|
Dagens HIL-stjerne: Håkon Solheim
 Foto: hyenfotball.com Solheim stod på og jobba i gjennom heile kampen! Han gjekk i duellar og viste skikkelig vinnarvilje og god moral! |
Det vart ein svært merkeleg kamp i Hyen tirsdag kveld. Bana hadde fått rikeleg med regn og viste seg frå si beste side, og sola hadde til og med teke turen, og alt låg til rette for ein strålande kveld for fotball! Men det var ikkje berre sola som strålte i Hyen. Det Tambarskjelvar viste i første omgang hadde utvilsomt gitt poeng mot enkelte 4. dvisjons lag i fylket!
Det tok ikkje lang tid før den første ballen satt i Hyen nota! Etter 8 minutt havnar ballen inne i heimelagets felt, ein Hyen-forsvarar dempar ballen, men i det han skal til å klarere den så blir han holdt i trøya av ein motspelar, noko som resulterer i at Tambar-spelaren stjel ballen og dunkar den enkelt nede til høgre for keeper! Dette skulle bli starten på ein heilsvart "hyehaltime"!

Det hjalp heller ikkje for Hyen at laget fekk skada to av dei mest sentrale spelarane i omgangen. Ola Henning Ommedal måtte gå ut etter drøyt ti minutt, og ikkje lenge etter så måtte også Ørjan Gjesdal forlate bana med kneproblem!
Tambar anført av ein (frykta og) glimrande Pål Arve Myklebust styrte alt som var av spel. Dei kombinerte fint seg i mellom og varierte også spelet. Sjølv om det meste skjedde på deira høgre side og rett på mål, så var dei også flinke til å vri spelet. Dette gjorde at Hyen sine spelarar berre blei springande mellom og Tambar fekk gjere som dei ville. Det hjalp heller ikkje at dei også scorte på nesten alle sjansane dei hadde! Det gjorde sitt til at det stod heile 0-4 til pause, men faktisk så skulle det stått 0-5! Tambar hadde nemleg ein ny ball i nettet tre minutt før pause, men den bestemte dagens dommar seg for å annulere på uforståeleg vis!

Etter ein så forferdeleg omgang var det nok enkelte Hyen-spelarar som hadde mest lyst å gå i pausa. Til tross for at Tambar var veldig god, så var det heimelaget viste før kvilen direkte flaut. Det var også bra med folk på dagens kamp, og vi håpar at vafflene i det minste var god.
I pausa vart det ikkje sagt så mykje revolusjonerande, men det som vart framheva var at ein hadde blitt pressa altfor langt bak på bana, og dermed latt Tambar føre an heile dansen! Dette måtte det forandrast på og ein var klare på at i andre omgang så var det Hyen som skulle styre kampen!

Det vart også ein mykje betre omgang frå heimelagets side! Hyen tok tak frå avspark, og styrte eigentleg heile andre omgang. Tambar hadde knapt ein målsjanse! Kva som eigentleg skjedde med dei er vanskeleg å sei, men det at dei bytta ut ein del spelarar var nok ein del av forklaringa. I alle fall virka det som at dei som spelte i lag på midtbana i første omgang var langt betre samspelt. I andre omgangen blei det litt meir tilfeldig kva som skjedde når dei hadde ballen, og det førte til at Hyen fekk "komt opp i beina på dei" og dermed også hindra gjennombrudspasningar.
Som vi har nemnt ein del gongar før, så scora Hyen dei fleste måla sine i kvarteret etter pause, og det skulle også være tilfelle i dag! Ni minutt ut i omgangen blir Roger Nordal rive ned inne i Tambar-feltet, og dommaren peikar på straffe merket. Nordal er som vanleg iskald framfor mål og sett straffa sikkert til høgre for ein god Tambar-keeper! (Sjå bilde under)

Roger Nordal sette straffa til høgre utan sjanse for Tambar
sine gode keeper Olav Hundershagen!
Utan at ein kan sei at reduseringa førte til at Hyen fekk "blod på tann" så fekk dei i alle fall litt meir trua på det! Ein turte å spele i lag, og til tider gjorde ein også det veldig bra. Wingbackane kom faktisk begge i løpet av omgangen heilt ned til bortelagets dølinje, og det er eit teikn på ting fungerte mykje betre.
Hyen skapte også ein del sjansar i starten av omgangen. Både Tommy Folkestad, Roger Nordal og Anders Klungre hadde alle gode sjansar etter fine angrep. Blant anna Anders Klungre og Åsmund Ommedal kombinerte veldig fint i lag på midtbana ein del gongar, og det er ingen tvil om Hyen har eit stort potensiale i å få utnytta samarbeidet mellom disse to spelarane.

Til tross for ein del sjansar etter fint spel, så kom dagens andre redusering etter ein dødball i det 61. minutt! Anders Ommedal slo ein glimrande corner på bakerste stolpe, der var Anders Klungre høgast og fekk styrt ballen på mål, Åsmund Ommedal dukka opp, men ballen gjekk direkte frå Klungre i nettet! Dermed stod det no 2-4 og det var faktisk for alvor kamp igjen!

2-4 målet: Anders Ommedal slo ein glimrande corner på bakerste stolpe, der var
Anders Klungre høgast og fekk styrt ballen i mål!
Hyen fortsette å presse etter redusering nummer 2, og ikkje lenge etter hadde dei ein kjempe sjanse på nytt etter corner! Ballen trilla langs mållinja, men var desverre ikkje over streken, og Tambar fekk omsider klarert ut til ny corner.

På slutten av kampen klarte ikkje Hyen å produsere dei heilt store sjansane lenger, og sjølv om ein ikkje kan sei at Tambar på nokon måte tok over kampen så kom dei til ein del farlege sjansar etter kontringar! Hyen virka faktisk for å være betre trent, og Tambar sine sentrale midtbanespelarar som hadde brilijert i første omgangen var nærmast usynlege i kampens andre omgang. Spesielt på slutten såg det ut til at dei "merka kjøret"!
Til tross for at Hyen prøvde det dei kunne for å få poeng, så klarte dei ikkje å produsere det heilt store på slutten, og kampen enda med 4-2 siger til bortelaget frå Naustdal!

Hyen sine spelarar sit nok igjen med ei ganske så blanda følelse etter denne kampen. Det som skjedde i første omgang var heilt grusomt, medan laget i andre omgang kjørte over Tambar, og med litt meir tur og med ekstremt "hyenvenlege brille" så kunne ein kanskje klart å score fire mål i andre omgang! Men då hadde ein i sofall vært svært effektive, og Tambar hadde også sine sjansar på slutten av kampen!
Måten måla til Tambar kjem på var veldig skuffande, og det var eigentleg skitmål alle i hop. Det må vell eigentleg og være litt synd for Tambar sin del, ettersom dei hadde så mykje fint spel som hadde fortent å bli avslutta med fine mål og! Uansett må vi gje stor skryt til Tambar, det spelet dei leverte i første omgang er noko av det beste vi har sett på grusen i Hyen på lang tid!

Alt i alt vinn Tambar ein fullt fortent siger! Hyen leverer ekstremt dårleg før pause, men i andre omgang løftar laget seg veldig mykje takka enkelt spelarar som stod fram og viste gøts!
Coachens kommentar etter kampen:
"- Det var ein dårleg første omgang, der vi sleppe dei litt for lett til og dei scora på omtrent alt dei har. Vi er litt uheldige til tider. Andre omgang kom det seg. Vi har flest sjansar, mange etter dødball, men ikkje nåke 100%!" Kampen tape vi pga. tur og agresivitet."
Anda sin kommentar etter kampen:
"- Tambarskjelvar går hardt ut og får fire mål, sånn heilt litt ut av ingenting et par av dei, så blir det 4-0 til pause. Vi løfta oss i andre omgang og scora to mål og har litt press, men får ikkje det heilt til."
No er det altså ferie på nesten to månader! Neste kamp for Hyen er ikkje før 19. august. Då er det på tide med ein bortekamp igjen, og turen går då til Osen og møte med Gaular2!
Tabell 6. divisjon avdeling 2 per 24. juni
|
Plass |
Lag |
Kampar |
Vunne |
Uavgjort |
Tap |
Mål |
Poeng |
|
1 |
Florø3 |
8 |
6 |
1 |
1 |
29 |
11 |
19 |
|
2 |
Tambarskjelvar |
8 |
5 |
1 |
2 |
19 |
18 |
16 |
|
3 |
Hyen |
9 |
4 |
0 |
5 |
24 |
28 |
12 |
|
4 |
Sandane2 |
8 |
3 |
1 |
3 |
17 |
19 |
10 |
|
5 |
Askvoll/Holmedal2 |
8 |
1 |
3 |
4 |
8 |
16 |
6 |
|
6 |
Gaular2 |
7 |
1 |
2 |
4 |
13 |
18 |
5 |
Sandane2 - Gaular2 - Utsatt
Askvoll/Holmedal2 - Florø3 - 2-1(!!)
Bilde frå kampen
Referat frå Tambarskjelvar si heimeside
Kampfakta:
6. divisjon avd. 2
Runde 8
Hyen - Tambarskjelvar
2-4 (0-4) 
Mål:
0-1 09. min Tore Klopstad
0-2 23. min Torgeir Herstad
0-3 27. min Narve Kirkebø
0-4 34. min Torgeir Herstad
1-4 54. min Roger Nordal (str.)
2-4 61. min Anders Klungre (Anders Ommedal)
Arena: Hyen sentralidrettsanlegg
Tilskodarar: 58
Kampstart: tirsdag 24. juni 2008, kl. 19:00
Dommar
: Helge Hafsås (Skavøypoll)
Gule kort
: Pål Arve Myklebust (Tambarskjelvar)
Hyens beste:
|

|

|

|
|

|

|

|
|
Håkon Solheim |
Anders Klungre |
Åsmund Ommedal |