Verste motspelar: Må vere bakaren, Kurt Mørkøre. Svarten so god skuddfot. Scora 5 på meg fra alle verdens vinklar. Det var flaut!
Beste minne som Hyen spelar: Må no vere opprykket då vi slo Eid 2. Knust borte, so skulle dei komme i Hyen å piske oss med fleire A-spelara. Men vi tok dei.
Dårlegaste minne som Hyen spelar: Tja. Må vere overtråkket so eg hadde på ei fotballtrening et år. Foten har aldri vore den same.
Kva meinar du kan gjere Hyen til eit betre fotballag: Trening
6 kjappe om sesongen
1. Kva er dine ambisjonar for 2008 sesongen? Ingen, å vere med kanskje..
2. Korleis trur det vil gå med Hyen i sesongen? Trur vi var heldige so ikkje havna i den Stryneavdelinga sånn i forhold til tabellplassering. Ellers er det vanskelig å spå. Er forresten egentlig ikkje so nøye kor det går, so lenge vi har det artig og slår STIL2 sjølvsagt
3. Kven trur du blir Hyens viktigaste spelar i år? Som det har vore. Åsmund og Geir Sigurd viss han e me
4. Kven av våre motstandarar blir vanskelegast å møte? Vanskelig å spå. Burde egentlig knuse alle laga. Opp til oss sjølve..
5. Har du lyst at Hyen skal rykke opp? Ser egentlig ingen poeng i det. Men viss det e d folk vil, so skal ikkje eg legge meg so mykje opp i det.
6. Tabelltips 6. Divisjon avdeling 2? Ingen peiling. Men viss eg må tippe:
1. Tambarskjelvar
2. STIL2
3. Hyen
4. Florø3
5. Ahil2
6. Gaular 2