Hyen gjekk på nok eit tap, då Kaupanger 2 vann 2-0. Det som har vært problemet til Hyen i årets sesong har vært å skape målsjansar, det var ikkje noke unntak i dinna kampen. Hyen hadde bra kontroll på spillet, men mangla marginane foran mål. Kaupanger skapte ikkje så mykje i første omgangen, men dei hadde eit par farlige avslutningar. Då Kaupanger fekk ein mann utvist etter ca. 30 minutts spill av første omgang, skulle ein tru at Hyen ville klare å presse dei hardere, men kampen gjekk til pause med 0-0.
I andre omgang kom Kaupanger meir med i kampen og scora på sin første sjanse i omgangen, det var eit godt langskudd som duppa over Roger og i mål. Hyen prøvde å presse på for å få ei utligning, men i det var Kaupanger som skapte sjansane. Etter ca. 30 minutt av andre omgang fekk Kaupanger straffe, men Roger redda straffa og ballen gjekk ut til innkast. På det innkastet var det ein Kaupanger spiller som fekk tak i ballen og smellte den opp i krysset, dermed 2-0 til Kaupanger, det vart og sluttresultatet.
Kampfakta:
0-1
0-2
Hyen stilte med følgande mannskap:
Roger, Jens Robert, Øyvind, Kjartan, Geir Sigurd, Steffen, Hans Otto, Åsmund, Anders, Roy Arild, Geir Kjetil
reserva: Mats Henrik, Tore Christian, Karl Erik