hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum


Opprykksreglar


Info frå SFFK:

Opprykkreglar for 6. divisjon 2007
Dei 2 beste frå kvar av dei 4 avdelingane, samt det beste 3’ar laget, rykker opp i 5. divisjon. Det nest beste 3’ar laget spelar kvalifisering mot lag nr. 10 i 5. divisjon. Kvalifisering - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar spelar i 6. divisjon.

Ny serieordning vedteke
På ekstraordinært kretsting i Førde onsdag 6.12, vart det vedteke av delegatane å endre dagens serieordning med verking frå sesongen 2008.

Endringa går ut på at det skal vere 12 lag i 4. divisjon, 2 avdelingar á 8 lag i 5. divisjon, og 3 avdelingar i 6. divisjon. 3. divisjon vert ikkje endra.

Endringane vart fremma med tanke på å betra kamptilbodet i 4. divisjon ,slik at dei laga som rykker opp lettare kan tilvenda seg strukturen og nivået i 3. divisjon.

For 5. divisjon er endringa først og fremst med tanke på at det skal bli kortare reiser for laga. Det er slik at mens ein i 6. divisjon spelar mot lokale lag, med korte turar til bortekamp, vil det å rykka opp til 5. divisjon, med dagens ordning, innebera lange turar, noko som dei fleste laga som rykker opp ikkje ønskjer.

 


Neste kamp:
14. august 19:00
Hyen - Eikefjord2


Siste kamp:
19. juni 19:00
Hyen - Førde4 2-1