hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Jølster - Hyen 1-1

Det vart poengdeling i bortekampen mot Jølster, Hyen skal være fornøyde med det poenget dei fekk i kampen. Jølster kontrollerte det meste av kampen, men dei skapte ikkje så mykje sjansa. Det dei skapte vart rydda oppi av forsvaret og av keeper. Hyen sleit med å få til spillet. Sjølv om Hyen ikkje hadde mykje spel eller sjansa so scora dei først, Jon Bjarne slo eit langt frispark som Roger fekk heada i mål. Målet vart scora etter 65 minutt, det var vel ikkje heilt fortjent. Etter scoringa pressa Jølster hardt for å få utlikninga og to minutt før fulltid kom scoringa, det var litt slapp markering i feltet på eit innlegg og Jølster spelaren fekk upressa heade inn 1-1 målet.
Alt i alt kan Hyen være fornøyde med å ta poeng borte mot ein av seriefavorittane.

Kampfakta 5. div. menn

Jølster - Hyen 1-1 (0-0)

0-1 Roger   65 min.
1-1               88 min.

Hyen stilte med følgande mannskap: Øyvind Magnus, Geir, Stig Rune, Kjartan, Jon Bjarne, Hans Otto, Ola Henning, Åsmund, Kai Arne, Ola Alexander, Lars Magne
Reserva: Roger, Karl Erik, Øyvind, Tore Christian

 


Neste kamp:
14. august 19:00
Hyen - Eikefjord2


Siste kamp:
19. juni 19:00
Hyen - Førde4 2-1