hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum


Jølster2 - Hyen 3-2


Hyen spelte årets 3. bortekamp mot Jølster2 tirsdag 12. juni. På ei humpete og veldig dårlig grasbane var det mykje som ikkje stemte for bortelaget i denne kampen. Spesielt første omgang var årsverste. Utover i 2. omgang kom Hyen til fleire sjansar, og med litt meir presisjon foran mål kunne hyarane reist heim med alle poenga. Men heimesterke Jølstringa stod imot og sikra inn 3 nye poeng! Stillinga til pause var 2-1.

Publisert 13. juni 2007.

 

Dagens HIL-stjerne: Geir Sigurd Vatnamo

Foto: hyenfotball.com
Dagens HIL-stjerne gjekk til Geir Sigurd Vatnamo. Han fekk rydda opp veldig mykje av det som kom imot, og uten han hadde nok blitt fleire baklengs.

Etter to veker med strålande sol og høge temperaturar var ting tilbake til normalt då Hyen entra Skei stadion. Vind, regn, 5-6 grader og ei elendig grasbane var det som møtte hyarane då dei tok sine første steg inn på Golanhøgda. Før kampen hadde ein kanskje frykta at det var eit sterkt Jølster2 lag ein kom til å møte, men ein såg raskt at dette var eit lag Hyen hadde gode sjansar til å slå.
 
Kampen begynte dårleg for Hyen. Jølster2 tok initiativet og Hyen vart pressa langt ned. Bortelaget fekk rydda opp det meste som kom bakover, men når ein erobra ballen gjekk det berre eit trekk før ein jølstringa hadde tatt over igjen. Og dette skjedde ikkje berre nokre få gongar! Dette førte etterkvert til at Jølster fekk eit massivt press, og ergo soleis også eit par gode sjansar. Men Hyens nye keeper for dagen Karl Erik Utheim viste stor sikkerheit lengst bak og jølstringane måtte innsjå at dei ikkje skulle få nettkjenning med det første. Hyen fekk etterkvert eit par gode sjansar til å ta leiinga. Største sjansen hadde nok Roger Nordal etter omlag ein halv time spelt. Etter eit angrep på venstre sida blei ballen spelt inn til Nordal som plutseleg stod aleine ti meter føre mål, men Nordal fekk ikkje trøkka til skikkelig. 



Men det var Jølster2 som var det klart beste laget i første omgang, og etter 36 minutt tok dei fullt fortent leiinga ved Øyvind Solheim. Til tross for dette fekk ikkje Hyen løfta laget. Midtbana til Jølster fortsette å vinne nesten alle duellar rundt midtstreken, og dei sentrale midtbane spelarane til Hyen fekk omtrent ikkje starta eit angrep. Men eit angrep vart det i alle fall. I det 44. minutt fekk Åsmund Ommedal ballen med seg fint igjennom og fekk passa til ein umarkert Anders Klungre som sette ballen sikkert nede i høgre hjørne. Iskaldt av Hyens toppscorar! Første omgang var uansett ikkje ferdig, og på overtid sendte Alex Peveri jølstringane til pause med 2-1 leiing.

 
Starten på 2. omgang fortsette på same måte som den første. Hyen vart trykka langt tilbake, og noko som også førte til at Jølster2 fekk sine sjansar. Virka som at hyenspelararane ikkje heilt skjønte at det var dei som måtte fram å score mål. Jølster2 skulle få endå eit mål. Etter 59. minutt braut Jølster2 (som vanleg) og nummer 8 på Jølster2 Micael Labarca kunne enkelt ta med seg ballen rett mot mål. Han gjorde ingen feil og auka dermed leiinga for heimelaget.

No skjønte Hyen for alvor at noko måtte gjerast. Ein la om til 4-4-2 formasjon og sette inn på dei to spelesugne spissane Frank Holme og Lars Rønnekleiv.

Dette hjelpte tydelegvis veldig. No var det Hyen som pressa Jølster2 bakover. Marius Hallem og Andreas Kvalheim Morken kom inn på kvar sin kant i pausen, og disse to i kombinasjon med dei to nye spissane fekk fart i eit skremmande tamt Hyen lag. Hyen tok no fullstendig over kampen. Friske bein, ein meir offensiv formasjon kombinert med etterkvart litt trøtte jølstringar førte tl at Hyen kom til fleire gode sjasnar. Men mål skulle det likevel ikkje bli. Fleire Hyen spelarar hadde gode sjansar til å putte for bortelaget, men den avgjerande siste touchen var dessverre ikkje god nok til å overliste heimelagets siste skanse Frank Tore Tveit. Hyen la også etterkvert over til 3-4-3 då Roger Nordal vart sett inn igjen, og dette førte berre til eit endå meir massivt press. Kantane Morken og Hallem var allereie ganske så offensive, så på mange måtar kunne det nok sjå ut som at Hyen spelte ein 3-2-5 formasjon mot slutten. Den ultra offensive satsinga førte sjølvsagt til at Jølster2 kom på farlege kontringar, men då stod Geir Sigurd Vatanmo fram og temde dei hissige spissane til heimelaget!

Dessverre for Hyen så klarte ein ikkje å sette dei store sjansane. Frank Holme sette ballen i stolpen, Lars Rønnekleiv kom aleine igjennom og Marius Hallem hadde eit godt skot, som uheldigvis gjekk rett i ein hyar! Til slutt skulle den svært så fortente reduseringa komme. Frank Holme kom igjennom. Den første avslutninga gjekk på keeper, men då han måtte gje retur kunne Holme enkelt sette inn Hyens andre mål for dagen. Men dette var på overtid, og like etter blåste dagens meget gode dommar av kampen og dermed måtte Hyen konstatere nok eit bortetap.



Dei første 60 minutta av kampen var rævdårlig av Hyen. Men forklaringa på dette var nok ei altfor defensiv innstilling kombinert med at ein aldri fekk ballen til å "gå i laget". Når ein eit kvarter ut i 2. omgang la om til 4-4-2 og seinare til 3-4-3 vart kampen fullstendig annleis. Mykje av æra for dette skal og dei to unge vingane Morken og Hallem som vart bytta inn i pausen ha æra for. I motsetning til det som skjedde i første omgang klarte dei å få ballen ned og få i gang spel langs bakken. Så her har ein heilt klart positive ting å ta med seg. Det som skjedde dei første 60 får ein berre gløyme og heller innsjå at det beste forsvar er angrep! Er også ein langt artigare måte å spele fotball på!

7 innbytarar var med til dagens kamp, og samtelege fekk spele minst 20 minutt. Alle inbytta gjekk vell for så vidt greitt i denne kampen, men dette er noko som ofte blir litt vanskeleg med ein spelande trenar. Er heilt klart eit luksus problem å ha med 19 spelarar til kamp, men ein bør vell kanskje til dei neste kampane vurdere om ein skal ha med maks 4-5 innbyttarar.


Resultat 6. divisjon avd. 3 runde 4:
Førde4 - Anga 7-2
Vikane - Breim Fredag 15. juni

Bilde frå kampen
Referat frå Jølster si heimeside

Kampfakta:

6. divisjon avd. 3
Runde 6
12. juni 2007

Jølster2 - Hyen

 3 - 2 (2-1)

Mål:
 1-0 036. min Øyvind Solheim
 1-1 044. min Anders Klungre (Åsmund Ommedal)

 2-1 045. min Alex Peveri
 3-1 059. min Micael Labarca
 3-2 092. min Frank Holme (Roger Nordal)


Arena: Skei stadion
Tilskodarar: 10
Kampstart: tirsdag 12. juni 2007, kl. 19:00

Dommar : Sven Erik Midthjell (Eid)
Gule kort: Tom Erik Sandal (Jølster2).
: Geir Sigurd Vatnamo
  : Marius Hallem
    : Karl Erik Utheim

Hyen: (4-5-1):
Karl Erik Utheim; Øyvind Larsen, Geir Sigurd Vatnamo, Ola Henning Ommedal, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Anders Ommedal, Jens Robert Hope, Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Anders Klungre; Roger Nordal.

Benken: Karl Erik Holme, Marius Hallem, Andreas M. Kvalheim, Lars Rønnekleiv, Stig Rune Aa, Frank Holme og Mats Henrik Solheim.


Jølster2: (4-4-2):
Frank Tore Tveit; Morten Vetti, Bjørn Inge Egge, Stian Kvellestad, Nils Bjarte Førde; Micael Labarca, Håvard Slåtten, Are Mangernes, Alex Peveri; Øyvind Solheim og Nils Inge Dvergsdal.

Benken: Henning Barlund, Tom Erik Sandal og Andre Heggheim..


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no.

 


Neste kamp:
14. august 19:00
Hyen - Eikefjord2


Siste kamp:
19. juni 19:00
Hyen - Førde4 2-1