|
|
Dagens HIL-stjerne: Geir Sigurd Vatnamo
.jpg-for-web-normal.jpg) Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Geir Sigurd Vatnamo. Vatnamo var den store stjerna i dag. Han var den som førte Hyen inn i krigen, og i si defensive midtbanerolle gjorde han ein kjempe jobb både framme og bak. |
Det vart ein spennande kamp mellom Hyen og Vikane. Vikane tok raskt kontroll over kampen, og pressa Hyen bakover på bana. Men til tross for at dei dominerte spelet kom dei likevel veldig sjeldan til avsluttningar. Hyen sleit med å få ballen til å gå i laget og var kun nokre få gongar at ein virkeleg klarte å trille ball. Første omgang var nok ein ganske så kjedelig omgang reint publikumsmessig, og var knapt ein einaste sjanse i heile komgangen. Største sjansen hadde Hyen då Marius Hallem utnytta eit dårleg utspark, og med litt meir tur kunne heimelaget leda til pause. Dagens dommar kom dårleg i gong, og når det var innkast i første omgang fekk stort sett det laget som sprang og tok ballen først innkasta! Dette førte etterkvert til ein del frustrasjon blant spelarane, og må være lov å sei "herlighet" på ei fotballbane uten at dommaren begynne å true med korta! Skulle likt å sett kor mange kort det hadde blitt i tippeligaen om ein hadde lagt seg på samme nivå!
.jpg) Solheimarar klare til kamp!
Første omgang ebba etterkvert ut i ingenting, og spelarne fekk ei velfortent pause i den brennande varmen. Bana var hverken sladda eller vatna og speleforhold var mildt sagt elendige. Til tross for at spelarane var sletne virka det likevel som om det var dommaren som var "lengst nede i kjellaren". Når andre omgang skulle begynne stod spelarane frå begge lag å venta i over 5 minutt før den svartkledde dukka opp.
 Fornøgde Hyen spelarar både før og etter kamp!
Andre omgang var på mange måtar veldig lik første. Vikane pressa på, men Hyen forsvarte seg veldig bra. Resepten var god kjemping og med Geir Sigurd Vatnamo i spissen fekk Hyen Vikane ut av stilen. Men sjølv om Vikane hadde ballen var det Hyen som skulle skape sjansane. Vart ein del små sjansar ut av frispark frå midtbana, men det var aldri nokon som klarte å få stussa innlegga i mål.
Omtrent midtvegs i omgangen skulle målet til Hyen komme. Eit Vikane angrep vart brote på midten. Ballen vart slått fram mot 16 meteren, og etter litt "klabb og babb" havna ballen til Roger Nordal som med eit nydelig blikk fekk heada ballen ned til Anders Klungre som dunka ballen i nettet frå ca. 12 meter. Ei kjempe scoring av Klungre!
.jpg-for-web-large.jpg) Dagens matchvinner: Ein stolt og fornøgd Anders Klungre!
Scoringa gav Hyen på mange måtar eit ekstra gir, og det var tydeleg at heimelagets spelarar no ville hale alle 3 poenga i lang. Vikane kom nærmare og nærmare mål, men dei store sjansane uteblei fortsatt i første del av andre omgang. Øyvind Magnus Solheim hadde god kontroll bak og redda det som kom.
Men på slutten av kampen skulle Vikane etterkvart få nokre bra sjansar. Bortelaget fekk ein del cornera, og dei sleit Hyen med å få avklart, og det kunne fort blitt mål til Vikane ut av alle duellane foran mål. No fekk Hyen også meir rom, og det førte til eit par gode kontringar. Roger Nordal var svært nær å auke til 2-0. Ballen vart slått langt opp, keeper kom ut, men Nordal vart sopass pressa av ein Vikane forsvarar at lobben gjekk litt til side for mål.
Andre omgangs største sjanse foruten målet var det også Hyen som hadde. På 5 meters hald dukka Anders Klungre opp. Ballen kom fint sprettande i mot, Klungre klinte til på volley, men skuddet sneik seg nokre centimeter over mål. Her burde Hyen ha punktert kampen!
Vikane såg for alvor no sjansen for poeng, og dei hadde eit skudd like utanfor og en lobb som Øyvind Magnus Solheim redda glimrande. Men til slutt blåste dommaren av kampen og Hyen kunne juble for siger over ein ubesigra seriefavoritt!
Dette betyr altså at Hyen no berre er tre poeng bak Vikane med ein kamp mindre spelt. Dei poenga kan hentast inn i neste runde når Hyen tek turen til Skei og Jølster2.
Resultat 5. serierunde 6. div. avd. 3: Anga - Jølster2 2-1 Eikefjord2 - Førde4 1-3
Bilde frå kampen
Kampfakta:
6. divisjon avd. 3 Runde 2 Hyen - Anga
1-0 (0-0) VIKANE
Mål:
1-0 68. min Anders Klungre (Roger Nordal)
Arena: Hyen sentralidrettsanlegg Tilskodarar: 45 Kampstart: tirsdag 5. juni 2007, kl. 19:00 Dommar : Helge Hafsås(STIL)  Gule kort : Geir Sigurd Vatnamo og 2 til Vikane.
: Geir Sigurd Vatnamo : Anders Klungre : Ola Henning Ommedal |