NESHOLMEN CUP 2007
Suksessen frå i fjor bli vidareført, og Nesholmen Cup blir i år arrangert lørdag 7. juli kl. 11.00. Det skal i år som i fjor spelast gruppespel og finalar mellom grendalag med fire utespelarar pluss målvakt av valfri alder og kjønn (pluss evt. reservar) på kvart lag.
Håpet er at det blir påmeldt minst 8 lag slik at en kan få to grupper med 4 lag og 3 kampar i gruppespel pluss sluttspel.
Til no er det påmeldt 6 lag som er: Straumsholmen, Røyrvika, Heimset, Solheim gutane, Solheim senior og Solheim smågutt.
Så hopsara, holsara, åara og ommedøla stikk inn på forumet og meld på et lag!
http://hyenfotball.diskusjonsforum.no/hyenfotball-about40.html
Eventuelt kan påmelding skje til Øyvind Magnus Solheim, tlf. 908 29 211, eller Frank Holme, tlf. 992 94 906 helst innan 01. juli.
.jpg-for-web-large.jpg)
Frå kampen mellom Solhimesgutane og Heimset i fjor.
Feire bilder av Nesholmen Cup 2006
Etter turneringa skal ein prøve å få til litt sosial kos med grilling og meir! Kanskje får vi til litt vannski også.
Ditta blir moro, så er berre til å melde seg på at et av sommarens store høgdepunkt!