hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


 

Hyen - Sandane2 7-3


Hyen tok imot Sandane2 fredag kveld til lokaloppgjer på hyegrusen. Hyen tapte oppgjeret på Sandane ein knapp måned tidlegare med heile 5-2 og hadde derfor mykje å revansjere. Og det enda med ei skikkelig scoringsorgie i Hyen! Heimelaget knuste stilpusane med heile 7-3 i det som var ei svært våt affære på noko som knapt kan kallast ei fotballbane! Stillinga til pause var 1-1.
 
Publisert 20. juni 2008.

 

Dagens HIL-stjerne: Roger Nordal

Foto: hyenfotball.com
Nordal stod i mål sist, i dag putta han 4!! Er ingen tvil om at Hyen er veldig avhengig av å ha den målfarlige og effektive spissen på topp dersom laget skal vinne kampar!

Etter at eit voldsomt regnvær hadde regna frå seg i Hyen døgnet før kamp var det ikkje så veldig fristande for nokon av laga å skulle spele kamp. Men begge laga tok været med godt mot og gav publikum virkelig valuta for pengane i dag.

Kampen var framskunda ein time pga. gloppera i rockemodus, men det var det enkelte Hyen-spelarar som ikkje hadde fått med seg! Blant anna måtte heimelagets keeper hentast ut midt i ein pianotime!! Hadde muligens gått litt fort i svingane for bortelaget også. Dei møtte nemleg opp i Hyen med sine vanlege blå drakter, og det går som kjent ikkje ann at to lag spelar i samme farge, og difor måtte Sandane2 ikle seg grønne og gule vestar til denne kampen! Er ikkje første gang STIL2 gjer den tabben, og skulle no tru dei hadde fått med seg at naboen i sørvest spelte i blått, men dette bydde uansett ikkje på problem for Hyen. Om det kan ha gjort bortelagets spelarar litt usikkre, ettersom dei ikkje hadde samme farge veit vi ingen ting om, men tvilar vell eigentleg på at det var noko problem.


Dette var synet som møtte spelarane, små trist for å seie det mildt, men stor skryt
dagens banemannskap som hadde gjort det beste ut av forholda! 

Kampen vart blåst i gong, og det skulle ikkje ta meir enn eit knapt minutt før den første ballen låg i nettet. Litt rot i Sandane2 forsvaret vart oppfatta av ein oppmerksom Roger Nordal på heimelaget, og han sette ballen sikkert i mål! Ein kjempestart fort Hyen med andre ord!

Hyen dominerte også dei neste ti minutta, men etter det tok bortelaget over kampen. Sandane2 la eit voldsomt press på heimelaget som etterkvert vart veldig baktunge. I nesten heile midtperioden av første omgang befann ballen seg mellom Hyens 16-meter og midtbana. Som ofte før vart Hyen veldig paniske kver gong ein tok over ballen, noko som resulterte i lange klareringar. Dette førte til at det vart eit par skikkelig duellar mellom Roger Nordal og bortelagets Helge Apalseth. Problemet for Hyen vart at dei gongane Nordal vann duellen så var det ingen medspelarar som hadde klart å komt seg fram, noko som resulterte i at ballen vart spelt tilbake på Hyens bane halvdel, og ny kriging her. Sandane2 sin super spiss Vidar Apalseth herja til tider her med Hyen forsvaret, noko som ofte resulterte i at han måtte stoppast med ulovlege hjelpemiddel. Men dagens dommar blåste ikkje akkurat meir enn han trengte og Hyen slapp ofte billeg unna i disse duellane.

Ein annan Sandane2 spelar som var på hugget var Arild Strømmen. Blant anna hadde han eit forsøk på volley som han ikkje fekk skikkelig dreis på. (Brødrene Strømmen får ta seg litt volley-trening i sommar!:P) Men det var den samme spelaren som skulle sørge for Sandane2 si redusering. Eit frispark frå Helge Apalseth vart slått hardt mot mål, Even Hallem i Hyen-buret var på plass, men måtte gje retur, og då dukka nemte Strømmen opp og sørga for 1-1.

Etter dette fortsette kampen på samme måte, men Hyen kom etterkvert litt betre med. Likevel spelte hyarane ingen god første omgang. Laget vart altfor defensive, og blant anna vart wingbackane omtrent som vanlige backa. Dette skuldast nok at ein ikkje snakka godt nok om korleis dei skulle operere før kamp noko som gjorde at det vart usikkerheit og misforståelsa. (Dette er noko ein bør rette på til neste kamp, men då avhenge det og at folk møter opp når dei skal! Altså ein time før kamp!!) Resten av omgangen skjedde det ikkje det heilt store, og laga gjekk til pause på stillinga 1-1!


Ingen grunn til å vatne bana i dag!

Om det var lite så skjedde i første omgang så kan ein ikkje akkurat sei det same om andre omgang. Då skulle det faktisk bli heile åtte mål! Som vi har nemt før, og som vi har vist i den fine "når kjem måla kurva" vår så er det noko uforklarleg som skjer med Hyen i periodane rett etter dei går på bana i andre omgangane i år. Mål blir det som oftast, og det skulle det også bli i dag!

Etter ti minutt spelt av andre omgangen skulle Øyvind Larsen få sitt store lykketreff! Ein hye-corner blir klarert av Sandane2 sitt forsvar, klareringa snappar den solide stopparen opp, og frå ca. 30 meter dunkar Larsen i nettet bak ein hjelpelaus Sandane2 keeper som pga. høgde ikkje klarte å nå opp! Eit skikkelig godt gammalt tåfis skudd av Larsen, men desto meir deilig var det!

No fekk Hyen verkelge blod på tann! Berre minuttet seinare får vi sjå kampens prestasjon og dagens finaste mål! Ein alltid fintegod Ørjan Gjesdal tok med seg ballen på midtbana, dribla av 3-4 grønn/gule og sentra nydelig til Roger Nordal, som etter å ha fått to sjanar smelte ballen i nettet, og altså 3-1 på to minutt! Dette var eit mål som gleda eit fotballhjerte! Det at Gjesdal, etter å ha dribla av heile venstresida til bortelaget uegoistisk sentra til ein betre plassert medspelar er tatt rett ut av samhandlingsboka til Eggen, og akkurat slik fotball skal spelast! Glimrande rett og slett!


Ni spelarar innanfor 9m2 var ikkje noko uvanleg syn i denne kampen!

Men Hyen skulle ikkje være lenge i paradis! Berre nokre minutt seinare viste bortelaget god moral då dei kjempa til seg redusering. Sindre Holen fekk ballen på omlag 14 meter og sette den utagbart til venstre for Hyen-keeper Hallem. Då stod det altså 3-2, og for alvor var det kamp igjen! Men jubelen blant stilpusane kjølna fort. Eit skudd frå Åsmund Ommedal, vart klarert i topplokket til Roger Nordal, ballen datt fint ned til Anders Klungre, som frå om lag 7 meter hadde ein ikkje altfor vanskeleg jobb med å auke Hyen si leiing. Dermed hadde Hyen på nytt ei tomålsleiing og stillinga var no 4-2!

Hyen hadde likevel ikkje lært! 4-3 målet skulle komme på omtrent heilt samme måte som Sandane2 si utlikning i første omgang! Bortelagets midtstopper-bauta Helge Apalseth brente eit frispark på Hyen sitt mål! Even Hallem hadde ei god redning, men måtte gje retur og der var Sandane2 spelar Joakim Føleide på plass før sløve hyara og på nytt var det fullt liv i kampen! Etter dette fekk Sandane2 trua på poeng. Ikkje lenge etter fekk dei corner. Der dukka Helge Apalseth opp, og med ei herleg brasse frå 13 meter sendte han ballen like utanfor hyeburet. Sjølv med hyenauge hadde den nesten fortent ein betre skjebne, noko som Apalseth også tydeleg var einig der han fyrte av gårde nokon f-ord på vei tilbake i forsvaret!


Dei siste kvarteret var det "nesten" berre Hyen! Dette var og spelemessig laget sin beste periode i heile kampen. Ein fekk til nokre gode kombinasjonar og spelarane turte å roe ned og spele passningar til kverandre. BRA!!! Som eit resultat av dette skule det også bli 3 Hyen mål! 5-3 kom etter eit skikkelig standard 6. divisjons mål. Klabb og babb i feltet og der stod Roger Nordal på rett plass som så ofte før og fekk sett ballen bakk bortelaget keeper. For tredje gongen i kampen gjekk heimelaget opp i tomålsleiing, og utfordringa no var å klare å holde på den!

Dette skulde også hyarane klare! Åsmund Ommedal satte inn 6-3 berre tre minutt seinare, og rett før slutt fullførte Roger Nordal sitt "firlik"! Målet kom etter ei nydeleg gjennombrudspasning frå Åsmund Ommedal til Anders Klungre som tok med seg ballen elegant! Avsluttninga fekk Sandane2 sin keeper avverga, men måtte gje retur og der dukka Nordal opp. Dermed stod det 7-3, og etter eit par tilleggsminutt blåste dagens dommar Muhamet Barlla av det rengfulle lokaloppgjeret!

Det vart altså ein skikkelig kalassiger til Hyen i denne kampen! 7-3 er etter vår meining noko i overkant, og forskjellen på laga var ikkje så stor som resultatet tilseier. Kampen var lenge jamn og det var først det siste kvarteret at Hyen verkeleg var det beste laget. I første omgang var det bortelaget som var best, og hyarane var godt fornøgd med 1-1 til pause. Sandane2 prøvde å spele ilag, noko som ikkje kan seiast om Hyen i den omgangen, men etter kvert datt bortelaget ned på Hyens nivå. Det vil sei at spelet deira også vart prega av lange ballar og duellar noko Hyen var bedre på enn det unge bortelaget. Når Hyen på slutten av 2. omgang sette inn eit ekstra gir, og faktisk spelte bra fotball var det likevel ingneting å sei på at Hyen tok med seg alle poenga!

At det blei mykje duellar i denne kampen må nok bana ta veldig mykje av skylda for. Å spele ball langs bakken var på ingen måte noko lett oppgåve då det stort sett var ein damm i ballbana. At kampen enda med ishockey resultat er kanskje ikkje så rart når ein i dag like gjerne kunne stilt med skøyter som fotballsko! At bana i Hyen treng ei oppgradering bør snart gå opp for dei fleste! Ein diger damm var det også ved Hyen sitt cornerfelt noko som gjorde sitt til at det var umuleg for Sandane2 å legge cornera der i frå. Ein lite velvillig dommar nekta dei også å flytte ballen ein meter fram eller å ta den frå andre sida, pirkete og unødvendig!


Den stor helten for Hyen i dag, Roger Nordal med 4 mål!

Det var likevell ikkje den situasjonen dommaren tabba seg ut på! At Sandane2 sin spelar Joakim Føleide ikkje blei utvist på slutten av kampen var mildt sagt ubegripelig. Åsmund Ommedal tok med seg ballen fint framover og på vei gjennom med klar målsjanse fekk han regelrett ein god gammaldags beinkrok som på ingen måte var noko forsøk på å ta ballen. Føleide som allerede hadde gult kort var griseheldig der! Når det er sagt skulle han aldri fått det gule kortet i første omgang. Kva det skuldast er det berre dommaren som veit. Uansett blir det ein tidleg fotballferie for unge Føleide som med det fekk sitt tredje gule for sesongen, og må dermed sone når Sandane2 på tirsdag tar i mot Gaular2.

Sjølv om det burde vært delt ut nokre gule kort til, var det uansett ikkje noko stygg kamp. Sjølv om fairplay ikkje alltid stod i hovedfokus hos alle på bana var det ikkje noko verre enn kva ein kan forvente i 6. divisjon. Dommaren var forøvrig stort sett god, og ettersom valget mellom dommara i Hyens kampar i år står mellom to kandidatar så er det ingen tvil om at vi ønskjer den godeste Barlla velkommen tilbake!
 
For dei som eventuelt måtte lure, så viser lagoppstillinga til Sandane2 under at dei stilte med stort dei samme spelarane dei har stilt med i alle sine kampar i år.
 
 
Hyen gjekk med dagens siger forbi Sandane2 på tabellen og dersom laget tar tre nye poeng når Tambarskjelvar kjem på besøk førstkommande tirsdag (24. juni klokka 19:00) vil hyarane ta ferie på andre plass på tabellen!

 
Plass

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål

Poeng

1

 Florø3

7

6

1

0

28

9

19

2

 Tambarskjelvar

7

4

1

2

15

16

13

3

 Hyen

8

4

0

4

22

24

12

4

 Sandane2

8

3

1

4

17

19

10

5

 Gaular2

7

1

2

4

13

18

5

6

 Askvoll/Holmedal2

7

0

3

4

6

15

3

Bilde frå kampen
Referat frå Sandane si heimeside

Kampfakta:

6. divisjon avd. 2
Runde 9

Hyen - Sandane2

   7-3 (1-1)  

Mål:
 1-0 01. min Roger Nordal
 1-1 24. min Arild Strømmen
 2-1 55. min Øyvind Larsen
 3-1 56. min Roger Nordal (Ørjan Gjesdal)
 3-2 60. min Sindre Holen
 4-2 62. min Anders Klungre (Roger Nordal)
 4-3 67. min Joakim Føleide
 5-3 80. min Roger Nordal
 6-3 83. min Åsmund Ommedal (Roger Nordal)
 7-3 88. min Roger Nordal (Anders Klungre)


Arena: Hyen sentralidrettsanlegg
Tilskodarar: 25
Kampstart: tirsdag 20. juni 2008, kl. 18:00
Dommar : Muhamet Barlla (Heia)
Gule kort: Joakim Føleide (Sandane2). Håkon Solheim fekk ikkje kort i dag!

Hyens beste:

Roger Nordal

Åsmund Ommedal

Anders Klungre

Lagoppstilling Hyen (5-3-2):
Even Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Håkon Solheim, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Anders Klungre; Andreas M. Kvalheim og Roger Nordal.

Benken: Hans Otto Holme og Karl Erik Holme.

Lagoppstilling Sandane2 (4-4-2): (henta frå sandanetil.no)
Jon Einar Haraldsvik; Vegard Pedersen, Helge Apalset, Martin Akse, Ronny Viken; Morten Vetti, Sindre Holen Eimhjellen, Espen Midttun, Joakim Føleide; Vidar Apalset og Arild Strømmen:

Benken: Martin Slagstad, Eirik Kaale, Sondre Andenes og Eskil Klepaker.


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no