|
Blir kvalik på Hyen
Årdal tapte søndag 6-1 borte mot Strømsgodset2. Dette betyr at sogningane må vinne med minst 5-0 heime i Årdal på onsdag, noko som seier seg sjølv at er totalt urealistisk. For Hyen sin del betyr det at det ikkje blir noko direkte opprykk, men kvalik mot Jølster2.
| Publisert 3. november 2007. Oppdatert 6. november 2007. |
|
| I utgangspunktet skulle det spelast 2 kvalikkampar (heime/borte), men ettersom begge laga ønskte å spele ein kamp, var det ikkje noko i vegen for å gjere det. Kvalikkampen blir spelt søndag 11. november 15:00 på kunstgraset i Førde. For Årdal sin del vart det å møte ei 2. lag i kvalifisering ei dårleg oppleving då ein møte mange A-spelarar. For Hyen sin del vil ein nok ikkje oppleve lignande då Jølster sitt første lag stilte med toppa lag i sin siste kamp. Det betyr altså at ingen av dei som starta siste A-kamp kan spele for 2. laget i kampen mot Hyen.
5. DIVISJON 2008
Frå 6. divisjon: Hafslo Veitastrond Dale2 Førde3 Vikane Breim Vinnar Jølster2-Hyen TMFK2 Oppstryn
Frå 5. divisjon: Florø2 Gaular Bremanger Kaupanger2 Vadheim/Høyang2 Eid2 Tapar Bjørn - Askvoll/Holmedal
Dette vil igjen føre til disse to avdelingane(sannsynligvis):
|
Avdeling 1 |
Avdeling 2 |
|
TMFK2 |
Hafslo |
|
Florø2 |
Veitastrond |
|
Bremanger |
Kaupanger2 |
|
Vikane |
Vadheim/Høyang2 |
|
Eid2 |
Dale2 |
|
*Jølster2 / Hyen |
Førde3 |
|
Oppstryn |
*Bjørn / Askvoll/Holmedal |
|
Breim |
Gaular |
|
Neste kamp: 11. november 15:00 Jølster2 - Hyen Førde KGB
Siste kamp: 25. september 20:00 Førde4 - Hyen 3-1
|