hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok



Friluftshelg-kamp!

Slutten av juli er lik friluftshelg i Hyen. Iløpet av denne helga høyrer det også med ein fotballkamp, og etter at Brodd ikkje lenger hadde stort nok spelarmateriale så har Sandane blitt Hyens faste motstandar. Kvaliteten på motstandaren har gått radikalt nedover dei siste åra, og dagens STIL utgåve er nok den dårlegaste på fleire tiår. Forhåpentlegvis kan det gjere sitt til at dette blir ein spennande kamp, og at Hyen for første gong kan slå pusane innatå fjorden! Kampstart er fredag 18:00!
 
Publisert 17. juli 2008.


                                                          

                     VS. 
 
 

Begge dei to laga har no gjennomført kvar sine våsesongar, og det med litt ulikt utfall. Hyen er med i opprykkskampen for 5.divisjon medan Sandane sin haustsesong vil gå ut på å berge plassen i 4.divisjon. Dette vil nok ganske sikkert STIL også klare ettersom det ser ut til at kun eit lag vil rykke ned frå 4. divisjon(Førde rykker truleg opp frå Firdaligaen) og det laget vil garantert bli håplause Eikefjord som enda ikkje har tatt eit einaste poeng!
 
For Hyen sin del blei tapet mot Tambar i siste kamp før sommaren ekstra bittert då det vart klart at Florø3 som leiar tabellen ikkje vil kunne rykke opp dersom andre laget i 5. divisjon ikkje tar steget opp. Det betyr at opprykkskampen i realiteten står mellom Tambar og Hyen. Med siger i Tambar-kampen ville faktisk Hyen ha vore to poeng føre naustedølingane på tabellen. Situasjonen no er at ein ligg 4 poeng bak, med ein kamp meir spelt. Det betyr altså at det skal bli vanskeleg å klare opprykket, men langt ifrå umulig!
 
 
Sandane spelte sist heime mot Vik (les meir om den kampen her), og det var ein svært merkeleg kamp. Heimelaget styrte store delar av kampen, og var også spelemessig det klart beste laget. Men tre døball mål imot på slutten gjorde likevel sitt til at det blei eit ufortent tap. For Hyen sin del blir det sjølvsagt viktig å utnytte svakheitene som STIL viste i den kampen. Det betyr at ein skal ha gode muligheiter på å omsette cornera og frispark i mål. Likevel bør ein prøve også å spele ilag, og ettersom dette tross alt er ein show kamp so er viktigaste at publikum får ein underholdande kamp. Men er vell uansett ikkje til å legge skjul på at ein siger mot stilpusane ville vore veldig deilig, og det om vinnarmålet måtte bli eit sjølvmål på overtid!

Til tross for at det blei tap heime sist, så er Hyen eit godt heimelag. 8 av dei 10 siste heimekampane har enda med 3 poeng noko som også er snittet på heimebane sidan 2001! Dei fem siste innbyrdes oppgjera mellom laga i Hyen viser at det brukar å bli scoringskalas! Det har i snitt blitt scora heile 9 mål i kampane og i 2002 vann Hyen heile 11-3 på hyegrusen!! Noko reprise på det kan vell sjøl ikkje ein svært optimistisk hyar ha tru på, men Hyen har hatt eit bra tak på Sandane2 på heimebane, og håpet er sjølvsagt at ein kan videreføre den trenden!

Då disse laga møtest i fjor blei det ein veldig jamn kamp, der Sandane vann 1-0. Og hyetap er ikkje noko uvanleg i denne tradisjonsrike kampen. Faktiks har Sandane vunne 6 av dei 7 oppgjera. Einaste gong det blei "poeng" på Hyen var i 2005 då det blei 2-2. Mange vil nok huske Roger Nordal sitt glimrande frisparkmål frå 25 meter i denne kampen (Det målet blei forøvrig knipsa av Magnar Heimset og er også bildet som er brukt på framsida på denne sida).

Når det gjeld laget til Hyen så stille ein med ein rekordstor tropp til no i år. Dette skuldast at ein til denne kampen får påfyll av nokre"gamle heltar", det vil sei folk som har spelt for Hyen før, men som no bur så langt vekke at det ikkje lar seg gjere å spele for laget. Av dei ordinære spelarane så er det nokre forfall. Både Ørjan Gjesdal, Geir Kjetil Aa Hope og Hans Otto Holme er ute. Dette betyr ein tropp på 16 spelarar! Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling Hyen (5-3-2):
Even Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Håkon Solheim, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Anders Klungre, Åsmund Ommedal, Karl Erik Utheim; Tommy Folkestad og Roger Nordal.

Benken: Morten Hjelmeland, Karl Erik Holme, Lars Rønnekleiv, Øyvind Magnus Solheim og Frank Holme.

Sannsynlig lagoppstilling Sandane (4-5-1):
Øystein Ellingvåg; Matin Akse, Martin Sivertsen, Simen Solheim, Espen Erdal; Runar Myrhol, Marius Hallem, Arild Horntved, Bjarte Skaaden, Vegard Pedersen; Lasse Erdal.

Benken: Vegard Wergeland Hansen og muligens eit par til.

Dommar i denne tradisjonsrike kampen er som alltid Ingemund Sægrov frå Sandane. Om han får hjelp på linjene er uvist, men fårhåpentlegvis får han også denne gongen med seg Kjell Alme og FIFA-dommar Steinar Holvik på linjene!


Vêrutsiktene for Friluftshelga ser ikkje så bra ut, men faktisk er det spådd opphaldsvêr heile fredag kveld, og i andre omgang skal også sola titte fram i følge metrologane. Slår dette til blir det forhåpentlegvis mykje folk og ei glimrande ramme for denne kampen! Kampstart er 18:00!

Neste kamp for Hyen er det alvor igjen, og det er seriekampen mot Gaular2 på bortebane i Osen tirsdag 19. august!

HYEN - SANDANE             Hyen Sentralidrettsanlegg, 18. juli kl 18:00
Siste 5 for heimelag   Siste 5 for bortelag

24.06

Tambarskjelvar 2-4   28.06 Vik 3-4

20.06

Sandane2 7-3   22.06 Lærdal *1-3

17.06

Florø3 0-2   13.06 Årdal2 3-3

10.06

Ahil2 *4-2   08.06 Syril *2-5

03.06

Gaular2 4-2   30.05 Syril 3-0
Heimelagets 10 siste heime
J J J J L J J L J L
 
Bortelagets 10 siste borte
L L K L J L L J L L
Tabellposisjon Form siste 5
3. Hyen 9 3 0 2 15-12   1 0 3 9-16   24-28 12
10. Sandane 11   1 2 2 10-9   2 0 4 13-17   23-26 11
1 1 3 17-10 4
3 1 1 13-7 10
Innbyrdes siste 5 sesongar

Reiseavstand

2003 2004 2005 2006 2007
2-7 2-7 2-2 0-3 0-1

33,3 km