hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


HYENLUPA 2009 

Våren er komen og fotballsesongen 2009 nærma seg med stormskritt. Hyen skal i år spele i 6. divisjon avdeling 2 og for å sjå litt nærmare på våre motstandarar kjem vi også i år til å presentere vår eiga lupe "HYENLUPA 2009".

Gå til "HIL Lupa 2008" her!

Nr. 1: SANDANE2
Nr. 2: HYLLESTAD
Nr. 3: HYEN
Nr. 4: GAULAR2
Nr. 5: ANGA

Den må på ingen måte samanliknast med det proffane frå Fjøra serverte eller dei ulike avisenes presentasjon av tippeligalaga, men må heller sjåast på som eit tabelltips med litt utfyllande vurdering.

HYENLUPA 2009: 1. plass - SANDANE2 »

Sandane fekk i 2007 endeleg kunstgras. Med det har stilfotballen gått frå å hatt elendige treningsforhold til å få ei av landets beste kunstgrasbaner å leike seg på. Dette har ført til at Sandane2 har hatt gode treningar i heile vinter. Når det unge laget no har hatt eit og eit halvt år på å spele seg ilag trur vi motstandarane vil få merke dette i årets sesong. Vi tippar dei på 1. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Om du er enig eller uenig i dette tipset, kom med dine reaksjonar og gjerne eige tips i gjesteboka!

Les heile saken! (20. april 2009)

HYENLUPA 2009: 2. plass - HYLLESTAD »

Etter at Hyllestad ikkje stilte seniorlag i verken 2007 eller 2008 har dei i år på nytt fått stabla på beina eit herrelag som skal forsvare æra til den vesle kommunen like nordvest for Sognefjorden. Vi har eit svært dårleg grunnlag for  å vurdere Hyllestad sine sjansar i år, men med ein god porsjon magefølelese inne i bildet har vi uansett fått plassert dei på tabellen! Vi tippar dei på 2. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Om du er enig eller uenig i dette tipset, kom med dine reaksjonar og gjerne eige tips i gjesteboka!

Les heile saken! (17. april 2009)

HYENLUPA 2009: 3. plass - HYEN »

Hyen går på sin femtande sesong i fylkets jumbodivisjon i 2009. Laget har stilt herrelag kvar einaste år sidan 1993, noko som må seiast å være imponerande av ei lita bygd med knapt 500 innbyggjarar! Hyen hadde ein skuffande sesong både i fjor og året før det, men hyarane har i år fått ny optimisme i laget og det store målet er opprykk til femte divisjon. Vi tippar dei på 3. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Om du er enig eller uenig i dette tipset, kom med dine reaksjonar og gjerne eige tips i gjesteboka!

Les heile saken! (19. april 2009)

HYENLUPA 2009: 4. plass - GAULAR2 »

Gaular stilte i 2007 for første sesong med eit lag nummer to! Resultatmessig gjekk det åt skogen, men uansett var det positivt at dei stilte lag og gav spelarar med litt redusert ambisjonsnivå eit fotball-tilbud. Mange vil kanskje sjå på det som litt overraskande at vi tippar dei sopass høgt i 2009, men i Gaular har dei spennande ting på gong! og vi tippar dei på 4. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Om du er enig eller uenig i dette tipset, kom med dine reaksjonar og gjerne eige tips i gjesteboka!


Les heile saken! (18. april 2009)

HYENLUPA 2009: 5. plass - ANGA »

Anga stiller på nytt lag i 6. divisjon i år. Etter at laget så seint som i 1998 spelte i 3. divisjon har førdelaget no fått skikkeleg hoftefeste i fylkets jumbodivisjon. Dei siste åra har laget holdt seg i bunn av tabellen og sjølv om laget har gode forutsetningar for å være eit topplag i avdelinga så  trur vi dei er eit av Sogn og Fjordanes dårlegaste fotball-lag. Vi tippar dei på 5. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Om du er enig eller uenig i dette tipset, kom med dine reaksjonar og gjerne eige tips i gjesteboka!

Les heile saken! (16. april 2009)

HYENLUPA 2009 »

Seriestarten i 6. divisjon avdeling 2 er no rett rundt hjørnet og torsdag 16. april startar vi opp "HYENLUPA 2009" med å presentere eit lag kvar dag fram mot seriestart. Desverre er det eit par av laga som ikkje har gidda å svare på våre spørsmål noko som gjer at det har blitt vanskeleg å vurdere dei ulike laga då det seier seg sjølv at det er begrensa kva kunnskap ein har om ulike 6. divisjonslag.

Vi har likevel prøvd å komme med eit lite tabelltips og håpar at dette er noko som våre lesarar fin interessant. Forhåpentlegvis kan denne lupa være med skape litt engasjement for avdelinga samt provosere litt og fyre opp onde litt før seriestart slik at stemninga og innsatsen blir av god gamaldags 6. divisjonsnivå når kampan brkar laust! Seriestart er 21. april...

Les heile saken! (15. april 2009)