Hyen får altså besøk av Askvoll/Holmedal2 i den 11. serierunda. To lag som aldri før har møtt kverandre, men i år har dei spelt mot kverandre både heime og borte. Gjestane er faktisk det einaste laget Hyen har tatt poeng mot i begge kampar, og Hyens 2-1 siger heime vart fulgt opp med 4-2 siger på Hilvang! Ahil2 er også avdelingas svakaste bortelag og grøntrøyene har kun scora 2 mål på bortebane i år! Det luktar iallefall ein heimesiger av disse tala.......

Hyen har hatt ein "berg og dalbane" sesong! Vegen frå siger til tap har ikkje vore lang, og når ein var som høgast oppe og trudde at ein no for fullt skulle være med i opprykkskampen so kom kalddusjane sveipande over ein! Spesielt skuffande var det nok at ein kun klarte 3 poeng på dei tre heimekampane laget hadde rett før ferien. Heimetapet mot Tambar gjorde nok at alle opprykksplanar vart skrinlagde og når STIL nedhøvla hyarane med 9-1 i Friluftshelga følte ein seg vell meir som pissemaur som var blitt pissa på en hederlege idrettsutøvera! Når Gaular2 i tilegg sist vridde kniven nokre hakk ekstra med å sende Hyen heim med 0-5, så er det ingen tvil om at det no er på høg tid med ein siger for nordfjordingane!

Poengtapa og dei mange skuffande kampane i år er uansett ikkje tilfeldig. Hyen har slete veldig med å få samla folk til trening, og sjølv om treningsoppmøte aldri har vore imponerande i Columbus-bygda so har det nok vore ekstra ille i år. Sidan vårsesong vart avlsutta har vel laget knapt hatt ei skikkeleg trening, og våren var vell heller ikkje prega av altfor mange treningar med trøkk og høg innsats! Men dette er ikkje enkelt å gjere noko med i ei lita bygd, og når det kun er 3-4 spelarar som til dagleg befinn seg i Hyen så er det nok ei stor utfordring i framtida å få gjort noko med dette problemet!
Likevel får ein håpe at samtlege spelarar på laget går i seg sjølv og ser om det ikkje er muleg å prioritere fram ein dag med fotballtrening. Forhåpentlegvis får ein også med litt fleire spelarar til neste år og då håpar vi på ein ny giv for eit lag som for tida ligg litt i eit ustabilt sideleie!
|
 Foto: hyenfotball.com Ein nygift spelande trenar er klar for å lede Hyen til seier mot Ahil2. Hyenfotball.com gratulerar det lykkelege brudeparet med giftermålet!!
|
Det er sjølvsagt spenning rundt kor mange a-spelarar Ahil2 tek med seg til Hyen. Førstelaget spelte kamp mot Sandane søndag, og dei som ikkje spelte den kampen er i utgangspunktet tilgjengelege. Likevel er det nok lite sannsynleg at det blir så mange av dei ettersom dei fleste av disse spelarane bur vekke og dermed ikkje blir henta heim til ein 2. lagskamp. Faren for dette er nok heller ikkje spesielt stor med tanke på at denne kampen går på bortebane i Hyen! Frode Hovden kan ikkje spele denne kampen ettersom han sonar karantene etter å ha fått sitt tredje gule for sesongen borte mot Sandane2 sist.
Hyen mangla som vanleg nokre spelarar sist og, men det var nok ekstra merkbart at det var sentrale spelarar som Åsmund Ommedal, Anders Klungre og Roger Nordal som mangla. Til denne kampen er Ommedal tilbake frå "honeymoon", men både Klungre og Nordal manglar fortsatt i tilegg til at både Øyvind Larsen, Hans Otto Holme og Stein Are Eimhjellen manglar sidan sist. Det betyr ein tropp på 14 spelarar. Coachen har tatt ut følgjande lag: