hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Hyen - Sandane2 1-0


Endeleg kom årets første seier for Hyen, og det mot serieleiar Sandane2! Stilpusane var ubesigra i serie før dei tok turen Hyen tirsdag kveld. Det var også bortelaget åpna kampen best og trykka Hyen bakover mesteparten av første omgong. Men etter pause stod Hyen fram og viste ein aggresivitet og innsats ein sjeldan har sett på hyegrusen før! Laget spelte også til tider svært god fotball og at hyarane fekk mål på slutten av andre omgong var fullt fortent. Stillinga til pause var 0-0!

Publisert 9. juni 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens Hyen-stjerne: 
Håkon Solheim



Foto: hyenfotball.com
Solheim gjekk verkeleg i krigen i dag og viste dei andre hyarane korleis det skulle gjerast. Han lukkast også å få med seg lagkameratane på dette utover i kampen i tilegg til at han også turte å ta ned ballen å spele langs bakken! Den soleklar sjefen på bana!

Det var nok ein spent gjeng med hyara som entra Hyen sentralidrettsanlegg tirsdag kveld. Årets sesongstart hadde vore av den dårlegaste nokon gong i lagets 6. divisjonshistorie, og Hyen hadde derfor ein god del å revansjere seg for.  Men laget hadde vist i forrige kamp at ein eigentleg var betre enn kva tabellen tilsa og med ein del spelarar tilbake var optimismen tilbake i hyelaget.

Då dei to laga entra bana for oppvarminga var det mildt sagt ikkje eit veldig innbydande vær. Regnet bøtta ned og det var skikkeleg godt gamaldags ”hyeveir”. Men var det noko hyegrusen trengte før kampen så var det akkurat det og ei betre utgåve av bana i Hyen får ein ikkje med dagens underlag. Når det verste regnet i tilegg gav sa seg når kampen skulle starte så var det rett og slett glimrande forhold for fotball.

Sandane2 tok raskt kommando. Dei hadde kjappe spissar på topp og viste klart og tydeleg frå start at planen var å bruke disse mest mogleg. Etter berre 86 sekund hamna Hyen i trøbbel og Øyvind Magnus Solheim fekk eit klart gult kort etter å ha måka ned ein av kjappisane Are Nyhammer.



Dei neste minutta bølgja spelet mykje fram og tilbake og ingen av laga fekk til noko særleg spel langs bakken. Hyen anført av Håkon Solheim vann dei fleste duellane i lufta medan STIL2 kriga godt langs bakken.  Kampen hadde starta som forventa nemleg som ein krig og akkurat slik eit Él Gloppen skal være.

Den første målsjansen kom etter tolv minutt og den var det bortelaget som fekk. Are Nyhammer spelte Vegard Pedersen fint igjennom, men når Solheimaren skulle avslutte snubla han i grusen og ballen trilla inn til keeper.



Kampen fortsette slik den hadde starta men no var lag omtrent jamn gode og det nærmaste laga kom var eit par cornera utan at nokon av disse vart spesielt farlege.

Etter ein halv time spelt skulle Hyen få ein bra sjanse. Håkon Solheim lempa ein ball opp på 16-meteren mot Jens Robert Hope, men i staden rota då Sandane2 forvarar til for seg då dei gjekk i same duellen. Ballen datt ned på tjuefem meter og Ørjan Akse klinka til. Skuddet var veldig bra, men sneik seg like utanfor den høgre stolpen til Øystein Ellingvåg i STIL2-buret som nok hadde tatt ballen om den hadde gått innanfor.  På det påfølgjande utsparket kapra Hyen ballen, og Anders Klungre var svært nær å spele i gjennom Åsmund Ommedal, men stilpusane  fekk blokkert.


Den neste sjansen var det også Hyen som skulle få. Fem minutt før pause får Anders Ommedal ballen på høgre sida og vende fint av ein mann. Han slår so ei fin pasning inn på bakerste stolpe mot Ørjan Akse som får ballen på halv spretten åtte meter litt skrått for mål. Avslutninga den går dessverre himmelhøgt over!

Noko særleg stort meir sjåverdig skjedde det ikkje i første omgong og laga gjekk til pause med eit rettferdig 0-0 resultat.

 

I pausa var det ein fornøgd hyegjeng som samlast. Bakover har ein vore svært solide og samtidig hadde ein vore godt med i duellane. Utfordringa no var å skape litt meir framover slik at ein kunne få sigersmålet.

Frå første spark på ballen i andre omgong såg ein at hyarane var litt meir på hugget. Ein trøkka til litt ekstra i duellane og var meir aggressive og kom tettare opp i stilpisane. Dette gjorde Sandane2 stressa og dei fekk til svært lite. Hyen kjørte på og kom til eit par halvsjansar allereie i løpet av dei første fem minutta.

Kampens neste sjanse var det også heimelaget som fekk. Etter 59 minutt slår Ola Alexander Lilloe-Olsen ein lang ball oppover der Ørjan Gjesdal vinn duellen. Han får også tak på ballen og frå tjuefem meter prøvar han seg på ein svært frekk lobb. Bruset går gjennom dei som er på tribuna, men ein god Øystein Ellingvåg i STIL2-buret kjem seg på plass og får slått ballen ut til over kortlinja. Corneren blir også svært farleg. Ballen kjem fint inn i feltet men headinga frå Åsmund Ommedal sklir litt av pannebrasken og ballen sprett nokre meter utanfor.



Tre minutt seinare får stilpusane ein kjempe sjanse! Håkon Solheim gjer dagens einaste feil og mistar ballen skummelt på midtbana mens resten av hyarane er på veg framover.  Espen Midttun slår ein perfekt stikkar mot Are Nyhammer som kjem heilt aleine i gjennom. Keeper kjem ut og Nyhammer prøvar og skru ballen til side for han, men heldigvis for Hyen treff ballen lengste stolpe. Veldig nære 0-1 der!

Etter 65 minutt kunne Hyen fort gått opp i leiinga. Øyvind Larsen tar eit kast på høgre sida omtrent midt på Sandane2 sin halvdel. Anders Klungre frå hæla ballen fint vidare inn i feltet mot Åsmund Ommedal, han slår ballen vidare mot bakerste stolpe der Ola Andreas Ommedal dukkar opp. Han får ballen litt brått og får dessverre ikkje klinka til og ein forsvarar får klarert!

Berre fire minutt seinare kjem Hyen til nok ein bra sjanse. Eit nytt kast denne gongen frå venstre men frå same avstand sprett forbi dei som går i hodeduellen og Åsmund Omedal får ballen skrått ni meter frå mål. Han får vridd heile kroppen rundt og knalla til, men avslutninga går i nettveggen.

Men i det 76. minutt skulle endeleg målet til Hyen komme. Anders Ommedal slå ein fin corner på lengste stolpe, Åsmund Ommedal får hadde den tilbake og på bakerste stolpe kjem Anders Klungre snikande og får drusa ballen opp i nettaket! 1-0 og svært fortent!

Berre minuttet seinare får Hyen nok ein stor sjanse. Ola Alexander Lilloe-Olsen slår eit frispark litt ute til venstre på eigen banehalvdel. Anders Klungre vinn hodeduellen på tjue meter, ein stilpus klarar andre ballen dårleg og plutseleg står Anders Ommedal heilt aleine seks meter til høgre for målet. Skuddet blir dessverre ein skikkelig sleiv og ballen går i retning han ”smedpeder” i staden for på målet!

Dei siste ti minutt legg Sandane2 om til 4-3-3 i jakta på redusering og tar naturleg nok over det meste av spelet. I det 81. minutt får dei en god sjanse. Eit utspel frå Even Hallem blir heada tilbake av bortelaget og Vegard Pedersen kjem i gjennom. Han fyrar av frå tolv meter litt til venstre for mål, men avslutninga er ikkje god nok til å overliste den solide Hyen-keeperen.

For Hyen blei dei siste minutta naturlegvis kun ein kamp om å holde tett bakover. Sandane2 begynte å vinne mange duellar på midten og det gjorde sitt til at hyarane fekk nok å henge fingrane i bakover på bana. Men bortelaget var også begynt å gå tom for krefter og dermed blei det ein del feilpasningar og dei sleit med å få til det fine spelet dei har vist at dei kan tidlegare i sesongen.

Fleire store sjansar skulle det ikkje bli og når dagens svært gode dommar Per Olav Erikstad blåste av kampen kunne hyarane løfte armane i veiret og innsjå at årets første seier var eit faktum!

Ein skikkelig slitesiger for Hyen. Sandane2 var gode, men Hyen ville mest i denne kampen og var mest på hugget i duellane og dermed var dei også det laget som fortent gjekk sigrande ut av årets andre utgåve av Él Gloppen!

Dette var heilt klart ein lagseier for heimelaget. Samtlege elleve jobba knallhardt og når enkelte gjekk tom for krefter hadde ein også gode folk på benken. Soleis var det fleire hyara som fortente både ei og to stjerner. Elles merkar vi oss med stor glede at Sandane2 sin klart beste spelar i kampen var den bortkomne son, hyaren Marius Hallem!



Dommaren var som nemt knallgod og at det kan være sopass stor forskjell på dei svartkledde i 6. divisjon er litt merkeleg. Forhåpentlegvis føre ikkje rosen til at Erikstad blir flytta høfare opp i divisjons-sytemet, for slike dommar vil vi ha everyday!

Til slutt må vi få gratulere Ola Henning Ommedal som i dag spelte sin kamp nummer 200 for Hyen. Eit imponerande antall det stor respekt av og forhåpnetlegvis gjer han seg ikkje før han har bikka 300!

Tar også med eit dikt av poeten "ikkje nåke":

Vi ska knuse stil,
vinna kamp m spel og tæl.
Fjerne all tvil,
på ei grusbane så tørr og fæl.

Mariusen spelar sin siste pusekamp,
lat han hugse det me sorg.
Ja i hass siste kamp som puseslamp,
ska han springe inn i ei forsvarsborg.

Og opp på bana skal vi la fin spele rå,
og la ballen langs bakken få gå.
Og m jensen ein spiss av stål,
e vi garantert mange mål.

Referat frå Sandane sine sider

Resultat 8. serierunde:
Gaular2 - Anga 3-4
Hyen - Sandane2 1-0


Film med scoringa:


Levande bilder med resten av høgdepunkta kjem utpå natta engong, så den får de ta til frokosten i måro!

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål +

Mål -

Poeng

1

Sandane2

7

5

1

1

22

7

16

2

Hyllestad

6

3

1

3

17

9

10

3

Anga

6

1

4

1

11

12

7

4

Hyen

6

1

2

3

10

18

5

5

Gaular2

7

1

2

4

9

22

5

Kampfakta:

Hyen - Sandane2
1-0 (0-0) 
Mål:
 1-0 76. min Anders Klungre (Åsmund Ommedal)

Fakta:

Hyen - Sandane2

Publikum: 50

8. serierunde

Tirsdag.9..juni

kl 19:00

Arena

Dommar

Kort

Hyen
sentralidrettsanlegg
(grusbane)

Per Olav Erikstad
(Jølster IL)

Øyvind Magnus Solheim
(Hyen)
Are Nyhammer
 Martin Slagstad
(Sandane2)


Håkon Solheim

 

Anders Klungre

 

Øyvind Magnus Solheim

 

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
-----------
Even Hallem
-----------
Anders Ommedal
Ola Henning Ommedal
Øyvind Magnus Solheim
Ola Alexander Lilloe-Olsen
----------------
Ørjan Gjesdal
Åsmund Ommedal
Håkon Solheim
Anders Klungre
Ørjan Akse
----------------
Jens Robert Hope

----------------
Benken: 
Øyvind Larsen, Ola Andreas Ommedal og Tommy Folkestad.


Lagoppstilling Sandane2 (4-4-2):
Øystein Ellingvåg; Ronny Viken, Martin Akse, Martin Slagstad, Erik Slagstad; Sindre H. Eimhjellen, Espen Midttun, Marius Hallem, Vidar Nyhammer; Vegard Pedersen og Are Nyhammer.

Benken: 
Eirik Kaale, Sondre Andenes, Evard Aske, Bjørge Eikelund og Espen Fonn Sårheim. 

Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google.