|
Hyen kom til Førde utan fleire viktige spelarar. Verken Jens Robert Hope, Geir Sigurd Vatnamo, Hans Otto Holme, Ola Alexander Lilloe-Olsen, Karl Erik Utheim, Lars Rønnekleiv eller Ola Henning Ommedal var blant dei som reiste til Førde. Dette resulterte i at Hyen stilte med sitt svakaste lag denne sesongen. Jølster2 starta kampen med eit par old boys-spelarar på midten, elles var det diverse B-lagsspelarar.
Det var kaldt i Førde denne søndagen, men bana var i alle fall snøfri då Hyen sparka i gong kampen. Den første halvtimen skjedde det ganske lite, spesielt før Jølster2 sitt mål. Jølster2, derimot, var frampå nokre gonger. Nærast var dei då dei kom gjennom, runda Øyvind Magnus Solheim og sette ballen i mål. Heldigvis for Hyen var det offside, og stillinga var framleis 0-0. Rett etterpå hadde Jølster 2 eit langskot i stolpen, der Solheim var fint framme og hindra ein Jølster2-spelar å score på returen.

Hyen hadde få sjansar i 1. omgong. Den beste kom då Anders Klungre kom rundt på venstrekanten og la eit innlegg. Både Åsmund Ommedal og Marius Hallem var nær ved å få foten på ballen, men ballen gjekk til utspark frå mål. Elles var det Jølster2 som vann dei fleste duellane, og hadde grepet om kampen. Mot slutten av 1. omgong byrja det og å snø tett, så det vart vanskeleg for dommarane å sjå linjene, og for spelarane å sjå, og handtere ballen.
Dessverre for Hyen fekk Jølster2 det første målet. Det kom rett før pause. Jølster2 la eit innlegg frå høgre som gjekk forbi mange spelarar før ein Jølster2-spelar fekk ballen på ca 12 meter og dunka ballen inn ned til høgre for keeper. Det var vel ikkje anna å seie enn at det var ei fortent leiing til Jølster2. Spelarane gjekk av bana til ein kort pause, medan dommarane fekk sin fulle hyre med snømoking av linjene.

2. omgong vart prega av endå tettare snø enn 1. omgong. Og omgongen starta dårleg for Hyen. Etter ca 5 minutt av omgongen fekk ein Jølster2-spelar flikka eit innlegg frå venstre i mål, og 2-0. Ikkje lenge etter bomma ein hyar grovt på ei klarering på det sleipe føret, noko som førte til ein 2 mot 1-situasjon for Jølster 2 på høgrekanten, og ein mann vart spelt fri og sette lett inn 3-0. Der og då såg det ut som om alle opprykksmuligheitene for Hyen var nedsnødd.
Men Hyen gav seg ikkje. Etter 70 minutt av kampen fekk laget straffe då Geir Kjetil Aa Hope vart hindra i ein duell etter eit innkast frå venstre. Roger Nordal er som vanleg fast eksekutør på straffe, som han sjølv sa har han berre bomma på ei straffe på 7 år! Denne gongen var det ikkje langt frå at keeper tok ballen, men den gjekk likevel inn nede til høgre for keeper, og det var nytt liv i kampen! 3-1!
Jølster2 ville vise at dei kunne slå tilbake, og rett etter scoringa hadde dei eit veldig flott angrep. Eit innlegg frå høgre vart brassesparka på nydeleg vis frå 15 meter vidare mot krysset, men ballen gjekk så vidt over. Hadde den ballen gått inn, hadde det utvilsamt blitt årets mål!

Hyen hadde fått blod på tann, og var veldig nære mål då Tommy Folkestad, som dessutan gjorde eit veldig godt innhopp, kom gjennom på venstrekanten og fekk avslutta i tverrliggjaren! Returen fekk ikkje Hyen noko ut av. Dessutan kom Geir Kjetil Aa Hope aleine med keeper, men klarte dessverre ikkje å runde han og sette ballen i mål.
Det var tydeleg at Jølster2 vart nervøse, for Hyen fekk mykje meir rom mot slutten av kampen. Og i det 90. minutt skulle Hyen igjen få utteljing. Anders Klungre fekk nesten tåa på eit innlegg frå høgre, men innlegget gjekk i stolpen og ut til hjørnespark. Hjørnesparket vart vakkert ekspedert i krysset av Marius Hallem frå ca 14 meter! Eit flott mål av Hallem, som vart årets unge spelar på Hyen i år. Dessverre var det ikkje nok tid for Hyen. Dommaren la til to minutt, men Hyen fekk ikkje til noko meir, og Jølster tok ein alt i alt fullt fortent seier.
Referat frå Jølster si heimeside
Kampfakta:
Kvalik til 5. divisjon Opprykksfinale 28. november 2007
Jølster2 - Hyen
3 - 2 (1-0)
Mål:
1-0 0xx. min Grezgorz Filipek
2-0 0xx. min Nils Arne Dvergsdal
3-0 0xx. min Kjetil Klakegg
3-1 070. min Roger Nordal (Geir Kjetil Aa Hope)
3-2 090. min Marius Hallem
Arena: Førde stadion KGB Tilskodarar: 10 Kampstart: sødag 28. november 2007, kl. 15:00
Gule kort : Mats Henrik Solheim og Håkon Solheim.
: Roger Nordal : Øyvind Magnus Solheim : Tommy Folkestad |