hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum  Gjestebok



2. plass: Hyllestad 

Etter at Hyllestad ikkje stilte seniorlag i verken 2007 eller 2008 har dei i år på nytt fått stabla på beina eit herrelag som skal forsvare æra til den vesle kommunen like nordvest for Sognefjorden. Vi har eit svært dårleg grunnlag for  å vurdere Hyllestad sine sjansar i år, men med ein god porsjon magefølellese inne i bildet har vi uansett fått plassert dei på tabellen! Vi tippar dei på 2. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Publisert 17. april 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. Oppdatert 21. april

Ettersom Hyllestad først fekk svart på våre spørsmål etter at vi allereie hadde publisert og  vårt tips for heile avdelinga, er det nok mykje som kan tyde på at vi har vurdert dei ein smule feil. Har derfor justert litt på vårt tabelltips...

Heimesida deira er ikkje oppdatert på nesten to år og dessutan inneheld den ikkjet eit ord om seniorlaget. Soleis hadde vi svært lite informasjon om laget når vi kom med vårt tips. No har vi fått tilsendt spelarstall pluss litt anna info, og det gjev oss eit langt betre grunnlag for å vurdere deira sjansar i år.

Hyllestad er eit lag som Hyen aldri har møtt før, og det er kanskje like greitt ettersom kjøreturen dit er på litt over to timar. For dei som er litt usikre på geografien så ligg Hyllestad ca. tjue minutts køyring vidare utover fjorden når ein kjem til Lavik. Hyllestad kan ikkje kallast å være noko metropol, men var faktisk ein av dei plassane i Sogn og Fjordane som fekk kunstgrasbane først. Allereie i 2000 hadde dei fått på plass det som då var eit ganske revolusjonerande underlag i vårt distrikt. Etter ti år med utvikling av kunstgras så er det sjølvsagt skjedd ei stor utvikling, og Hyllestad si bane kontra dekket på Myklebustflata på Sandane kan knapt samanliknast. Det som er problemet med kunstgras av typen som Hyllestad har er at det er svært kort gras ispedd mykje sand samtidig som bana er veldig hard og altså ikkje er ideell for folk som slit med dårlege kne! Spesielt blir nok dette svært merkbart når ein ikkje er vant til eit slikt underlag og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at ein del spelarar vil få slite litt dagen etter ein kamp i Hyllestad.

foto: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiMoreNews&OrgElementId=55924&ArkivId=83246

Anga er eit lag som har møtt Hyllestad ei rekke gongar, og utifrå det vi kan lese på deira heimeside så er det som kjenneteiknar Hyllestad at dei varierar svært mykje i prestasjonane heime og borte. Spelarane legg ikkje mykje i mellom både fysisk og i munnlige form. Soleis er ikkje gule og røde kort uvanleg når dei spelarar, noko som bunar ut i eit temperament som også eit engasjert publikum verkar å ikkje være redde for å vise heller.


foto: facebook!:P

Målsetninga til Hyllestad i 2009 er år bli kretsmester og bygge vidare på dette laget. Dei kjem naturlegvis også difor til å takke ja til eit eventuelt opprykk!

Vi veit altså svært lite om Hyllestad. Men dei ser ut til å ha ein svært breid og sterk spelarstall og med tanke på dei gode resultata dei har hatt mot Gaular2 trur vi at dei fort kan bli av dei beste laga i avdelinga. Laget har hatt gode treningsforhold med kunstgras dei siste ti åra, så ein bør forvente å møte eit pasnings-sikkert lag som nok blir svært vanskelege å møte på deira særeigne kunstgras.

 Styrka:


+ Gode treningsforhold
+ Har hatt kunstgras i ti år
+ Gode heime
+ Assistenttrenar med erfaringar frå engelsk toppnivå
+ Stor stall meg fin variasjon i ungt og gamalt
+ Mange på trening

Svakheiter:


- Kan få det tøft borte på uvant underlag
- Fire lange borteturar
- Sannsynlegvis litt tynt spelargrunnlag

Resultat treningskampar:
22. mars Hyllestad - Gaular2 4-3
29. mars Gaular2 - Hyllestad 0-4

Heimeside:

http://klubb.fotball.no/hyllestad


Rudi Wolff:
Veit ikkje noko om Wolf, men som assistentrenar får han med seg Huw Wilson som prøvespelte for Ipswich som ung. Korleis han hamna i Hyllestad og korleis han er som trenar veit vi ingenting om, men litt spennande høyres det no ut!


 Keeper:

  • Tommy Wolff - 22 år
  • Arne Martin Mjømen - 40 år

 Forsvar:

  • Joakim Systaddal - 24 år
  • Jan Anders Wickstrøm - 15 år
  • Helge Jonny Salbu - 28 år
  • Martin Tonning - 15 år
  • Ole Kenneth Eide - 19 år
  • Per Egil Akse - 35 år
  • Huw Wilson - 27 år
  • Aleksander Eide - 17 år

 Midtbane:

  • Petter Førsund - 20 år
  • Steffen Wolff - 17 år
  • Pavel - 25 år
  • Rafal Sarba - 29 år
  • Roar Bøyum - 23 år
  • John Bårøy - 17 år
  • Fredrik Høie Olsen - 15 år
  • Jørn Solaas - 23 år
  • Tor Magnus Solaas - 23 år

 Angrep:

  • Espen Glavær - 26 år
  • Stig Kongsvik - 23 år
  • Torkel Løland - 20 år
  • Nikolai Kvellestad - 16 år


Martin Tonning:

Roleg, spelande midtstoppar. Er god til å time duellane og flink til å lese spelet. Er siste års gutespelar og ein kar det blir meget spennande å følgje!

Heimebane:

Hyllestad idrettsanlegg(kunstgras)

Draktfargar:

  • Heime - Rød trøye, svart shorts, svarte sokkar
  • Reserve - Blå trøye, svart shorts, svarte sokkar
  • Hyen sitt tabelltips ved Rudi Wolff:


    Symbol, samt inspirasjon er henta frå fjora.no