hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Opprykk likevell!? 

Ettersom Vikane no har kome fram til at dei ikkje kan stille lag i 5. divisjon får det sannsynlegivs konsekvensar for Hyen!
Publisert 11. januar 2008.


Som kjent har Hyen fått maaange opprykkssjansar i haust, men likevell ikkje klart å rykke opp. Først hadde ein gode sjansar ved å ta direkte opprykksplass, so måtte ein kjempe om kvalikplass, og når det viste seg at 2 lag takka nei til å spele kvalikfinale fekk ein også sjansen her, men nok ein gong feila laget. Likevell ser det ut som skjebnen skal ha det til at Hyen blir å finne i 5. divisjon til neste år.

Når Vikane trekk laget sitt betyr jo det at eit nytt lag vil få sjansen og då er det vell svært mykje som tyder på at det er Hyen som får spørsmålet. SFFK har enda ikkje vore i kontakt, men det er vell lite sannsynlig at dei vel å gjennomføre avdelinga med 7 lag, og ettesom Hyen fekk sjansen på kvalikfinale er det vell naturleg at laget også er det første ein spør når det gjelde å overta ein plass. Dei to avdelingane er blitt delt opp utifrå geografiske forutsetningar, men tur til Hyen istadenfor Vikane skulle ha so lite å sei at det skulle være grunn til å forandre på dette!

Om Hyen vil rykke opp er eit anna spørsmål!? Under heile sesongen har målsetninga heilt klart vore opprykk, men etter å ha gått på nokre solide nedtura på slutten av sesongen forsvann vell også ein god del av gløden. Så korleis ein ser på det å rykke opp no er eit spørsmål spelarane må tenke seg om!

5. divisjon betyr 12 kampar spelt på søndagar mot følgjande lag:
Bremanger -(Svært tvilsomt om dei stiller lag også!)
Dale 2

Eid 2

Florø 2
Førde 3

Oppstryn

Tornado Måløy FK 2

6. divisjon betyr SANNSYNLIGVIS 16 kampar på tirsdagar mot følgjande lag:
Anga
Askvoll/Holmedal 2
Eikefjord 2
Florø 3
Førde 4
Hyllestad
Svelgen
Tambarskjelvar

Om dette blir avdelinga Hyen hamnar i er usikkert, men slik vi ser det det mest sannsynlige. Skal mykje til at kretsen blandar sognelaga med andre lag og då må det eigentleg bli slik. Med mindre det er lag som ikkje er med i 2008 som var med i 2007. Nye lagi 6. divisjon sidan i fjor ser ut til å være Loen og Tambarskjelvar.

Er jo sjølvsagt litt for og imot ved begge alternativa. 6. divisjon betyr "lettare motsand", medan 5. divisjon betyr større utfordringar. Reiseavstanden er tilnærma den same. 5. divisjon vil uansett medføre at ein må være "litt meir seriøse" og blant anna må faste treningar være eit minimum å stille dersom ein går for opprykk. 6. divisjon vil føre til 4 kampar meir. Så kver enkelt spelar bør vell gå i seg sjølv å tenke over kva ein vil ofre for laget.

 

 


Siste kamp:
25. november 15:00 Jølster2 - Hyen 3-2
Førde KGB