hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum


Hyen møter storebror STIL


Vi går inn i slutten av juli og og det betyr at Friluftshelga nærma seg. Som tradisjonen tru dei siste åra startar festen med fotballkamp mellom Hyen og Sandane. I år skille det kun 2 divisjoner mellom laga, og det blir spennande å sjå om ein også vil merke dette på bana.

Publisert 19. juli 2007.


Hyen har hatt ein bra vårsesong. Før haustsesongen blir sparka i gong 14. august er status 12 poeng, tredje plass og kun 1 poeng opp til serieleiaren Breim.

STIL har eit sterkt ønske om snarleg retur til Firdaligaen, men etter vår sesongen ligg dei på 4. plass med 7 poeng opp til Skavøypoll som leiar 4. divisjon.

Sandane har hatt ei dalande ormkurve og tapte siste kamp før ferien med 0-2 heime mot Vik. Vik var eit lag Hyen møtte då dei spelte i 5. divisjon i 2005. Borte fekk Hyen det tøft, medan ein heime gjekk på eit meget knapt og bittert tap. Så spørst det om det seie noko om kor stor forskjellen er mellom laga!


foto: hyen.com

Lagoppstilling Hyen (4-5-1):
Øyvind Magnus Solheim; Øyvind Larsen, Geir Sigurd Vatnamo, Ola Henning Ommedal, Jens Robert Hope; Anders Ommedal, Marius Hallem, Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Anders Klungre; Roger Nordal.

Benken: Tommy Folkestad, Mats Henrik Solheim, Stig Rune Aa, Ola Alexander Lilloe-Olsen, Karl Erik Utheim, Karl Erik Holme og Frank Holme.

Lagoppstilling STIL (4-3-3):
Øysten Ellingvåg; Ingmar Sægrov, Vegar Wergeland Hansen, Aleksander Egge, Martin Sivertsenl; Trond Vegard Ripe, Bjarte Skaaden, Erlend Laurhamar Ødven; Edvin Øygard, Simen Gagneskar Solheim og Vidar Apalseth.

Benken: Sigmund Andenes, Lasse Erdal, Runar Myrold, Ingar Sårheim og Jørgen Veien.

Dommar i kampen er Ingemund Sægrov, med seg på linjene får han Kjell Alme og FIFA dommar Steinar Holvik. Holvik er vell den største stjerna innan fotball som har satt sine bein på Hyen Sentralidrettsanlegg.

Kampstart er 18:00.

 


Neste kamp:
14. august 19:00
Hyen - Eikefjord2


Siste kamp:
12. juni 19:00
Jølster2 - Hyen 3-2