Ommedal vann NESHOLMEN CUP 2007
Outsideren Ommedal overraska både seg sjølve og alle andre ved vinne heile sulamitten. Solheimsgutane måtte konstantere at finaleplassen rauk i år og, medan fjorårsfinalisten Røyrvik kom på siste plass!
Alt låg til rette for ein fin dag med fotball på Nesholmen, og det blei det og. Strålande vær og mykje publikum skapte ei veldig fin stemning rundt kampane. Ambisjonane til laga var nok ganske variabel, men det skulle vise seg at dei største favorittane svikta.

Solheim smågutt var kanskje det laget som skuffa mest. Laget som til og med hadde ein 3. divisjons spelar på laget fekk ikkje til veldig mykje, og svært overraskande måtte dei til og med sjå seg slått av Solheim senior.
Ommedalen havna i ei tøff gruppe med Solheimsgutane og fjorårs vinnar Røyrvik. Men Ommedal som stilte med enkelte svært unge, spelte til tider bra fotball, og dei to andre lag som stort sett stod for kjemping og duellspel måtte begge sjå seg slått.

I semifinalane vart det ein enkel siger for Ommedal over Solheim senior, mens Straumsholmen fekk to heldige scoringar mot Solheimsgutane, og kontrollerte inn finalebilletten til tross for eit massivt press på slutten.
Finalen vart eit lite antiklimaks med lite publikum og lavt tempo. Kampen vart avgjort då godaste coachen smelte ein corner via ein motstandar og i mål to minutt før slutt.
Alt i alt ein kjempe dag. Samtlege spelarar hadde det kjekt og alle kosa seg i sola med bading og is etter kampane. NH CUP er eit glimrande tiltak, og til neste år får ein håpe at fleire melde på lag.

Gruppe A
Straumsholmen 2 7-1 4
Solheim Seinior 2 2-7 3
Solheim smågut 2 2-3 1
Gruppe B
Ommedal 2 7-4 6
Solheimsgutane 2 2-3 3
Røyrvik 2 4-6 0
Gruppespel
kl 1100 Solheim Smågut - Straumsholmen 1-1
kl 1120 Ommedal - Solheimsgutane 2-1
Kl 1140 Solheim senior - SolheimSmågut 2-1
kl 1200 Røyrvik - Ommedal 0-4(?)
kl 1220 Straumsholmen - Solheim Senior 6-0
kl 1240 Solheimsgutane - Røyrvik 1-1
Finalespel
1300 Jumbofinale: Solheim Smågut - Røyrvik 2-2 (5-4 e.e.o)
1320 Semifinale: Straumsholmen - Solheimsgutane 2-1
1340 Semifinale: Ommedal - Solheim senior 5-3(?)
1400 Finale: Ommedal - Straumsholmen 2-1




