|
Info om KM
Som kjent så ser det veldig bra ut for Hyen når det gjeld opprykk. Ein anna ting er at det også er stor sannsynlighet for at laget vinn avdeling 3. Det vil bety at ein vil være med i kampen om kretsmesterskap tittelen i 6. divisjon.
| Publisert 10. september 2007. |
|
| Dersom Hyen skulle vinne gruppa vil dette medføre at sesongen vil forlenga med minst to kampar til. Dei 4 avdelingsvinnarane i 6. divisjon vil bli delt opp i to semifinaler med heime og bortekampar, som vil bli føre til to lag som skal gjere opp om KM tittelen i ein finale på nøytral bane. Nærliggande å tru er det at denne kampen vil bli spelt på Eid Idrettspark.
Dersom dette skulle bli aktuelt for Hyen sin del, vil det etter all sansynlighet bety kampar mot avdelingsvinnar frå den reine Nordfjord avdelinga, avdeling 4. Per dags dato er det Tornado Måløy2 som leiar her.
Semfinalane blir spelt lørdag 6. oktober og onsdag 10. oktober, mens eventuell finale skal spelast 13. eller 14. oktober. |
Neste kamp: 11. september 18:30 Vikane - Hyen
Siste kamp: 7. september 18:30 Hyen - Breim 3-0
|