|
 |
Dagens Hyen-stjerne: Håkon Solheim |
 |
 Foto: hyenfotball.com Ikkje lett å gje stjerner til nokon hyarar etter denne kampen, men Håkon Solheim sto på og jobba godt gjennom heile kampen og vann alle duellane han var innvolvert i. Hadde resten av hyegjengen trøkka til som han i dag hadde det blitt ein heilt anna kamp!
|
Med berre elleve spelar tilgjengelig pluss superreserve Olav Klungre så var nok dei fleste klar over at Hyen kom til å få ein svært tøff kamp. Med spelarar som Anders Klungre og Karl Erik Utheim ute så mangla to av dei spelarane som både er flinkast til å holde på ball og av den mest målfarlege sorten.
Dette skulle etterkvert vise seg å svekke Hyen voldsomt og faktisk produserte laget kun nokre halvsjansar som kan tellast på ei hand.
Oppladninga til kampen var heller ikkje god. Nesten alle hyarane kom til Hyllestad ikkje før ein halvtime før kampstart og dei som var der måtte sitte å vente like lenge då Hyllestad ikkje hadde nøkla til garderobane!?
Sjølv om kampen vart utsett ti minutt så førte det til at det blei ei svært dårleg oppvarming for Hyen, men det spelte nok ingen rolle for bortelagets spelarar skulle etterkvert bli varme nok i trøya og vell så det!
Hyllestad tok grep om kampen frå start og kom til ein del store sjansar allereie i åpningsminutta. Heldigvis var avslutningane av det litt dårlege slaget og Hyen slapp med skrekken.

Det skulle uansett ikkje gå lange tida før Hyllestad fekk sitt første mål for kvelden. Etter elleve minutt kom det første av i alt heile åtte baklengs for Hyen!

Men ein dårleg start er ikkje noko nytt for Hyens del og laget har vist tidlegare at ein er flinke til å kjempe seg inn igjen i kampane ein ligg under i. Dette skulle også være tilfelle her. I ein periode rundt midten av omgongen kom Hyen meir med og fekk til litt spel og produsert nokre sjansar. Etter tjueseks minutt skulle også utlikninga komme. Ørjan Gjesdal får ballen ute på høgre kanten tar den med seg nokre meter framover før han slår ei nydeleg pasning på tvers over Hyllestad-forsvaret. På ca. ti meter rett framfor mål dett ballen ned til Jens Robert Hope som er iskald og dunkar ballen med skeiva nede i venstre hjørnet!

Dette gav natulegivs Hyen eit løft og i dei neste minutta var laget full på høgde med heimelaget. Men hyarane skulle ikkje lenge etter få seg ein skikkeleg kalddusj! Etter litt "klabb og babb" inne i Hyens felt etter ein corner får Hyllestad avslutt på mål. På streken står Åsmund Ommedal og når han får ballen i brysthøgde like til venstre for seg så løftar han handa i rein refleks. Soleklar straffe og like soleklart rødt kort! Straffa blie sikkert ekspedert i mål og då var det nok mange hyara som frykta det som etterkvert og skulle komme...

Sjølv om ein no venta ei massivt Hyllestad press så klarte Hyen å rydde greit opp dei komande minutta og samtidig fekk ein også til litt spel framover. Derfor såg ein muligheitane for at det kunne bli poeng når laga gjekk til pause på stillinga 2-1.

Men 2. omgong skulle bli eit av Hyen sitt svartaste kapittel nokonsinne. Hyens kanskje einaste og største sjanse i omgong kom etter berre 3 sekund. Ola Alexander Lilloe-Olsen smelte til frå avspark og ballen spratt så vidt over ein ikkje altfor høg Hyllestad-keeper men desverre også over buret til heimelaget.

Etter dette var det kun Hyllestad det var snakk om! Omtrent samtlege av alle måla kom også på samme måte. Utspark frå Hyen som landar i midtsirkelen. Der vinn Hyllestad duellane 90% av gongane og heimelaget fossar fram mot Hyens sitt mål med 5-6 spelarar mot Hyen sin forsvarfirar. Når Hyllestad då nærmar seg 16-meteren er ein av hyarane nødt til å gå i press og då er det ein enkel jobb å spele ein av spissane aleine med keeper. Hyllestad kunne fort putta fleir enn det dei gjorde, og hadde nok nærmare femten store målsjansar iløpet av omgongen!

Etter førtifem grusome minutt der både kreftene og lufta gjekk ut av Hyen relativt tidleg så var dagens høgdepunkt då dommar Karl Inge Wolff endeleg blåste av marerittet. Med berre ein mann på benken så hadde ein svært begrensa muligheiter til å gjere både taktiske og fysiske endringar. Det hjalp jo då heller ikkje noko særleg på kreftene at ein stort sett vart springane etter ballen heile kampen...

Denne kampen må Hyen berre gløyme, men ein bør merke seg at ein sleit veldig med å få etablert noko spel, og dei to sentrale på midten vart veldig åleine mens vingane omtrent ikkje vart involvert i spelet i det heile. Så ein har sjølvsagt mykje å jobbe med, men med fleire faste spelarar tilbake så skal Hyen klare å reise seg etter dette!
