Hyen var svekka føre kampen mot Tambarskjelvar. Håkon Solheim var ute med gule kort, Anders Ommedal var ute på tur, Karl Erik Utheim og Tommy Folkestad var opptatt med jobb, og Ola Alexander Lilloe-Olsen var reist tilbake til Bergen. Laget hadde difor, med superreserve Olav Klungre (45), 12 stk klare til kampen mot Tambarskjelvar.
Det var likevel langt ifrå noko dårleg lag Hyen stilte med i denne kampen. Forsvarsrekka hadde solid rutine, og framme var det nok av folk som kan avgjere kampar. Forhåpningane var difor store for tre poeng.
Hyen tok avspark, og gjekk rett i angrep. Ei langpasning frå Ola Henning Ommedal gjekk rett til Geir Kjetil Aa Hope, som skaffa innkast. På innkastet fekk Anders Klungre etter kvart ballen på hjørnet av 16-meteren og fyrte av kjapt. Ballen duppa i tverrliggjar og ut! Det var ein forsmak på kva Hyen ville i denne kampen.
Hyen dominerte banespelet den første omgangen. Midtbana kjempa bra, og forsvaret var stort sett kompakt og tett. Dette resulterte i ein del sjansar. Morten Hjelmeland gjorde ein god kamp i angrep, og fekk spelt seg til ein del sjansar utan å få hol på byllen. Svært nær var også Anders Klungre då eit langt innkast frå Øyvind Larsen spratt heilt bak på bakerste, og Klungre junior klarte kunststykket å heade ballen over mål.
Tambarskjelvar skapte lite dei første 45, sjølv om dei

hadde nokre sjansar dei og. Nærast var dei kanskje då eit innlegg frå 30 meter gjekk heilt bak på bakerste, men det vart, heldigvis for Hyen, for spiss vinkel for Tambar-spelaren. Dessutan hadde dei eit farleg skot frå 20 meter som Even Hallem var flott nede på.
Etter 25 minutt måtte dessverre Åsmund Ommedal ut med skade; ein finger på venstre handa hadde blitt ufriviljug bøygd ei retning den ikkje var meint til å gjere. I tillegg fekk han eit slag på kinnbeinet. Olav Klungre tok direkte over den defensive midtbanerolla, og fekk vise seg fram.
37 minutt var gått av kampen då det første målet kom. Geir Kjetil Aa Hope slo ballen inn frå høgre, Øyvind Larsen sendte ballen vidare inn i midten der Anders Klungre kom og satte ballen enkelt inn lågt til venstre for keeper. Hyen hadde scora, og dei 15 tilskodarane på Hyen sentralidrettsanlegg jubla! Resultatet heldt seg til pause.
Andre omgang vart, dessverre for Hyen, ein heilt annan omgang. Hyen starta bra, og fekk eit par halvsjansar, men det var Tambarskjelvar som skulle få mål. Etter 52 minutt fekk Tambars Arnt Ole Ramsdal ballen på 20 meter, tok ei enkel dragning og fyrte av. Ballen duppa så vidt under Even Hallem og i mål. Eit litt heldig mål, og no var det 1-1!
Rett etter kom 1-2. Tambar kom i angrep, ballen vart slått bak på høgrekanten, og heile Hyen-forsvaret ropte på offside. Den kom ikkje, og ballen vart slått inn foran mål der Torgeir Herstad dunka ballen inn frå ein halv meter. Det kan dog stiljast spørsmålteikn om det siste innlegget var offside? Uansett, 2-1 til Tambarskjelvar!

Åsmund Ommedal kom no inn att på bana for Olav Klungre. Etter 70 minutt hadde Hyen ein corner frå høgre. Ballen spratt i bakken, og Anders Klungre klarte å sende ballen i tverrliggjaren og ned heilt borte ved stolpen, der ballen traff handa til ein Tambar-spelar, som fekk direkte raudt kort. Han kunne vel ikkje så mykje for det, stakkar, men dagens gode dommar Kjell Alme var sikker i si sak. Roger Nordal, vår faste straffe-eksekutør, som har tatt alle straffene for Hyen i år, er ikkje lenger med, så spørsmålet var: kven skulle ta straffe no? Anders Klungre fekk jobben. Klungre skaut til venstre, og keeper gjekk andre vegen. 2-2, og Hyen hadde ein mann meir på bana!
Dessverre slo Tambar rett tilbake med ein gong. På ein dødball fekk ein spelar stå altfor åleine og heade enkelt i krysset, og det var 2-3!
Hyen hadde nokre sjansar til å score 3-3, men dei fekk aldri det målet. Blant anna kom Karl Erik Holme fint fri på venstre ved eit tidspunkt, men keeper redda både skuddet hans og dei påfølgande skudda frå Morten Hjelmeland og Ørjan Gjesdal. Morten Hjelmeland måtte ut med skade mot slutten, og Olav Klungre kom inn på topp. Etter det raude kortet skulle ein tru at Hyen køyrde kampen, men det motsatte var faktisk faktum. Tambarskjelvar herja til tider med Hyen, med vakre enkeltprestasjonar og godt spel. Vi takkar for kampen, og ønskjer Tambarskjelvar lukke til i 5. divisjon!
Tabell 6. divisjon avdeling 2 per 10. september
|
Plass |
Lag |
Kampar |
Vunne |
Uavgjort |
Tap |
Mål |
Poeng |
|
1 |
Tambarskjelvar |
13 |
9 |
1 |
3 |
40 |
27 |
28 |
|
2 |
Florø3 |
12 |
7 |
3 |
2 |
46 |
27 |
24 |
|
3 |
Sandane2 |
13 |
6 |
2 |
5 |
38 |
31 |
20 |
|
4 |
Hyen |
13 |
4 |
2 |
7 |
29 |
39 |
14 |
|
5 |
Askvoll/Holmedal2 |
12 |
3 |
4 |
5 |
15 |
26 |
13 |
|
6 |
Gaular2 |
13 |
2 |
2 |
9 |
27 |
45 |
8 |
Gaular2 - Sandane2 1-3
Florø3 - Askvoll/Holmedal2 - Utsatt
Bilde frå kampen
Referat frå Tambarskjelvar si heimeside
Kampfakta:
6. divisjon avd. 2
Runde 13
Hyen - Tambarskjelvar
2-3 (1-0) 
Mål:
1-0 37. min Anders Klungre (Øyvind Larsen)
1-1 52. min Arnt Ole Ramsdal
1-2 54. min Torgeir Herstad
2-2 70. min Anders Klungre (str.)