hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Årets viktigaste kamp


Kampen om opprykk tettnar for alvor til, og Hyen spelar fredag sin viktigaste kamp på fleire år. Skal det bli direkte opprykk er kun siger godt nok. Tapar Hyen denne kampen vil ein ligge 5 poeng bak Breim og då er det beste Hyen kan håpe på ein kvalik kamp! Men med siger til heimelaget derimot vil alt sjå veldig lyst ut! Med andre ord: Ein skikkelig 6 poengs kamp i vente!!
Publisert 13. september 2007.

 


                                               VS. 
 
 
 

Hyen er inne i eit veldig tett kampprogram der ein spelar to kampar i veka. Dei to kampane som har blitt spelt den siste veka har gitt forskjellig poengfangst men ein fellesnemnar er der likevell: Hyen har spelt dårleg fotball!

Ein skal sjølvsagt ikkje svartmale ting for kraftig, og uansett er det bra å vinne 3-0 når serieleiaren kjem på besøk. Men når ein har eit stort potensiale må ein være skuffa når ein ikkje klarer å få vist kva ein er god for. Kampen borte mot Vikane var veldig dårlig og 2-1 tapet var fortent. Men dette tapet har nok tent hyarane og truleg er det eit svært revansjelystent heimelag jølstringane skal få møte.




Revansje er tydeligvis eit viktig stikkord for Hyen i denne kampen. Dette skuldast også kampen mellom disse laga på Skei i vår. Den kampen enda med 3-2 til Jølster2, noko som eigentleg var greit nok, men Hyen spelte også då ein dårleg kamp, og i utgangspunktet var det ein kamp ein heilt klar skulle vunne Les meir om den kampen her.

Alt ligg i Hyens hender. Vinn ein dei 3 siste kampane vil ein bli avdelingsmeister og rykke direkte opp til 5. divisjon.
 
Viktigheita av denne kampen kan ikkje poengterast nok. Jølster2 har 19 poeng og er per i dag 1 poeng foran Hyen med ein kamp meir spelt. Dersom dei slår Hyen får dei 22 poeng. Dei skal møte Breim i siste kamp. Og det betyr at Jølster og Breim vil ende opp med enten 25/23, 23/24 eller 22/26 poeng. Det betyr at Hyen ikkje lenger kan få direkte opprykk, men vil uansett kapre kvalik plass med siger i dei to siste.

Skulle Hyen derimot vinne denne kampen vil ein gå forbi Jølster2 og stå med 21 poeng. Då vil kampen Jølster2 - Breim avgjere kor mange fleire poeng Hyen treng for å rykke opp. Det betyr at alle forutsetningar er klare når Hyen skal spele sin siste kamp borte mot Førde4. Målforskjell kan faktisk bli det som avgjer det heile til slutt. Hyen ligg dårlegare ann her enn motstandarane, så dette er noko ein bør fokusere på å forbetre i dei siste kampane.



Noko som det sjølvsagt er spenning rundt er kva slags lag Jølster2 vil komme med til Hyen. Kjem dei med alt av tilgjengelege 1. lagsspelarar eller vil ein komme med eit oldboys/guttelag!? I fjor var det siste tilfelle, og då vann Hyen enkelt 4-1. Då Jølster2 kom til Hyen gongen før det enda det med 7-3 til heimelaget, så ingen tvil om at ein har godt tak på jølstringane heime på grusen.

Det positive for Hyen er at A-laget til Jølster kjempar om opprykk til 3. divisjon, og dei spelar ein vanskeleg bortekamp mot Lærdal søndag 16. september. Rykte frå Jølsterleiren fortell at trenar til A-laget ikkje vil frigi spelarar til B-kampen ettersom A-laget har trening på same tid. Derfor er det svært lite sannsynlig at Jølster2 kjem med veldig mange 1. lagsspelarar. Er logisk at dei ikkje vil risikere noko ved å la innbytterane til A-laget slite seg ut i Hyen 2 dagar før viktig kamp.



Hyen har som kjent slete borte på grasbaner i år, og er nok ingen tvil om at Hyen likar seg langt betre heime på grusen til tross for at det er ei dårleg bane som ikkje innbyr til finspel. Dette har sjølvsagt sammenheng med at motstandarlaga likar seg svært dårleg i Hyen.

Vêrmeldingane i Hyen på fredag ser alt anna enn bra ut. Det går mot eit skikkelig bikkje vêr med kraftig regn og 9°C. Hausten er her!!!

Når det gjeld laget til Hyen så er Hans Otto Holme ute, medan Øyvind Magnus Solheim, Jens Robert Hope og Ola Alexander Lilloe-Olsen er tilbake sidan sist. Det betyr ein tropp på 15 spelarar. Er 4 spelarbytte og heile 7 endringar sidan Vikane kampen. Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):
Øyvind Magnus Solheim; Håkon Solheim, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Marius Hallem, Anders Klungre, Geir Sigurd Vatnamo, Åsmund Ommedal, Karl Erik Utheim; Jens Robert Hope.

Benken: Anders Ommedal, Roger Nordal, Andreas Morken Kvalheim og Karl Erik Holme.


Dommar i kampen er ringreven Ingemund Sægrov frå STIL. Han er mest vant til å dømme Hyen når det er showkamp, linjedommarar og 300 tilskodarar! Kampen er vell uansett i trygge hender.

Elles blir det kiosk med både vaffler og kaffi, og vi håpar at Hyarane møter opp for å få med seg bygdas stoltheit i sesongens viktigaste kamp!

Neste kamp/heimekamp for Hyen er allereie tirsdag 18. september, då Eikefjord2 kjem til Hyen. Kampstart då er 18:00.

 


Neste kamp:
14. september 18:30
Hyen - Jølster2

Siste kamp:
11. september 18:30
Vikane - Hyen 2-1