|
Forvirring rundt opprykksreglane
SFFK har tydlegvis ikkje heilt kontrollen på korleis dei skal finne ut kven som skal spele i 5. divisjon til neste år. Før sesongen kom dei med følgjande info:
"Info frå SFFK:
Opprykkreglar for 6. divisjon 2007 Dei 2 beste frå kvar av dei 4 avdelingane, samt det beste 3’ar laget, rykker opp i 5. divisjon. Det nest beste 3’ar laget spelar kvalifisering mot lag nr. 10 i 5. divisjon. Kvalifisering - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar spelar i 6. divisjon."
Underteikna sendte då ein mail med spørsmål rundt det at det er ulikt antall lag i avdelingane, og at det soleis blir umuleg å kåre beste og nest beste 3´ar lag utifrå poengsum. Denne vart aldri besvart!
No har dei gitt ut ny info:
"Styret i SFFK har bestem at følgande modell vert nytta for opp- og nedrykk frå sesongen 2007 til 2008:
Dersom vinnar i Firdaligaen rykker opp i 2. divisjon etter sesongen 2007:
6. divisjon: Dei 2 beste frå kvar av dei 4 avdelingane rykker opp i 5. divisjon. Det beste 3’ar laget spelar kvalik mot lag nr. 10 i 5. divisjon. Kvalik – best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar spelar i 6. divisjon.
Dersom vinnar i Firdaligaen ikkje rykker opp i 2. divisjon etter sesongen 2007:
6. divisjon: Dei 2 beste frå kvar av dei 4 avdelingane, samt det beste 3’ar laget, rykker opp i 5. divisjon. Det nest beste 3’ar laget spelar kvalik mot lag nr. 10 i 5. divisjon. Kvalik – best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar spelar i 6. divisjon.
For begge alternativa gjeld følgande i 6. divisjon:
Dersom dei 4 avdelingane i 2007 har ulikt antall lag (som dei har, red. anm) vert det beste- og eventuelt nest beste 3´ar laget, kåra utifrå at kampane mot det dårlegaste laget vert stroke."
Først og fremst er merkeleg at SFFK endå ikkje har fått med seg at det ikkje er 10 lag i 5. divisjon men 9, iogmed at Loen trekte laget sitt før sesongen. Det betyr altså at det ikkje vil bli noko kvalikkamp! Scenarioet blir at dersom vinnar av Firdaligaen rykkjer opp så rykkjer dei to beste 3´ar laga opp, dersom vinnar av Firdaligaen ikkje rykkjer opp så er det kun det beste 3´ar laget som får spele 5. divisjon.
Bortsett frå det så trur altså SFFK at alt skal gå av seg sjølv, men det er jo sjølvsagt ikkje tilfelle. I avdeling 1 er det 6 lag, i avdeling 2 er det 5 lag, avdeling 3 har 7 lag, og avdeling 4 har heile 9 lag.
Ein ser altså at avdeling 4 har 4 lag meir enn avdeling 2. Ein kan soleis ikkje berre stryke kampane mot det dårlegaste laget, men for 3. plassen i avdeling 4 må ein då stryke kampane mot dei 4(!) dårlegaste laga!
Sjølv om dette i prinsippet går, så vil dette ikkje være gjennomførbart uansett. Dette fordi det i avdeling 1 og 2 blir spelt trippel serie mot avdeling 3 og 4 som spelar dobbel serie. Dermed vil ein uansett ikkje få det same antallet kampar.
Etter endt sesong vil laga frå avdeling 1 ha spelt 15 kampar, avdeling 2 og 3 12 kampar og avdeling 4 16 kampar.
Det betyr altså at einaste måten ein kan ende opp med at alle 3´ar laga får likt antall kampar blir at laget frå avdeling 1 stryke sine 3 kampar mot det dårlegaste laget, og vil då ende opp med 12 kampar. Laget frå avdeling 4 må stryke sine kampar mot dei to dårlegaste laga og vil då ende opp med 12 kampar.
Så blir spennande å sjå kva SFFK gjer for å kåre det beste og eventuelt nest beste 3´ar laget.
Som eit lite obsobs så er det faktisk Hyen som etter halvspelt serie (om ein brukar underteikna sitt opprykkssystem) er det beste 3´ar laget, på betre målforskjell en Stadlandet frå avdeling 4. Veitastrond frå avdleing 1 på 3. plass og Svelgen frå avdeling 2 på 4. plass.
Dersom stoda etter vår sesongen er den same etter serieslutt vil følgjande lag spele i 5. divisjon 2008.
Hafslo Aurland Dale2 (Sikker 5. div. 2008) Førde3 Breim Vikane TMFK2 (Sikker 5. div. 2008) Oppstryn (Sikker 5. div. 2008) Hyen Florø2 Gaular Bremanger (Sikker 5. div. 2008) Kaupanger2 (Sikker 5. div. 2008) Vadheim/Høyang2 (Sikker 5. div. 2008) Eid2 (Sikker 5. div. 2008) *Tapar av Syril - Askvoll/Holmedal / nest beste 3´ar lag frå 6. div. dersom vinnar av Firdaligaen rykkjer opp (Stadlandet).
Disse laga skal altså då delast opp i 2 avdelingar á 8 lag basert på geografiske forutsetningar. Akkurat det kan nok bli ei lita nøtt å knekke. Hyen ligg jo midt i smørauget og kan nok bli flytta både til aust og vest. Likevel vil nok dette ikkje bli så langt ifrå resultatet.
| Avdeling 1 |
Avdeling 2 |
| TMFK2 |
Hafslo |
| Florø2 |
Aurland |
| Bremanger |
Kaupanger2 |
| Hyen |
Vadheim/Høyang2 |
| Eid2 |
Dale2 |
| Vikane |
Førde3 |
| Oppstryn |
*Syril/Ahil |
| Breim |
Gaular |
Florø2-Oppstryn og Aurland-Askvoll/Holmedal kan vell ikkje akkurat kallast lokaloppgjer!!
Mykje synsing det her, men litt å lese på har dekkar no fått!!:) |
Neste kamp: 14. august 19:00 Hyen - Eikefjord2
Siste kamp: 19. juni 19:00 Hyen - Førde4 2-1
|