At Hyen i det heile tatt har fått sjansen til å spele opprykksfinale må i høgte grad kunne kalast flaks! Før sesong blei det avgjort at 2 beste laga i kver avdeling skulle rykke opp mens dei 2 beste 3ar laga skulle spele kvalik. Det at Hyen då endar opp med å få spele kvalik etter å ha fått på 4. plass skuldast altså ikkje sporstlig suksess! Først fann SFFK ut at avgjerelsesgrunnlaget for å kåre beste 3ár lag skulle baserast på gjennomsnittlig poengfangst per kamp, i motsetning til kva dei sa før sesong då total poengsum etter at ein hadde stroke kampar mot dei dårlegaste laga skulle telle. Det ville i utganspunktet betydd at opprykksfinalen skulle vært mellom Jølster2-Aurland/Lærdal2. Men etter at SFFK fann ut at dei skulle forandre litt på reglane så endra ting seg.
Først var det Stadtlandet. Dei var i utgangspunktet då det nye nest beste 3ár laget, men etter at dei ikkje kunne stille lag til ein av sine seriekampar førte det til at regelen om målforskjell vart sett til side noko som resulterte i at dei datt frå 3. til 5. plass i si avdeling. Dermed blei det altså Haugen som fekk tilbudet om eit muleg opprykk. Ingen hørte noko meir og alle gjekk berre å venta på å få vite Årdal sin skjebne. Men like før Årdal skulle ut i kvalik kom meldingane om at Haugen hadde takka nei til opprykksplassen. Det førte då til at Heia var neste lag på lista. Dei takka også nei, og dermed måtte kretsen sjå vidare ned på lista. Då fann dei Hyen, som direkte takka ja, og dermed blei altså Jølster2 sin motstandar til slutt bestemt.
At ein slik kvalik endar opp med å stå mellom to lag frå samme avdeling er i seg sjølv ganske håplaust. Jølster2 fekk 3. plassen, Hyen 4., det betyr altså at jølstringane er det beste laget og ergo burde ein sendt dei direkte til 5. divisjon. Men heldigvis for Hyen så har paragrafrytterane i SFFK stått på sitt, og dermed har Hyen fått sjansen på 5. divisjon spel som sendt frå dei gode makter....

Hyen har hatt så mange matchballar i haust når det gjelde opprykk, at det mildt sagt ikkje er fortent at ein får ein sjanse til! Med ein gong ein skjønte at seier i neste kamp ville sikre opprykk feila laget. Tap borte mot Vikane, tap heime mot Jølster2 og til slutt tap borte mot Førde4 i serieavsluttninga....
Jølster2 har vært den store Hyen dødaren i årets sesong. Faktisk har Hyen tatt 3 poeng frå samtlege lag foruten jølstringane. Fasiten over 2 kampar mot Jølster2 i årets sesong seier 0 poeng og 5-8. Revansje er bør være eit viktig stikkord for Hyen i denne kampen. Jølstringane imponerte på ingen måte i nokon av kampane, men dei er tydeligvis flinke til å gjere Hyen dårlige....
.JPG-for-web.jpg)
Noko som det sjølvsagt er spenning rundt er kva slags lag Jølster2 vil komme med til Førde. Kjem dei med alt av tilgjengelege 1. lagsspelarar eller vil ein komme med eit oldboys/guttelag!? I seriekampane i år har det vært ei fin blanding, men til denne kampen må ein nok forvente å møte samtlege som ikkje starta forrige kamp for a-laget. Jølster2 har visst om at dei skulle spele denne kampen lenge, og dermed har dei hatt muligheten til å trene deretter. Hyen derimot har kun hatt ei trening etter sesongslutt og det var i tillegg inne i den o`store gymsalen i Hyen. Dessutan minna den treninga meir om "bambi on ice" enn ei fotballtrening ettersom nokon smarte hjerna hadde funne at ein skulle lage salen glatt og fin! Treningsoppmøte
totalt dei to siste vekene kan teljast på ei hand, då seier det seg sjølv at ein er veldig dårleg forbredt til kamp. Uten å trekke altfor mange konklusjonar rundt dette, så seier vell det at ikkje alt er sånn det burde være....
Det positive for Hyen er at A-laget til Jølster kjempa om opprykk til 3. divisjon i år, og dermed stilte dei toppa lag i siste A-kamp. Likevell er det nok av kvalitet i dei frå a-laget som begynte på benken....
