|
Hyen opnar med heimekamp
Etter at det som vart en skuffande 4. plass i serien etter sesongen, står Hyen no midt oppi ei spennade opprykkstid. Om det blir kvalikkampar kjem heilt ann på Årdal, men sjansane deira til opprykk er sopass små at ein nok må gå utifrå at det blir kvalikkampar. Kretsen har sendt ut følgjande info:
| Publisert 2. november 2007. |
|
| Dersom Årdal vinn kampane om opprykk mot Strømsgodset og rykker opp i 2. divisjon, rykker Jølster 2 og Hyen opp i 5. divisjon. Dersom Årdal spelar Firdaliga neste (ikkje klarar opprykk til 2. divisjon), spelar Jølster og Hyen dobbel kamp om 1 plass i 5. divisjon. Desse kampane blir spelt på følgande datoar, lag som står fyrst har heimekamp:
Søndag 11. november kl. 14:00 Hyen – Jølster 2
Søndag 25. november kl. 14:00 Jølster 2 – Hyen
NB! KAMPANE BLIR BERRE SPELT DERSOM ÅRDAL IKKJE RYKKER OPP I 2. DIVISJON.
(Helga 17.-18. nov er det kretsting i Førde, og fotballfri).
(Dersom laga ynskjer det, kan ein kamp avviklast på nøytral bane. Dette tek i sofall klubbane opp seg i mellom, og informerar undertegna).
Gulekort frå seriespel tek ein ikkje med seg i kvalkampane. Dette gjeld ikkje raudt kort. SFFK set opp dommarar på kampane. Dette blir sendt klubbane torsdag 8. november.
Regel: Dersom det står likt etter 2 kampar, gjeld bortemålsregelen. Dersom fortsatt likt, skal det spelast 2 x 15 minuttars ekstraomgangar. Dersom det blir skåra like mange mål i ekstraomgangane, tel bortelagets mål dobbelt.
SFFK ynkjer laga lukka til. |
Siste kamp: 25. september 20:00 Førde4 - Hyen 3-1 |