er som alle veit den viktigaste faktoren for sportsleg framgang og dette laget trenar mykje i lag og slikt blir ein betre av. Gras kamp er nok likevel ikkje noko pluss for dette laget, ei tøff utfordringa venta mellom grantrea på Søreide.

To lag med mykje ungt, men kvaliteten blant disse er nok forskjellige. Bruntrøyene er vant med lekre kunstgrasbaner, medan dei nest beste stilpusane trena på ei grusbane som likna meir på ein byggeplass enn ei fotballbane. Slikt blir det forskjellig utgangspunkt ut av, og vi trur Florø3 åpnar sesongen med 3 bortepoeng!
1-3?


Prematchmal er henta frå fjora.no

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
24. april
Heia - Hyen 1-1