|
 |
Dagens Hyen-stjerne: Anders Klungre |
 |
 Foto: hyenfotball.com Anders Klungre tok i andre omgang virkelig tak p å midtbana og det førte til at Hyen kom for fullt med i kampen. Hadde han fått litt betre hjelp av lagkameratane spesielt i første omgong kunne resultat blitt langt betre sett med hyen-auge! |
Etter å ha ankome Hyllestad vart det som vanleg der ute ei obligatorisk venting på garderobenøkkel i femten minutt. Men til slutt fekk heimelaget tak i "the holly key" og laga fekk skifta og var klare til kamp!
Hyen tok avspark, men det var Hyllestad som tok grepet om kampen frå start. Likevell var det Hyen som skulle få kampens første sjanse då dei etter fem minutt fekk frispark på hjørnet av seksten-meteren ute til høgre. Øyvind Larsen fekk stusa innlegget til Anders Klungre, men heilt aleine med keeper fekk han ballen litt bak seg og klarte dermed ikkje få til noko anne enn ein sleiv inn til keeper.
Berre minuttet etter skulle kampens første mål komme. Hyllestads Pavel Woijcheck fyrte avgårde eit skudd ikkje langt frå midtstreken. Ballen sprette hardt langs bakken retning Hyens mål og ein uheldig Øyvind Larsen er så vidt borti og dermed blir keeper utfinta og ballen smyg seg inn i høgre hjørnet. Eit skikkeleg dritmål og ein forferdeleg start på kampen for hyarane.
Men rett frå avspark får Hyen ein ny kjempesjanse. Anders Klungre drar seg elegant forbi to mann og kjem rett igjennom heimelagets forsvar. Aleine med keeper sett han ballen hårfint utanfor til venstre. Hyen burde altså ha lede 2-0 allerede etter sju minutt, men istaden låg ein under 0-1!!

Hyllestad tar etterkvert fullstendig over kampen og spesielt på midten rundspelar dei bortelaget. Hyen er dårleg organisert og jobbar stort kun "ein og ein". Spesielt heimelagets Pavel Woijcheck dominerte fullstendig på midten og starta mange fine angrep for sogningane. Dei heilt store sjansane uteblei med det første, men ein sat likevel igjen med eit inntrykk av at 2-0 var rett rundt hjørnet.
Etter tjue minutt skjer det og nok ein gong er det eit veldig unødvendig baklengsmål for Hyen. Dei heile startar med at hyarane ikkje følge med på motstandarane sine bevegelsa. Ein midtstoppar slår ballen opp på høgrekanten som får gå opp upressa og stusse vidare til Nikolai Kvellestad som drar seg fri. Veldig skrot ute til høgre sende han avgårde eit ikkje spesielt bra skudd, men keeper glepp ballen som dermed fyk vidare rett i nettet. To tidlege tabbemål som gjorde utgongspunktet for poeng i denne kampen svært vanskeleg

Etter halvtimen-spelt får Hyllestad ein kjempesjanse. Hyen følge ikkje med på eit innkast og heimelaget får komme rundt på venstrekanten. Markeringa i midten er totalt fråværande, og når då vingen slår perfekt førtifem grader ut til ein medsplear skal det bli mål, men frå åtte meter går skuddet utruleg nok utanfor. Ein sjanse som oppstår kun fordi hyarane ikkje er fokuserte!
Etter trettiseks minutt kjem 3-0. Hyen spelar seg fram til eit fint angrep, men Hyllestad får avverga innlegget og startar ei glimrande kontring. På nytt søv bortelaget i markeringsspelet og Nikolai Kvellestad blir spelt nydeleg fri ute til høgre. Han tar med seg ballen framover før han glimrande finn Stig Kongsvik i midten som heller ikkje blir markert skikkeleg og dermed får ein enkel jobb med å auke leiinga. Eit flott angrep av heimelaget, men på nytt er det alt for dårleg markeringsjobb av Hyen.

Etter trettiåte minutt får Hyen ein brukbar sjanse då eks-Hyllestad spelar Ørjan Akse fyre avgårde ei volley ute til venstre. Skuddet har ei god retning, men ballen smyg seg over venstre kryss. Kunne blitt eit nydeleg mål, men marginane var nok ein gong ikkje heilt på Hyens side.
Etter dette skjedde det ikkje spesielt mykje sjåverdig og laga gjekk til pause på stillinga 3-0. Greit at Hyen slapp inn to tabbemål, men ein vart til tider fullstendig rundspelt, så resultatet kunne fort vore enda værre.

Hyllestad åpnar andre omgong med å gå opp til 4-0. Ikkje lenge etter viste ein av deira polske importa fram eit svalestupp av ypperste kvalitet i håp om å få straffe. Dommaren lot seg heldigvis ikkje lure, men eit gult kort hadde så absolutt vore på sin plass. Men som det blei kommentert etter ein liknande situasjon frå kampen i Hyen så slår vi fast at "ditta ha dei lært i Polen og ikkje i Hyllestad".
Det er Hyen som får omgongens andre store sjanse. Håkon Solheim bryt fint på eigen banehalvdel og forserar framover på ut mot høgre. Ballen kjem omsider til Anders Ommedal som spelar Åsmund Ommedal aleine i gjennom. Men aleine med keeper litt skrått til høgre går dessverre skuddet utanfor lengste stolpe. Ikkje lenge etter har også Jens Robert Hope ein god sjanse så her kunne Hyen for fullt ha kome inn igjen i kampen om avslutningane hadde vore av betre kvalitet.

Men endringane Hyen gjorde i pausa viste seg å fungere bra, og spesielt på midten fekk heimelaget no mindre rom mykje takka være ein veldig god Anders Klungre som var flink til å være tett opp i Hyllestad sine ballfordelarar.
Eit kvarter ut i omgongen skulle Hyen endeleg få si fortente redusering. Even Hallem startar kjapt bakfrå og kastar fint ut til Anders Klungre. Han finn Ørjan Gjesdal som flikkar ballen vidare til Jens Robert Hope. Frå seksten meter dunkar han ballen utagbart nede i keepers venstre hjørne. 4-1 og i det minste litt ny optimisme inn i hyeleiren.
Ti minutt seinare produserar Hyen på nytt eit nesten identisk angrep. Men denne gongen får ikkje Hope avlsutta skikkeleg og når Anders Ommedal skal ta returen frå keeper på det åpne målet går dei to angriparane i vegen for kverandre og det endar opp i at ballen trillar utover dølinja.

Hyen er det dominerande laget no, og berre to minutt seinare oppstår ein ny kjempesjanse. Anders Klungre og Vegard Flatjord jobbar godt og bryt eit Hyllestad-angrep på midten. Flatjord finn Anders Ommedal som spelar ei fin gjennombruddspasning til Jens Robert Hope. Han kjem litt skrått på mål, men avslutninga er god. Keeper får eit bein på ballen, men kan heldig sjå at ballen går like over mål.
På den påfølgjande corneren er Hyen på nytt grisenær. Legget frå Anders Ommedal er godt, headinga frå Øyvind Larsen ditto, men keeper får såvidt fram ei hand og får slått vekk ballen.
Dei neste minutta er litt rotete. Litt av lufta ser ut til å ha gått ut av Hyllestad, og dei svergar no til å slå langt på sine spissar. Hyen prøvar å spele langs bakken, men samspelet fungerar rett og slett litt for dårleg og heimelaget får som oftast brutt enkelt.

Fem minutt før slutt får heimelaget nok eit utruleg billeg mål. Keeper Tommy Wolff skyt ballen langt opp på Hyens halvdel, ein hyar feilbereknar spretten og dermed kjem Nikolai Kvellestad aleine igjennom. Han gjer ingen feil og set ballen enkelt over ein sjanselaus keeper.
Etter dette var det ikkje meir sprut i hyarane og Hyllestad var ved eit par høve svært nære ved å score fleire mål. Men ingen av laga putta meir og når dommar Karl Inge Wolff blåste av for full tid stod det 5-1. Eit resultat som var fullt fortent, men begge laga burde scora minst tre-fire mål til.
Konklusjonen etter denne kampen blir at Hyen rett og slett tapar på grunn av for mange personlege feil. Tre av måla må kunne kallast tabbar og når ein då også er sløve i markeringane så fortena ein ikkje anna enn å tape.
Framover er ein samtidig for lite effektive og det blir naturlegvis vanskeleg når ein bommar på seks-sju gigantsjansar. Likevel er kanskje det mest skuffande måten ein spelte på i første omgong. Veldig dårleg organisering på midten førte til at Hyllestad fekk kjempestore rom og gong på rulla dei opp fine angrep. Her såg ein tydeleg at savnet etter ein aggresiv Marius Hallem var stort.
Hyen slite veldig med samspelet og generell kommunikasjon på bana og dette skuldast utvilsomt at spelarane aldri deltek heile gjengen på trening. Så skal det bli forandring her må folk rett og slett berre begynne å bli flinkare til å møte på trening!
Film med høgdepunkta frå kampen: