hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


 

Hyen - Sandane 1-9


Hyen tok imot Sandane fredag kveld til Friluftshelg-kamp på hyegrusen. Hyen har tapt denne tradisjonsrike kampen 6 av dei siste 7 åra, og hadde soleis mykje å revansjere. Men det som mange hadde trudd skulle bli ein jamn kamp utarta seg til å bli rein slakt! Aldri har Hyen tapt so mykje i ein friluftshelg-kamp, og dette var direkte flaut! Stillinga til pause var 0-4.
 
Publisert 18. juli 2008.

 

Dagens HIL-stjerne: Håkon Solheim

Foto: hyenfotball.com
Viste god innsats og trøkka skikkelig til i duellane. Hadde fleire på Hyen vist samme gutsen som Solheim hadde nok resultatet blitt betre sett med Hyen-auge!

Sandane stilte med ein langt frå toppa mannskap til denne kampen og håpet om ein Hyen-siger var større enn på mange år. Men det skulle kjapt vise seg at alle optimistiske hyarar fekk ein heilt anna kveld en forventa.
 
Til tross for det begredelege 1-9 tapet så var det faktisk Hyen som burde scora det første målet! Etter ca ti minutt spel fekk Tommy Folkestad ballen på blank goll etter kommunikasjonsvikt mellom Sandane keeper og forsvar, men avsluttninga frå Folkestad blei redda på streken.
 
Etter dette tok Sandane heilt over, og etter å ha misbrukt eit par store sjansar scora dei 0-1 målet etter ca. 20 minutt. Etter det fortsette måla berre å renne inn, og ein gjekk til pause på 0-4.
 
 
Til andre omgang så vart det viktigaste for Hyen sin del å nullstille seg og tenke at andre omgang skulle vinnast. Hyen scora som regel mykje mål i kvarteret etter pause, og Sandane slepp inn svært mange mål på døball i mot, det skulle også bli tilfelle i denne kampen. Elleve minutt ut i andre omgang fekk Hyen eit innkast omtrent ved cornerflagget. Etter litt fram og tilbake fekk Morten Hjelmeland heada ballen mot mål, og der stod stopparbautaen til Hyen Ola Henning Ommedal og stanga ballen i mål bak ein sjanselaus keeper. No var håpet at omgangen skulle vinnast, og at ein ikkje skulle drite seg heilt ut, men det håpet brotna fort.
 
Sandane tok heilt over midtbana i andre omgangen og rundspelte hjelpelause hyarar. Stilpusane gav seg ikkje før det stod 9-1 og at det ikkje blei to-siffra kan Hyen takke eine linjemannen for!
 
 
Klart det skal være forskjell på 4. og 6. divisjon, men dette var nok gjerne fem mål for mykje. Spesielt med tanke på at det berre vart 0-1 i fjor. Det skuffande er nok at det ikkje er Sandane som har blitt betre sidan i fjor, men Hyen som har tapt seg kraftig. Kva det skuldast kan være mykje, men hovedårsaka ligg nok i at ein rett og slett trenar for lite og er for dårleg samspelt. Men det positive er at det no (forhåpentlegvis) berre kan gå ein veg. Første kamp i haust sesongen er om ein månads tid, og då bør ein verkeleg bretta opp ermane og vise skikkelig innsats.
 
 
Til slutt er det berre å gje skrytt til Sandane. Dei spelte bra fotball i lag, og viste eit par avsluttningar av den verkeleg fine sorten. Forhåpentlegvis får dei orden på ting der inne i fjorden slik at gloppen på nytt kan ha eit lag i Firdaligaen i 2010! 
 
 
Neste kamp for Hyen er det alvor igjen, og det er seriekampen mot Gaular2 på bortebane i Osen tirsdag 19. august!

Referat frå Sandane si heimeside

Kampfakta:

Friluftshelga 2008

Hyen - Sandane

   1-9 (0-4)  

Mål:
 1-4 56. min Ola Henning Ommedal (Morten Hjelmeland)

Arena: Hyen sentralidrettsanlegg
Tilskodarar: ca. 300
Kampstart: fredag 18. juli 2008, kl. 18:00
Dommar : Ingemund Sægrov (Sandane)
Gule kort: Ingen kort!

Lagoppstilling Hyen (5-3-2):
Even Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Håkon Solheim, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Anders Klungre, Åsmund Ommedal, Karl Erik Utheim; Tommy Folkestad og Roger Nordal.

Benken: Morten Hjelmeland, Karl Erik Holme, Lars Rønnekleiv, Frank Holme og Øyvind Magnus Solheim.


Stats frå denne kampen blir ikkje tellande i statistikken for 2007 då det kun er seriekampar som blir tatt med der.


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no